Demens-Biden skuldar Russland for folkemord, Pentagon er ueinig

«Ikkje det vi ser» – amerikansk etterretning nektar for Biden sine påstandar om «folkemord»

Av «Tyler Durden», ZeroHedge, 16.april 2022. Omsett av saksyndig.

Tidlegare denne veka såg president Biden ut til å vandre vekk frå manus midt i sin «skuld på Putin, ikkje på vår idiotiske politikk, for kollapsen i dykkar levekostnader»-tale, då han kom med f-ordet:

«Dykkar familiebudsjett, dykkar evne til å fylle tanken, ingenting av det burde stå og falle på at ein diktator erklærer krig og utfører folkemord ei halv verd unna.»

Medan verda venta på at tilsette i Det kvite hus skulle gjere ei kjapp korrigering av nok ei Biden-tabbe, forsvarte Biden seg sjølv:

«Ja, eg kalla det folkemord. Fordi det har blitt meir og meir tydeleg at Putin berre prøver å utslette ideen av å vere i stand til å vere ukrainar.»

Kommentarane førde til reaksjonar rundt om i diplomati-verda.

Den franske presidenten Emmanuel Macron var det som snakka høgast, ved å nekte å støtte Biden sin påstand at Russland utfører «folkemord» i Ukraina. Den franske leiaren åtvara i staden at ei retorikk-eskalering ikkje vil føre til krig.

På same dag som Biden skulda Russland for folkemord, publiserte Newsweek ein artikkel der dei siterte ein topp-tenestemann frå Pentagon sin Defense Intelligence Agency, som sa at dei sivile tapa i Ukraina er typisk for moderne krigføring, og «knapt nok» tilsvarer folkemord.

Etterretningstenestemannen sa «Eg orsakar ikkje eit sekund Russland sine krigsbrotsverk, ei heller gløymer eg at Russland invaderte landet. Men talet faktiske dødsfall er knapt folkemord. Dersom Russland hadde det som mål, eller drap sivile med overlegg, ville vi ha sett langt meir enn mindre enn 0,1 prosent i stader som Bucha,» understrekte tenestemannen.

Som forventa responderte talspersonen frå Kreml, Dmitry Peskov, ifølgje Reuters, der han la vekt på hykleriet til ei amerikansk militærmaskin som har utført «velkjende brotsverk» i fortida.

«Dette er knapt nok akseptabelt frå ein president i USA, eit land som har utført velkjende brotsverk i nyare tider,» skildra Peskov.

Alt dette fører oss til helga og ein heller sjokkerande rapport frå ingen ringare enn hovudstraumsmediakanalen NBC News.

NBC News rapporterte fredag [13.april 2022; oms.an.], at høgtrangerande regjeringstilsette seier at president Bidens påstandar om at Moskva utførde «folkemord» i Ukraina, har skapt bekymringar blant tenestefolk i Det kvite hus og har ikkje blitt bekrefta av amerikanske etterretningsbyrå.

Påstanden om folkemord «har so langt ikkje blitt bevist av informasjon samla av amerikanske etterretningsbyrå,» sa rapporten.

For å gjere vondt verre, siterte NBC to tilsette i State Department, som sa at Bidens kommentarar «gjorde det meir vanskeleg for byrået å gjere jobben sin på ein truverdig måte».

«Folkemord inkluderer eit mål om å øydeleggje ei etnisk gruppe eller nasjon, og so langt er det ikkje det vi ser,» sa ein etterretningstenestemann.

NBC kom derimot med dekning i eit seinare avsnitt, der dei påstod at der er bekymring innan etterretningssamfunnet at Russlands handlingar i den neste fasen av krigen kan utgjere folkemord, og ein tenestemann sa at den vurderinga kan ha bidrege til at Biden tok eit offentleg standpunkt som ligg føre det til hans eiga regjering.

Det som kanskje er endå meir sjokkerande er det faktum at det er NBC News som rapporterer dette – og det ser ikkje bra ut for ein president som lit betydeleg på hovudstraumsmedia for å rydde opp i rotet han lagar med villeiing og minnehòl.

I tilfelle du lurte, er den offisielle meldinga frå Det kvite hus like kort som den er komisk:

«Desse er ikkje tabbar,» sa ein person i nær tilknyting til Det kvite hus. «Han gjer definitivt dette med vilje.»

I det verda listar seg mot Tredje verdskrig, skulle det roe oss ned?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s