Shanghai går til helvete: Covid-nedstenging utløyser unntakstilstand, arrestasjonar og sjølvmord

Av Ethan Huff, Natural News, 17.april 2022. Omsett av saksyndig.

Det verkar som eit massemord på befolkninga for tida finn stad i Shanghai, ettersom regjeringstenestefolk svelt innbyggjarar til døde for å «beskytte» dei mot den siste varianten av Wuhan-koronaviruset (Covid-19).

Rapportar strøymer inn som skildrar troppar og stridsvogner på gatene, folk som skrik i skrekk, menneske som hoppar ut av vindauge for å ta livet av seg, og bønder som blir arresterte. Og Big Tech-plattformer som Weibo sensurerer videoar og biletbevis av all denne skrekken og grua.

I denne videoen kan ein sjå og høyre forpinte innbyggjarar skrike om korleis Xi Jinping sine siste nedstengingstiltak får menneske til å svelte, sidan dei er ute av stand til å forlate heimane sine for å kjøpe matvarer.

«Vi svelt i hel!» kan ein høyre nokre av dei skrike. «Vi har ikkje ete på svært lenge. Vi svelt verkeleg i hel!»

Fram til ganske nyleg hadde Kina, som resten av verda, kome seg forbi plandemien. BA.2-undervarianten av omikron-varianten viste seg å vere falsk alarm, og livet hadde gått vidare for folk flest.

Då, ut av ingenting, slo det kinesiske kommunistpartiet (CCP) med storslegga og stengde ned 26 millionar menneske i Shanghai på grunn av omikron, og stranda millionvis utan mat og næring. No er Shanghai nær ved å kollapse på grunn av desse totalitære tiltaka.

Xi Jinping laga personleg «null-Covid»-retningslinja for massemord på befolkninga

På grunn av den påståtte smitterisikoen til omikron, bestemte den kinesiske regjeringa at innbyggjarar i området måtte sperrast inne i sine eigne heimar med ingen utveg, og ingen tilgang til mat.

Dette ekstreme tyranniet er tydelegvis naudsynt for å stoppe spreiinga av BA.2 og flate ut kurven, som dei held fram med å fortelje oss at vil «redde liv». I mellomtida viser videoar kinesarar hoppe ut av vindauge og hengje seg sjølve som respons på desse «helse»-tiltaka.

«Dette handlar ikkje om vitskap, men parti-kontroll for å halde Xi ved makta,» rapporterte Strange Sounds. «Hald støvelen på halsen til folket og dei vil vere takksame for smular.»

Miles Guo, ein kinesisk milliardær i eksil som påstår å vere på innsida av Xi sin sirkel, la ut ein video der han forklarer korleis Kina sin «null-Covid»-retningslinje vart personleg laga av Xi som ein måte å svelte og gjere massane «audmjuke», og gjere dei avhengige av CCP for å overleve.

«CCP viglar opp til hat mot det kinesiske folket rundt om i verda,» forklarte han.

Ifølgje kjeldene hans gjev CCP ordre til Shanghai, Guangzhou, Shenzhen, Zhengzhou og Changchun om å førebu seg for dødsfalla til eit av 5000 menneske, eller eit av 2500 menneske.

Dei som blir tekne i å levere mat i Shanghai blir visstnok arresterte, og tenestefolk i 21 ulike byar i heile landet blir truga med å bli fjerna frå embetet om dei på nokon måte bryt dekreta som kjem frå CCP.

I det krigen i Ukraina verkar å «roe seg ned», ifølgje rapportar, går CCP og antakeleg andre regjeringar tilbake til Fauci-influensaen [Covid-19] for å nok ein gong prøve å innføre fascisme. Vil folk finne seg i det denne andre gongen?

«Denne ekstreme nedstenginga i Kina handlar ikkje om noko anna enn å svelte i hel sitt eige folk,» åtvara Strange Sounds. «Alt overalt har den same undertonen – å bli kvitt menneske. Eg ber for Kina og for verda.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s