Ein stressa sjukepleiars mentale utfordringar (jøye meg!)

Vår stressa, sinnssjukt pissetrengte sjukepleiar Susann kavar over flate golvet gjennom avdelingane og ned trappene til fyrste etasje. Der er tilhaldsstaden til den folkestygge administrasjonen, og der blant andre den nifse einingsleiaren har sitt kontor. Susann sin sjef, avdelingsleiar, møter ho nede i vestibylen med eit fullstendig uttrykkslaust ansikt. Ein representant frå fagforeininga til Susann er der òg, og når tillitsvalde dukkar opp på sjukeheimen, er det for å bistå medlemmene i personalsaker. Dette lover ikkje godt for Susann.

På møtet informerer einingsleiar med gravrøyst at dei har gjort vedtak om å trekkje tilbake Susann sin rett til å bruke eigenmeldingar, både for seg sjølv og for dei tre barna sine. Arbeidsgjevar mistenkjer nemleg at Susann misbruker eigenmeldingsordninga i denne IA-bedrifta, og kostar sjukeheimen «svimlande summar» på grunn av fråvær i tide og utide. Den heseblesande dama rautar eit høgt «hæææ?!» og vrir og strekkjer den digre kroppen sin medan kjakane blir raudare og raudare.

Den tillitsvalde lurer på om arbeidsgjevar har dokumentasjon på at Susann misbruker eigenmeldingsordninga. Susanns sjef kjem då med vitnemål om at ho har sett Susann frisk og rask på eit av handlesentera i bydelen same dag som ho ringde og sa at ho ikkje kom på jobb fordi ho kjende seg «pjusk». Ved eit anna høve hadde sjefen hennar observert Susann på leikeland med sine tre barn og dåverande kjærast, når ho få timar tidlegare hadde ringt og fortalt at barna hadde fått magevirus med oppkast og diaré. Ved eit tredje høve hadde både sjefen og einingsleiar sett at Susann hadde lagt ut på Facebook eit bilete av seg og nok ein kjærast på bowling, når Susann hadde ringt seg sjuk på grunn av «kink i ryggen». Og dette er berre dei tre tilfella sjefen hennar kan kome på i farten. Dei har i all beskjedenheit ei temmeleg stor mappe med Susann sine fråværstilfelle. Ho har faktisk mest fråvær av alle i personalgruppa. Meir enn dobbelt so mykje som neste person på lista, og denne tilårskomne dama har til og med kreft!

Den tillitsvalde lener seg forbløffa tilbake i stolen. Arbeidsgjevar har mildt sagt sitt på det tørre!

Einingsleiar informerer at retten til eigenmelding er tilbaketrekt i seks månader, og at framtidig fråvær må dokumenterast med sjukemelding og legeattest. Alt fråvær som ikkje kan dokumenterast på den måten, vil føre til trekk i lønn, jamfør dei interne retningslinjene på arbeidsstaden. Susann, gråtkvelt og sønderknust, kan ingenting anna enn å godta denne for ho urimelege avgjerda.

Sjefen til Susann seier med falsk empati til ho at Susann for all del må ta kontakt om ho føler for å prate. Den same dama som nettopp tysta på Susann og fekk ho til å hamne i unåde hjå arbeidsgjevar. Sjølv luffar den frodige dama opp trappa til avdelinga, so pissetrengt at ho held på å gå i lufta. Helsefagarbeidaren ho er på jobb med, gjev ho tilbake vakttelefonen, som byrjar å ringje so fort den hamnar i lomma på den blå uniforma. Susann må igjen springe rundt som ei piska sjøku, og no kan ho ikkje skofte jobben når ho føler for det lenger!

Ikkje berre er ho nekta eigenmelding – ho har ingen slave som kan passe ungane hennar heller! 31-årige Susann har vore singel ganske lenge no, og lengtar so mykje etter kuk at ho her forleden gav seg hen til ei middagspølse. No glitrar det to sølvsmykke rundt halsen hennar; både det lett slitne som ho har gått med i ein mannsalder, og eit nytt litt strammare eit. Ho er ti kilo tyngre enn i fjor på same tid. Sjokoladane er slukte nærast før ho har teke av papiret. Med tre hyperaktive, overtrøytte ungar springande, sprettande og skrikande rundt seg til alle døgerets tider, får denne menneskelege kvalrossen ikkje noko som liknar på fred, skikkeleg søvn og Lebensraum. Berre eit mirakel eller ein desperat mann kan redde ho no!

Blæra hennar skvulpar av urin som truleg har vore der i eit år. Livet hennar er so kaotisk at ho aldri får tid til å tømme blæra. Med eiter og galle fossande ut av den stygge, store kjeften sin, går ho ned på kne og tømmer urinposen til ein eldre herre inne på det vesle, kommunale sjukeheimsbadet. Mannen ser på ho med skremde auge og krympar seg. Susann leverer ein hattale av ei anna verd medan ho dusjar ei 95 år gammal dame. Ifølgje sjukepleiaren burde alle menn kastrerast med sløve, rustne knivar. Den gamle dama trur knapt sine eigne øyre, og ho er temmeleg tunghøyrt. Under eit ærend inne på skjerma avdeling oppfører Susann seg so krakilsk og kolerisk at ein av bebuarane ber ho roe seg ned.

Susann blir på nytt kalla inn på teppet til einingsleiar. Avdelingsleiar og den fagforeiningstillitsvalde er med ho òg. Einingsleiar informerer om at Susanns åtferd på jobb er både uprofesjonell og «utilbørleg». «Utilbørleg» er arbeidsgjevars måte å seie at ein tilsett oppfører seg som eit rævhòl. Om ikkje åtferda til Susann endrar seg dramatisk, vil arbeidsgjevar vurdere disiplinærstraffer. Den tillitsvalde minner då om arbeidsgjevars omsorgsplikt, som er plikta til å ivareta dei tilsette. Ho kjem med eit forslag om at Susann kan gå til psykolog, ettersom den stakkars single trebarnsmora tydelegvis ikkje har det so greitt for tida. Då eksploderer Susann i eit frodande hav av sinne. Ho er aldeles ikkje «føkka i topplòket» slik dette halvgamle fruentimmeret antydar! Ho har aldri høyrt på maken til svada og bullshit. Einingsleiar, like roleg og uanfekta, gjev Susann ordre om å ordne seg time til fastlege for henvisning til psykiatrien. Om Susann ikkje går med på å gå til psykolog, vil einingsleiar gje ho ein skriftleg advarsel for ordrenekt.

Æveleg slitne og pissetrengte Susann skaffar seg hastetime hjå legen fyrste moglege vyrkedag etter personalsamtalen. Etter å ha høyrt på ho gaule og pistre på innpust og utpust kor jævlig ho har det, ordnar han henvisning til DPS – Distriktspsykiatrien. Susann blir sjukemeldt i ti dagar og får ein pause frå jobben – men diverre ikkje frå barna! Ho kunne gjerne ha trunge litt avlastning, men alle dei tre fedrane har diverre fått besøksforbod då ho i affekt (og på grunn av bagatellar) pussa politi, juristar og barnevern på dei éin etter ein. Foreldra hennar har «tilfeldigvis» reist på utanlandsferie og blir vekke på ubestemt tid. Ho er mutters åleine i eit helvete ho sjølv – og ingen andre – har skapt. Ein kort, stressa sprut og ein jævla høg brakfis er alt ho rekk på do før ho må styrte naken ut av badet og hindre eldstedottera å stikke ein gaffel inn i stikkontakten.

DPS-psykologen lyttar til Susanns egosentriske, langdryge klagesong. Ho får ny time so raskt som dagen etter, denne gongen i møte med ein spesialistpsykolog. Susann får ein tredje time veka etter. Då sit der faktisk ein heil gjeng med psykologar og noterer so blekket sprutar. Ho føler seg som om ho er på audition framfor eit dommarpanel. Etter hennar laaaaange einetale, forlét dei lærde herrane og fruene rommet og snakkar saman vel og lenge i naborommet. Etterpå kjem dei temmeleg nervøse og lett smilande tilbake igjen til kontoret. Ein av dei ser etter næraste rømmingsveg, som om han forventar å måtte flykte.

Spesialistpsykologen, som òg er leiaren av denne lokale DPS-stasjonen, seier at dei vurderer Susann som svært sjuk, og at ho helst burde gå med på eit opphald på psykiatrisk sjukehus for vidare evaluering. Burde dama i det heile teke ha forsørgjaransvaret for tre born? Ho burde knapt nok få lov til å køyre bil, meiner ein av dei. Og dei finn det særs bekymringsfullt at Susann jobbar med menneske. Helst burde ho ikkje ha kontakt med menneske i det heile. Kanskje dei rett og slett berre burde låse ho inne i ein bunkers og kaste nøkkelen.

Susann får følgjande diagnosar: Narsissistisk personlegdomsforstyrring, histrionisk personlegdomsforstyrring, bipolar liding type 1 og (med ein viss fagleg tvil i kollegiet) dyssosial personlegdomsforstyrring. Den 31 år gamle sjukepleiaren og single trebarnsmora er ein sjukleg sjølvoppteken, manisk-depressiv drama queen-psykopat!

Susann piler som ei feit, pissetrengt lita rotte til fastlegen når sjukemeldinga nærmar seg slutten. Til hennar store, rautande sjokk nektar han å forlenge sjukemeldinga hennar. Motviljen hans verkar for ho uforklarleg, men alt tydar på at han ikkje reknar vidare sjukefråvær som løysinga på problemet. Ho må slukøyra vende tilbake til sin stressande, hektiske, kaotiske jobb der ho ikkje får eit sekund fred frå bebuarar, personale og ei stadig meir vondsinna leiing. Ein kort, stressa sprut frå den æveleg sprengfulle blæra er alt ho rekk før telefonen ringjer so den nesten hoppar ut av lomma på den blå uniforma. Dei to sølvsmykka glitrar i det grelle kommunelyset i det ho kavar i veg over flate golvet til nok eit kateteriseringsoppdrag. Helsefagarbeidarane er jo for dumme til å bli betrudd slik ei oppgåve, har sjukepleiarane aggressivt bestemt seg i mellom!

Og slik går no dagane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s