Martin Jacques: Det at India distanserer seg frå USA når det gjeld Ukraina-krisa, har djupare implikasjonar

Av Martin Jacques, 16.april 2022. Henta frå Transnational.Live. Omsett av saksyndig.

Det ein overveldande går utifrå i Vesten er at verda, med få unntak, er sterkt imot Russlands militære handlingar i Ukraina. Vesten sjølv, inkludert det store fleirtalet i Europa, verkar å utgjere éi stemme i si fordømming. Men verda over er biletet heller meir komplisert.

I FNs generalforsamling 3.mars, medan 141 land fordømte Russlands invasjon og bad om umiddelbar tilbaketrekking, var 35 land avhaldande og fem stemte mot. I den nylege røystinga om å ekskludere Russland frå FNs menneskerettsråd, stemte 93 land i favør, 58 var avhaldande og 24 var mot.

Medan der er tydeleg uvisse i fleire land om Russland sine handlingar, er det òg utbreitt bekymring om ståstaden til USA. Det mest interessante, og potensielt langt på veg det mest betydelege tilfellet, er India. Med tanke på India si forflytning vestover i løpet av dei siste 20+ åra, kunne ein ha forventa at India hadde støtta USA sterkt.

Men dei har snarare tvert imot vore ein hovudkritikar av USA si rolle medan dei heldt seg støttande til Russland. I hovudrøystingane i FN har dei vore konsistent avhaldande. Ettersom Kina og India åleine seg imellom representerer 38% av den globale befolkninga, føreslår dette at regjeringar som utgjer rundt halve verdas befolkning er djupt urolege for USA sin posisjon.

Grunnen er todelt. For det fyrste avviser fleire utviklingsland, inkludert India, ideen at eit land, i dette tilfellet Ukraina, står fritt til å gjere kva enn det vil sjølv om det trygar tryggleiken til eit anna land, i dette tilfellet Russland. For det andre er det å bruke sanksjonar som våpen i ei ny form for krigføring, i det vide og det breie sett på som ei særs negativ utvikling.

USA har teke til seg retten, basert på lausast mogleg ordformulering, å handle på ein vilkårleg måte mot kvart eit land som dei vurderer som å framleis handle med Russland. Den overstyrande prioriteten til utviklingsland, derimot, er retten til å handle og mottak investeringar frå kor enn dei måtte kome frå.

Den amerikanske tilnærminga til sanksjonar trugar denne fridommen. Det er slåande at det store fleirtalet av utviklingsland har nekta å innføre sanksjonar mot Russland. I Asia har berre Japan, Sør-Korea og Singapore blitt einige om å innføre dei.

India sitt forhold til Russland går tilbake til 1950-talet. Dei ser på Russland som ein svært viktig økonomisk partner, hovudforsynaren til hærane deira, og ein årelang venn. Trass tung lobbyverksemd av USA, og andre slik som Storbritannia, har India nekta å støtte USA sin posisjon når det gjeld Russland. Vil dette vise seg å vere ei isolert hending, eller kan det signalisere eit større vendepunkt i India si haldning mot USA?

Allereie har det vore eit markert skifte i indisk diskurs rundt denne utanlandspolitikken, der mange spør kor vidt India har blitt for nære til USA og om dei skulle vende tilbake til sin meir tradisjonelle ståstad av nøytralitet. Den mest dramatiske illustrasjonen på denne forflytninga vestover, har vore medlemskapet deira i Quad, saman med USA, Japan og Australia, sjølv om dei har takka nei til å ta del i deira skip-patruljar.

India er allereie verdas tredje største økonomi. Forskning av Standard Chartered spådde at på 2030-talet, vil India sannsynlegvis gå forbi USA og bli den nest største. India si framtidige viktigheit i verda, vil eg argumentere for, har blitt alvorleg neglisjert i Kina.

Innan 2050, om ikkje enno tidlegare, vil det bli meir enn tydeleg at Kina sitt forhold til India er eit av deira viktigaste, kanskje det viktigaste av alt. Uheldigvis, heilt sidan grensekonflikten i 1962-samanstøytet, har dei to landa opplevd eit uroleg og trøblete forhold. Der finst mange grunnar til det, inkludert den store kulturelle distansen mellom dei, slik at dei opplever det som vanskeleg å forstå kvarandre.

Utan tvil er det mest splittande problemet den langvarige grensedisputten mellom dei to landa. Sjølv om Kina berre vier avgrensa merksemd til temaet, har India vore besett av det heilt sidan dei fekk seg ein på trynet i 1962-samanstøytet.

Dersom dei to landa kan finne ein måte å kjøle ned dei noverande spenningane, eller endå betre, finne ein måte å oppnå ein endeleg avtale, då kan det desidert største hinderet til eit mykje nærare forhold mellom dei to landa bli fjerna. Dette burde vere ein stor strategisk prioritet for det kinesiske leiarskapet.

Å ta eit globalt, snarare enn eit sneversynt europeisk eller vestleg syn av Ukraina-krigen gjev ein eit svært annleis perspektiv.

Utviklingslanda, heim til det store fleirtalet av verdas befolkning, har eit klart annleis syn på det enn ein har i Europa. Dei er like mykje, om ikkje meir, bekymra for USA sin respons enn for Russland sine handlingar.

Mykje merksemd har blitt gjeve til det faktum at krigen har bragt USA og Europa mykje nærare kvarandre, men altfor lite merksemd har blitt gjeve til Inda sin veksande avstand frå USA og kva dette kan tyde for framtida. Ein kan til og med tenkje seg at dette kan føre til avgrensa former for samarbeid mellom Kina, India og Russland.

4 comments

  1. […] Medan der er tydeleg uvisse i fleire land om Russland sine handlingar, er det òg utbreitt bekymring om ståstaden til USA. Det mest interessante, og potensielt langt på veg det mest betydelege tilfellet, er India. Med tanke på India si forflytning vestover i løpet av dei siste 20+ åra, kunne ein ha forventa at India hadde støtta USA sterkt.____________________________________________________Innlegget er hentet fra Saksyndig____________________________________________________ […]

    Likar

  2. […] Medan der er tydeleg uvisse i fleire land om Russland sine handlingar, er det òg utbreitt bekymring om ståstaden til USA. Det mest interessante, og potensielt langt på veg det mest betydelege tilfellet, er India. Med tanke på India si forflytning vestover i løpet av dei siste 20+ åra, kunne ein ha forventa at India hadde støtta USA sterkt.____________________________________________________Innlegget er hentet fra Saksyndig____________________________________________________ […]

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s