Heller åleine og i live enn del av den dødsdømte flokken: Vaksineskeptikarar er dei sanne kritiske tenkjarane

Vi overvann dei mest sofistikerte formene for manipulasjon.

Av Igor Chudov. Henta frå hans Substack-konto. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Richard Thaller er ein briljant åtferdsøkonom, Nobelpris-vinnar, og ein stor bidragsytar til «Nudge-teorien», som gav næring til den berykta britiske «Nugde Unit». Arbeidet hans om menneskeleg avgjerdstaking og kognitiv partiskheit var banebrytande og hjelpte, delvis, regjeringar over heile verda med å hypnotisere dei fleste til å ta «Covid-vaksinar».

Richard Thaller underviste rundt 1999 òg mitt favorittfag «Avgjerdstaking». Han var min favorittprofessor ved University of Chicago, der eg var ein MBA-student. Han lærte oss mykje om eksisterande måtar å kapre vår avgjerdstaking og korleis motstandarane våre bruker våre undermevitne partiskheiter for å få oss til å ta feil avgjerder – i tillegg til korleis vi kan bruke desse manipulasjonane til vår eigen fordel i forretningar.

Det eg lærte i det faget hjelpte meg gjennom heile livet, påverka mange investerings- og forretningsavgjerder, hjelpte meg konverterte prospekt til betalande kundar, unngå fleire aksjemarknadskrasj og mykje meir. Dette same avgjerdstakingsfaget redda kanskje livet mitt, fordi det gjorde meg i stand til å gjenkjenne og motstå Covid-vaksinepropaganda og manipulasjon. Professor Thaler enda opp på feil side av historia ved å støtte Covid-vaksinepropaganda og Nudge-unit-ane, men undervisninga hans gjorde meg i stand til å gjenkjenne manipulasjon og motstå det.

Å tenkje på det fekk meg til å setje pris på folk som aldri tok slike fag, som ofte ikkje hadde formell utdanning og likevel gjorde det rette valet på instinkt. Desse folka, der mange av dei er lesarane mine, er beundringsverdige, om for ingen annan grunn enn framrakande uavhengigheit når det gjeld tenking og eit klart sinn i ein svært forvirrande, farleg og raskt endrande situasjon.

Mine framtidige postar vil gå gjennom ulike psykologiske manipulasjonskonsept og korleis dei vart anvendte, av tvilsame aktørar og kjøpte og betalte regjeringar, og korleis dei påverkar kvar og ein av oss.

Asch-eksperimentet

«Alle ekspertar er einige om at vaksinen er trygg og effektiv.»

Dette var nok til å få folk flest til å ta vaksinen. Bortsett frå at kven som helst kunne spørje to spørsmål:

  • Korleis kan eg vete at alle ekspertar er einige, dersom dei som er ueinige ikkje for ytre seg?
  • Korleis kan nokon vete at «Covid-vaksine» er trygg og effektiv, når ikkje nok tid har gått til å forvisse seg om det?

Endeleg kunne nokon med berre lite grann kunnskap òg stille eit spørsmål, «er de sikre på at dette er trygt og effektivt, viss ingen koronavaksine nokosinne fungerte, og ingen mRNA-produkt nokosinne vart godkjent?».

Asch-eksperimentet, utført av Solomon Asch, oppdaga at dei fleste, når dei ser ein «konsensus» av deltakarar som seier seg einige om noko som temmeleg openbert er uriktig, faktisk endar opp med å seie seg einige med desse uriktige meiningane berre fordi alle andre ser ut til å meine det.

Eksperimentet vart opphavleg gjennomført med åtte personar, der berre éin av dei var eit eksperiment-subjekt, og resten var skodespelarar. Desse medsamansvorne, som subjektet trudde var andre subjekt, vart alle stilt det same spørsmålet, som dei gav eit openbert feil svar på. Subjektet, som ikkje visste at han var det einaste ekte subjektet, skulle snakke ut sist.

Det viste seg at subjekta i dette eksperimentet (det vart gjenteke fleire gonger), då han såg konsensus blant sju velkledde menn, enda opp med å gje det same (openbert uriktige) svaret som dei medsamansvorne. Dette konformitetseksperimentet var ein klok måte å få folk til å ta til seg og uttrykkje openbert feilaktige meiningar.

Dette eksperimentet vart gjenteke mange gonger, og i dei dyktigast utførte eksperimenta fekk dei 62,5% av subjekta til å seie seg einige med openbert nonsens minst éin gong.

Merkeleg nok, var vaksinasjonsgraden i USA 1.september, rett før dei føderale vaksinemandata starta, 62,3%. Vaksinasjonen gjekk tom for luft, akkurat i det Delta viste av vaksinane ikkje eigentleg var «effektive».

Det var på denne tida, 2.september, at Richard Thaler konkluderte at «a nudge [forsiktig dytt; oms.an.] is not enough».

Då dei såg ei oppstopping og eit fall i tillit, innsåg vaksinatørane at dei måtte gjere meir enn berre manipulasjon med falske «ekspert-meiningar». Vaksinemandat og hatpropaganda planta «nudges» for å drive vaksinasjonen vidare. Det vil bli diskutert i andre innlegg.

Vi levde bokstavleg tala gjennom eit verdsomspennande Asch-eksperiment. Kvar avis, TV-stasjon, kvar YouTube-anbefalte video, dreiv og fortalde oss at vaksinen var «trygg og effektiv» og korleis «alle ekspertar var einige». Vi vart konstant tvangsfôra med desse «ekspert-meiningane» utan stopp.

Enorm innsats vart lagt ned for å stilne «feilinformasjon». Kvifor? Fordi Solomon Asch fann ut at kvart eit uttrykk for ueinigheit – mangel på konsensus – umiddelbart drep lydigheit:

Tilstadevering av ein sann partner: Asch oppdaga at tilstadeveringa av ein «sann partner» (ein «ekte» deltakar eller ein annan skodespelar som var instruert til å gje det korrekte svaret på kvart spørsmål) minska konformitet. I studiar som hadde ein skodespelar som gav korrekte svar på spørsmåla, heldt berre 5% av deltakarane fram med å svare saman med fleirtalet. I påfølgjande intervju, hevda subjekta ei grad av «varme» og «nærleik» til partneren, og tilla ein auke i tillit til deira tilstadevering. Likevel nekta subjekta for ideen om at det var partneren som lét dei svare uavhengig.

Når det gjeld mRNA-«Covid-vaksinar»: alle som ville tenkje eit minutt, ville innsjå at der fanst ingen måte å vete sikkert at vaksinar var trygge og effektive, rett og slett fordi nok tid ikkje hadde gått. På same måte, kunne alle sjå at meisterhjernane bak nedstengingane og vaksinasjonane, milliardærane bak sceneteppet, og dei korrupte regjeringane, alle sikra dei at kvar form for dissens ville bli stilna. Altso eksisterte ikkje den påståtte konsensusen i det heile.

Mindretalet av folk såg gjennom det, tok avgjerder deretter, og nekta vaksinasjon. Kven var det? De, mine lesarar. Kva fekk deg til å ta dette valet? Eg er sikker på at der var like mange grunnar som det var folk. Hovudfaktoren er at de alle tok nokre minutt til å tenkje kritisk om det. Du hadde eit uavhengig sinn og bestemte deg for å tenkje sjølv.

  • Var det din generelle mistillit til staten/regjeringa?
  • Var det din omfattande kunnskap om virologi og molekylær biologi?
  • Var det di erfaring med forretningsmetodar, eksponering for svindel og kunnskap om korleis svindlarar opererer?
  • Var det evna di til å tenkje uavhengig utan behov for at folk var einige med deg?

Sjølv dei som tok sprøyta og såg lyset seinare, er kritiske tenkjarar. Det som er viktig er å sjå lyset – ikkje naudsynlegvis timinga av når du såg lyset.

Til dei som overlevde Det globale Asch-eksperimentet, gratulerer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s