Karantenesenter for Covid-«positive» i Shanghai: Ingen tilgang til dusj, og lyset står på døgnet rundt

Shanghai sine masse-«karantene»(konsentrasjons)-leirar har ingen dusjar; lyset står på døgnet rundt

Av Ethan Huff, Natural News, 19.april 2022. Omsett av saksyndig.

Som om den uhyrlege situasjonen i Shanghai under den mest nylege Wuhan-koronavirus (Covid-19)-nedstenginga ikkje var ille nok, har vi no fått nyss om at regjeringa der borte har sett opp store «karantene»-senter som liknar på konsentrasjonsleirar.

Ifølgje rapportar lèt Shanghai sitt masse-karantenesenter i byens messesenter lyset stå på døgnet rundt. Dei har heller ingen dusjar, sjølv om fangane er forventa å vere der rundt ein månad.

Ein 30 år gammal ukrainar med namnet Jane Polubotko som testa «positivt» for den siste varianten (BA.2) av omikron-varianten av Fauci-influensaen [Covid-19; oms.an.] vart tvinga til å vere der, og ho fortalde at ho aldri såg mørke heile opphaldet.

Ho og tusenvis av framande vart innesperra i eit stort rom, som er laga til i eit kontorlandskap-format med dungar av madrassar der fangane søv. Miljøet fekk Polubotko til å føle seg som ein «Covid-kriminell», fortalde ho The Wall Street Journal.

Polubotko tilbrakte gjekk udusja 18 dagar på rad på grunn av innesperringa. Det fyrste ho gjorde då ho kom heim var, naturlegvis, å ta ein lang, varm dusj – i tillegg til å skru av lyset for å sove.

«Å høyre ingenting anna enn stillheit og vere i stand til å justere mitt eige lys,» sa Polubotko om si oppleving då ho kom heim. «Eg kjem ikkje til å ta desse tinga for gjevne igjen.»

Planlegg Kina å nok ein gong eksportere denne nye runden med tyranni til Vesten?

Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) kallar desse karantene-fasilitetane og andre liknande for «fangcang» eller square cabin [«firkanta hytte»; oms.an.]. Det er eit slags provisorisk sjukehus som visstnok handterer «tilfelle» for å hindre meir «overføring av smitte».

Hald i sinne at som det store fleirtalet av andre menneske som testar positivt for Wuhan-sjukdommen [Covid-19; oms.an.], vart Polubotko faktisk aldri sjuk. Likevel vart ho halden innesperra i bygget i nesten tre veker mot sin vilje.

Medan CCP ikkje likar å offentleggjere denne typen data, er det estimert at på noverande tidspunkt er rundt 270 000 slike som Polubotko under «medisinsk observasjon» i heile Kina.

«Shanghai har bygt meir enn 100 provisoriske sjukehus med ein samla kapasitet på meir enn 160 000 senger for Covid-positive individ med milde eller ingen symptom, ifølgje statlege media,» rapporterte the Journal.

«Byen hadde 7776 innlagte og meir enn 220 000 under medisinsk observasjon, rapporterte China Daily torsdag [14.april 2022; oms.an.].»

Akkurat no er Covid so å seie over i Vesten – og det har det vore dei siste månadene (eller dei siste to åra, som enkelte vil hevde). Dette er ein av grunnane til at situasjonen i Shanghai er so avvikande og urovekkjande.

Om ein hugsar tilbake til tidleg 2020, byrja mykje av ståheien rundt den fyrste runden av plandemien i Kina, for deretter å renne sin veg til Vesten. Dersom historie er ein indikator, kan dette vere planen nok ein gong – men vil vestlege finne seg i det?

I USA er det, likevel, vanskeleg å førestille seg, trass kor sprøtt alt har blitt, at gjennomsnittsamerikanaren vil tolerere desse digre sentera for tvinga karantene basert på alt som har blitt avslørt om narre-pandemien [scandemic i originalartikkelen; oms.an.] sidan tida rundt dei fyrste nedstengingane.

Det er derimot viktig å halde eit vake auge med ting. Amerikanarar kan ikkje late staten innføre nok ei nedstenging under nokon omstende, sjølv om det blir gjevne lovnader om at den berre vil vare 14 dagar for å «flate ut kurven». Vi har allereie høyrt den setninga, og den viste seg å vere ei løgn.

«So kva godt gjer eigentleg staten??» spurde ein Natural News-lesar, og kom dermed med eit særs godt poeng som er verdt å lure på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s