Innbyggjarar i Shanghai: «Vi svelt i hel!» Styresmaktene: «Hald kjeft og kontrollér sjelene dykkar sitt ønske om fridom!»

Dei drakoniske Covid-restriksjonane i Kina forkrøplar forsyingskjedar over heile verda

Av Ramon Tomey, Natural News, 20.april 2022. Omsett av saksyndig.

Kina sine drakoniske restriksjonar for å slå tilbake Wuhan-koronaviruset (Covid-19) har forkrøpla forsyingskjedar over heile verda. Dei stringente Covid-19-tiltaka innført i den austlege byen Shanghai – ei av dei travlaste hamnene i landet – har òg skapt vanskar for global handel.

The Telegraph, ved hjelp av data frå den opne databasen Fleetmon og investeringsselskapet Liberum, rapporterte at talet skip som ventar utanfor hamnene til Shanghai og Hong Kong òg har auka. Det blir òg nemnt at talet varer som står fast i hamner har auka. Desse problema har utvida seg til hamner i området rundt Nordsjøen.

Joachim Klement, strategisk analytikar i Liberum, kommenterte på oppdateringa: «Hovudutviklinga i mars er at ein igjen finn opphoping av shipping i hamner i Asia og Nordsjøen. Sjølv om vi allereie har sett effekten av Ukraina-krigen i form av at opphoping igjen dukkar opp, lèt andre effektar framleis vente på seg. Effektar slik som stigande drivstoffkostnader, kurér-boikott og overføring frå jarnbane til sjø gjenspeglar seg enno ikkje i auke i shipping-kostnader.»

Det at Beijing held fast på sin «null-Covid»-politikk, som inkluderer obligatorisk karantene for individ som testar positivt på Covid-19 trass fråvær av symptom, har verknad på kinesiske hamner. Politikken bidreg til mangel på hamnearbeidarar og lastebilsjåførar som oppheld seg i isolasjon i staden for å transportere varer.

Roukaya Ibrahim, daily insights strategist ved BCA Research, kommenterte at Covid-19-mandat for lastebilsjåførar forverrar vanskane i forsyningskjeden.

“Sjåførmangelen, saman med mangel på hamnearbeidarar, skaper òg opphoping utanfor kinesiske hamner – som sakkar ned leveransen av varer til og frå [landet],» sa ho. «Reiserestriksjonar, karantenar og retningslinjer som pålegg lastebilsjåførar å ta Covid-19-testar før dei kryssar kommunegrenser, forsinkar innanlandstransporten av varer mellom fabrikkar og hamner.»

Nedstengingar pressar innbyggjarane i Shanghai til brestepunktet

Den meir smittsame, men mildare B11529-omikronvarianten er ansvarleg for Covid-19-utbrotet i Shanghai og andre kinesiske byar. Ifølgje The Telegraph, medan vanskane i forsyingskjeden burde kunne løysast opp ved å gjenopne forretningar i vestlege land – forårsakar det at Kina held fast på null-Covid, alvorleg forstyrring.

Under ei «static management»-retningslinje, har styresmaktene sett Shanghai under ei nedstenging der rørslefridommen til folket er sterkt avgrensa. Forsvinnande matforsyningar har òg gjort shanghaiarane til fangar i sine eigne heimar. Difor har mange innbyggjarar byrja å skrike ut om sine plagar frå balkongane til heimane sine.

Som respons har styresmaktene bede nedstengde shanghaiarar om å «kontrollere sjelene sine sitt ønske om fridom». India Today rapporterte at tenestefolk i den austlege hamnebyen sendte ut dronar for å fråråde folk om å gå ut på balkongane sine og skrike ut sin frustrasjon. «Kontrollér sjela sitt behov for fridom og opn ikkje vindauget for å synge. Med denne åtferda kan de risikere å spreie epidemien,» dreiv dronane og utbasunerte.

Nokre innbyggjarar lufta derimot sitt sinne mot dei «store kvite» – friviljuge som hjelper til med å slå tilbake smitte i byen. Bilete som gjekk viralt på sosiale media viser sinte innbyggjarar som dyttar til «store kvite» i Tyvek-dressar. Dei friviljuge tek dermed igjen ved å slå innbyggjarane med stokkar. Bråket løyser seg deretter opp, men ikkje utan at dei friviljuge gjev innbyggjarane ei formell åtvaring.

«Det er tydeleg utifrå samhandlingar sett i klippa, at der er ei veksande kjensle av fiendskap mellom dei ‘store kvite’ friviljuge som har som oppgåve å kontrollere utbrotet i byen, og dei stadig meir frustrerte innbyggjarane,» påpeikte ein rapport from News.com.au. «Dei friviljuge bruker dagane med å utføre millionvis av Covid-19-testar kvar dag. Dei leverer òg ut mat til nedstengde innbyggjar-kompleks, og avgjer kven som kan forlate bygningen sin, og kven som må halde seg inne.»

Her er ein video som viser det kaoset som utfaldar seg i Shanghai.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s