I kanadisk delstat hyrer dei heller utanlandske sjukepleiarar enn å late uvaksinerte kome tilbake på jobb

Delstatsregjeringa i British Columbia har sikra seg 12 millionar kanadiske dollar som dei vil bruke til å straumlinjeforme prosessen å hyre utanlandske sjukepleiarar. [Beløpet tilsvarer rundt 84 500 000 norske kroner; oms.an.]

Av Jack Bingham, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Midt i ein mangel på helsepersonell, har British Columbia sagt at dei vil gjere det lettare for utanlandske sjukepleiarar å få autorisasjon i staden for å late uvaksinerte sjukepleiarar få kome tilbake på jobb.

Under ein pressekonferanse tysdag [19.april 2022; oms.an.], sa helseministeren i delstaten Adrian Dix at provinsen ser på måtar å få fortgang i registreringa og autoriseringsprosessen for internasjonalt utdanna sjukepleiarar for å bekjempe den pågåande arbeidarmangelen. Trass det desperate behovet for sjukepleiarar, held helsesektoren fast på sine retningslinjer om at dei som fekk sparken på grunn av sin Covid-19-vaksinestatus framleis ikkje vil få lov til å vende tilbake til arbeidsplassen.

«Regjeringa vår har vigd seg til å adressere behovet for sjukepleiarar i provinsen. Det er grunnen til at vi lanserer denne omfattande rekkja av støtteordningar for internasjonalt utdanna sjukepleiarar for å hjelpe dei til å gjere nytte av sine ferdigheiter her i BC,» sa Dix.

«Å fjerne enkelte finansielle barrierar og straumlinjeforme evalueringsprosessen vil forenkle vegane til tilsetjing i provisen og forsikre at innbyggjarar i British Columbia har tilgang til den helseomsorga dei fortener med endå fleire sjukepleiarar og pleieassistentar,» la Dix til, og refererte til at provinsen no har sett av 12 millionar av skattebetalarane sine pengar til å finansiere innsatsen.

Medan den provinsielle helseoffiseren dr. Bonnie Henry fjerna vaksinepass-systemet for folket tidleg i april, då ho annonserte at BC er «på ein stad der vi kan gå frå obligatoriske krav til det å ta vare på vår eiga helse», har ho likevel halde fast på kravet om at offentlege helsearbeidarar må vere Covid-vaksinerte, trass at det var helsepersonellmangel so nyleg som mars.

Sidan den gong har the Justice Centre for Constitutional Freedoms (JCCF), ei pro-bono juridisk gruppe, annonsert at dei har sendt inn eit søksmål til Høgsteretten i BC på vegner av fleire helsearbeidarar som har mist jobbane sine på grunn av Henry sine dekret.

Ifølgje JCCF si pressemelding, gav ikkje BC sitt mandat fritak av religiøse eller samvitsgrunnar, og dei medisinske fritaka var so smale at ein hadde måtte hatt ein uventa reaksjon på fyrstedosen av injeksjonen for å få fritak frå den andre.

JCCF-advokat Charlene Le Beau seier at dette er eit brot på den kanadiske Charter of Rights and Freedoms, og at «ingen ordre eller lovgjeving utrangerer og veg tyngre enn Charter sitt vern av fundamentale fridommar slik som religionsfridom og samvitsfridom.»

«Det har blitt tydeleg at Covid-19-vaksinane ikkje hindrar smitte eller overføring av smitte. I tillegg slo BC sin Covid Therapeutics Committee fast at naturleg immunitet er det same som å ha to dosar av ein Covid-19-vaksine. Utifrå desse fakta, er det å utstøyte kanadiarar for deira grunnlovsbeskytta personlege medisinske val, klart ei diskriminerande handling som ikkje kan rettferdiggjerast, og eit brot på Charter,» slo frøken Le Beau fast.

«Vi var avhengige av desse hardtarbeidande helsearbeidarane gjennom det fyrste året av Covid, og der var ingen vaksinar tilgjengelege. Å gje dei sparken frå jobbane sine no fordi dei utøver kroppsleg autonomi eller har motførestillingar mot vaksinane basert på trua si, er å utvise Janus-ansikt-hykleri og er eit bedrag av dei arbeidarane som har ofra so mykje for kanadiarar,» la advokaten til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s