Menneskeheita på randa: Trump åtvarar at «alle vil døy» om begge sider held fram med å eskalere Tredje verdskrig

Av Michael Snyder, End of the American Dream, 20.april 2022. Omsett av saksyndig.

I heile moderne historie har verda aldri hatt ei verre gruppe leiarar enn den har akkurat no, og lagnaden til sivilisasjonen ligg bokstavleg tala i deira hender. Dersom begge sider held fram med å eskalere ting, vil stadfortredarkrigen i Ukraina til slutt bli ein skyttarkrig mellom USA og Russland. Og når ein skyttarkrig mellom USA og Russland byrjar, vil det berre vere eit spørsmål om tid før den involverer kjernevåpen. Det blir ofte sagt at der finst ingen vinnarar i ein atomkrig, og det er visseleg sant. Men dersom ein atomkrig blir uunngåeleg, vil du definitivt vere på den sida som slår til fyrst. Fordi eit øydeleggjande fyrste åtak kan ikkje gjere deg i stand til å «vinne» ein atomkrig, men det vil heilt sikkert gje deg den beste sjansen til å overleve ein.

Donald Trump kan sjå kor vi er på veg. Denne veka pennførte han den mest illevarslande meldinga han nokosinne har sendt ut:

«Det gjev inga meining at Russland og Ukraina ikkje set seg ned og arbeider fram ei form for avtale. Dersom dei ikkje gjer det snart, vil det vere ingenting att enn død, øydelegging og blodbad. Dette er ein krig som aldri skulle ha skjedd, men det gjorde det. Lysinga kan aldri vere so god som den ville ha vore før skytinga starta, men der finst ei løysing, og den bør bli funnen ut no – ikkje seinare – når alle vil vere DØDE!»

Som Trump, håper eg desperat at ei forhandla avtale kan bli oppnådd på ein eller annan måte, fordi dersom ein full atomkrig bryt ut, vil milliardar av menneske døy.

Vi må ikkje late det skje.

Uheldigvis tek ikkje tenestefolk i USA denne trugselen på alvor. Faktisk har eg sett pratehovud over heile kabel-TV-nettet spele ned trugselen om atomkrig. Desse ekspertane forsikrar oss om at Russland «ville aldri bruke kjernevåpen», men i mellomtida held Russland fram med å febrilsk førebu seg på ein potensiell atomkrig mot USA.

Faktisk utførde russarane nyleg ein test av den nye Sarmat interkontinentale ballistiske missil:

«Russland har test-oppskote eit nytt interkontinentalt ballistisk missil, noko som fører til frykt for ei vidare eskalering av Vladimir Putins barbariske krig i Ukraina.

Den russiske leiaren sa at Sarmat-missilet, òg kjent som Satan-2, vil gje ‘næring til tankane til dei som prøver å truge Russland’, og vil få fiendane hans til å ‘tenkje seg om’.»

Ein rapporterer at Sarmat har ei rekkjevidd på 11 000 miles [ca. 17 700 km; oms.an.] og kan treffe kva som helst slags mål på heile planeten.

Det kan bere opp til 15 uavhengig målstyrte stridshovud, og russarane skryter over at den samla krafta til desse stridshovuda kan øydeleggje eit område på storleik med Texas eller Frankrike.

Hugs at dette er berre eitt missil si snakkar om. Til sjuande og sist planlegg Russland å setje eit stort tal av desse missila i teneste.

Ifølgje Vladimir Putin har ingen i verda noko som tilsvarer desse nye missila:

«Det nye komplekset har dei høgaste taktiske og tekniske karakteristikkar og er i stand til å overkome alle moderne former for anti-missil-forsvar. Det har ingen sidestykke i verda og vil ikkje ha det på lenge,» sa Putin.

«Dette verkeleg unike våpenet vil styrke kamppotensialet til våre væpna styrkar, og påliteleg sikre Russlands tryggleik frå eksterne trugslar og gje næring til tankane til dei som, i sin frodande aggressive retorikk, prøver å truge landet vårt.»

Trist nok har han rett.

USA har ikkje eingong noko som liknar.

Minuteman III-missil som vart sett i teneste på 1970-talet, utgjer framleis ryggrada til USA sitt strategiske atomarsenal, og dei er ikkje venta å bli erstatta av noko nytt før rundt år 2030.

Ein treng ikkje å seie at testen av det nye Sarmat-missilet var meint som ei melding til alle som prøver å hjelpe ukrainarane:

«Russland gjorde USA merksam på ICBM-test-oppskytinga i samsvar med New Start-avtalen, men deira retorikk og valet om å gå fram med avtalen står i skarp kontrast til USA, som hadde avlyst ei ICBM-test-oppskyting i mars ikkje lenge etter at Russland byrja sin krig mot Ukraina. Putin og assistentane hans hadde gjentekne gonger truga med å bruke atomvåpen i det som ekspertar meiner er eit triks for å åtvare mektige land som Storbritannia, Tyskland og USA frå å kome Ukraina til unnsetning.»

Missil-testen representerer nok ei eskalering frå russarane, og det er ekstremt alarmerande.

Men amerikanske tenestefolk eskalerer òg ting. Onsdag [20.april 2022; oms.an.] annonserte Biden-administrasjonen nok ein runde med sanksjonar mot Russland:

«På onsdag avduka USA sin siste runde med sanksjonar mot Russland på grunn av krigen mot Ukraina, denne gongen går dei etter ein sentral kommersiell bank og ‘eit globalt nettverk av meir enn 40 individ og einingar leia av den USA-designerte russiske oligarken Konstantin Malofejev.’

I ei pressemelding sa det amerikanske Treasury Department at dei òg hadde som mål ‘selskap som opererte i Russland sin kryptovaluta-industri, visstnok den tredje største i verda,’ og noterte seg at det var fyrste gong dei har ‘designert eit kryptovaluta-selskap’.»

Og Biden-administrasjonen fortel oss òg at nok ein «militærhjelpepakke» snart vil bli sendt til Ukraina:

«Biden-administrasjonen førebur seg på å annonsere nok ein substansiell militærhjelpepakke til Ukraina denne veka, fortel fem amerikanske tenestefolk NBC News. Tre tenestefolk sa at pakken er forventa å likne i storleik på den til 800 millionar dollar som administrasjonen annonserte sist veke.

To tenestefolk sa at pakken er forventa å inkludere meir artilleri og titusenvis av fleire artillerikuler, som sannsynlegvis vil spele ei kritisk rolle for kampane i Ukrainas austlege Donbas-region.»

På dette punktet gjev vi mesteparten av våpena og ammunisjonen til det ukrainske militæret, vi gjev dei konstant felt-etterretning, og vi trenar til og med troppane deira på vårt eige territorium.

Ja, den delen er faktisk sann. Som eg har diskutert tidlegare, har den amerikanske forsvarssekretæren Lloyd Austin offentleg innrømt at ukrainske troppar faktisk blir flogne til USA for å bli trena i korleis dei skal kjempe mot russarane:

«I dag tidleg hadde eg gleda av å snakke med ukrainske troppar under trening i USA, som vender heim til Ukraina i dag. Motet og ferdigheitene deira er fabelaktige. Eg gjorde det klart at USA vil halde fram med å tilby dei den bistanden dei treng.»

Som eg sa på byrjinga av denne artikkelen, er dette ein stadfortredarkrig mellom USA og Russland.

Dersom det amerikanske folket verkeleg forstod implikasjonane av det som leiarane våre driv med, ville det bryte ut massive protestar i gatene i kvar amerikanske by akkurat no.

So når vil alle omsider vakne opp?

Eg håper det vil skje før vi kjem til «alle er døde»-delen av historia.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s