Om du trur kollapsen i forsyningskjeden er ille no, berre vent til sommaren

Av Ethan Huff, Natural News, 21.april 2022. Omsett av saksyndig.

Om ikkje stoda var ille nok på forsyingskjedefronten, seier ekspertar at det kjem til å bli langt verre.

Under ei nyleg driftsresultatmelding [earnings call i originalartikkelen; oms.an.] forklarte J.B. Hunt sin Chief Commercial Officer Shelly Simpson at innan sommaren vil verda slik vi no kjenner den ikkje lenger vere til å kjenne igjen.

«Vi spår faktisk at [ting] kjem til å bli mykje verre når vi kjem inn i sommarmånadene, spesielt med det som skjer i forsyningskjeden frå eit havperspektiv eller det som gjeld Kina,» sa ho.

Den siste runden med Wuhan-koronavirus (Covid-19)-nedstengingar i Kina, og spesifikt i Shanghai, har stengt ned hamna i byen og gjort til at containerskip flyt ute i havet utan nokon stad å leggje til kai.

Vi såg det same i fjor her i USA – og faktisk flyt det framleis lekterar utanfor vestkysten, noko som i sin tur trugar den allereie utsette amerikanske forsyningskjeden.

«Eg trur at det har vore ei mellombels lette i uføret av arbeidsmangel, òg der ein finn frakta,» la Simpson til.

«Om du faktisk ser på det direkte skjermbiletet av kva som skjer i Shanghai, ser ein mykje skip, og ørlite grann vatn. Og det kjem heilt sikkert til å finne veg tilbake til USA denne sommaren.»

Handla dette verkeleg nokosinne om å redde liv?

Situasjonen i Shanghai, for å gje deg siste oppdatering, er katastrofal. Byen med rundt 26 millionar menneske er for det meste stengt ned; folk begår sjølvmord, og det er grunnleggjande helvete på jord.

«Det kinesiske regimet starta ei byomspennande nedstenging for handelssenteret med meir enn 26 millionar innbyggjarar 1.april etter ei delvis nedstenging byrja aust i byen i slutten av mars,» rapporterte The Epoch Times.

«11.april delte styresmaktene byen inn i tre område – eit stengt kontrollområde, eit kontrollområde og eit førebyggingsområde. Per 12.april er der meir enn 10 000 stengde kontrollsoner som involverer 15 millionar menneske, meir enn 2000 kontrollsoner som involverer 1,78 millionar menneske, og 10 000 føre-var-soner som involverer 4,8 millionar menneske.»

Alt dette for ei handfull nye «tilfelle» av omikron (moronic [idiotisk; oms.an.]) BA.2 undervarianten av Kina-viruset som er ingenting meir enn ein «positiv» indikator på ein bedragersk PCR-test.

Ingen er sjuke eller døyr frå noko som helst sokalla virus, og likevel blir 26 millionar menneske tvinga til å halde seg inne, mange av dei utan mat, medan det kinesiske kommunistpartiet (CCP) stengjer ned internasjonal handel inn og ut av hamnene i Shanghai.

Handlar dette verkeleg om å redde liv? Eller er noko anna på gang i form av ein styrt kollaps og «great reset», som allereie verkar å vere i rørsle og som raskt eskalerer for kvar dag som går?

«Nedstenginga i byen og Kina sine tiltak for å kontrollere pandemien andre stader har skadd økonomien og skaka ved globale forsyningskjedar,» rapporterte The Times vidare.

«Millionar av menneske i Shanghai har strevd med inntektstap, mangel på stabile matforsyningar, skilje av familiar, og elendige forhold i karantenesenter… Den massive nedstenginga sender òg ei ny bølgje gjennom globale forsyningskjedar og varer med alt frå elektriske bilar til iPhones i USA.»

Dei einaste liva ein reddar oppi alt dette kaoset, er milliardærklassen og dei som styrer denne koordinerte nedtakinga av den globale økonomien. Og fleire titals millionar berre i USA åleine bukkar under i denne desimeringa som blir gjort av galne psykopatar som trur at livet ditt må bli ofra for å redde deira.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s