Skremselspropaganda og totalitære «pandemitiltak» har øydelagt folk si psykiske helse: Vi som ikkje har late oss skremme må no redde dei

Traumatiske folkehelseretningslinjer har skapt ei psykisk helsekrise

Av dr. Joseph Mercola. Omsett av saksyndig.

USA står overfor ei psykisk helsekrise, seier ekspertar, og legg til at vi har eit djupt behov for fleire kyndige innan psykisk helse. Christin Drake, klinisk assistent-professor i psykiatri ved NYU Grossman School of Medicine, skriv:

«Kvar dag ringjer folk til kontoret mitt og spør etter hjelp: Ein av deira kjære har ikkje vore ute av senga på ei veke. Ein far opplever panikksymptom medan han gjer barna klare for skulen. Ei ung dame bruker stoff på ein måte som kjennest farleg ut for ho. Desse er ikkje dei bekymra friske. Desse er folk i krise.

Tilstandane deira er komplekse og akutte, og krev ekspertisen til ein psykiater som kan snakke med dei, kartleggje moglege medisinske årsaker til problema deira, handtere abstinens, skrive ut legemiddel om naudsynt, og ta kontakt med andre tilbydarar… Før pandemien kunne eg nesten alltid hjelpe. Eg ville kunne ta meg tid til å møte nokon for ein konsultasjon, eller ta nokre telefonar for å sikre den rette tilvisinga.

Men no, kvar einaste time eg har til disposisjon – sjølv dei som påverkar evna mi til å møte pliktene eg har til familien min – er oppteken. Kollegaene mine fortel meg det same. Dei byrjar på jobb tidlegare, sluttar seinare, kjempar mot lange ventelister og sine eigne grenser. Alt dette medan pasientar i krise går utan psykiatrisk hjelp.»

Depresjon og angst førekjem oftare enn nokosinne

Ifølgje den mest nylege Household Pulse Survey, utført av det amerikanske National Center for Health Statistics, strevar no 27,3% av vaksne amerikanarar med depresjon og/eller angst, og det er i tillegg til dei 40 millionar amerikanarane som rapporterer om stoffmisbruk-sjukdommar og dei 14 millionar som har meir alvorlege psykiske lidingar.

«Der er rundt 33 000 praktiserande psykiaterar i USA. Ifølgje mi hovudrekning, om alle av oss skulle behandle berre menneske med depresjon eller angst, ville kvar av oss måtte behandle meir enn 3000 pasientar i året,» seier Drake.

Kort fortalt er der ikkje nok praktiserande psykiatrar til å handtere den overveldande flodbølgja av psykisk ufriske amerikanarar. Ei heller er der nok praksisplassar tilgjengelege for å betydeleg utvide profesjonen i næraste framtid.

Prisen for skremselspropaganda

Medan Drake ikkje går inn på årsakene bak den psykiske helsekrisa, er det temmeleg openbert at dette er prisen samfunnet betaler for regjeringa vår sine uvettige og irrasjonelle pandemitiltak og den endelause skremselspropagandaen. NPR-bidragsytar Kat Lonsdorf skildrar den konstante frykta til nyretransplantasjonspasient Jullie Hoggan:

«Medan operasjonen var vellykka og Hoggan no er vaksinert og boosta, har ho framleis svært dårleg immunforsvar og må ta betydelege tryggleikstiltak.

‘Eg er so nervøs. Hjarterytmen min går til himmels når eg går ut av kva som helst slags grunn,’ sa ho. ‘Og eg lurer på om eg nokosinne vil vere i stand til å gå ut trygt igjen, og vere normal og gå i butikken. Kjem eg til å kjenne meg slik for alltid?’

Hoggan arbeider heimanfrå, forlèt sjeldan huset, og når ho gjer, er det utruleg stressande. Mannen hennar og tenåringsdottera går begge med munnbind heime og må vere ekstremt forsiktige med kven dei møter og kva dei gjer.

Hoggans pandemierfaring ber ikkje med seg nokon vald og det har ikkje vore nokon eksplosjonar eller overfall, og difor finn ho det vanskeleg å kalle det traume. Men Arthur Evans, adm.dir. ved American Psychological Association (APA), seier at det å sjå på verda som utrygg kan vere eit symptom på traume.»

Eit traume som er tåkelagt og vanskeleg å definere

Som Lonsdorf seier, involverer traume typisk ei form for livstrugande hending eller noko som får deg til å kjenne deg redd og/eller hjelpelaus. Mange som med religiøs iver har følgt hovudstraums-nyheiter dei siste to åra har tydeleg blitt traumatisert, der dei følte det som om døden var nærståande og at dei ikkje kunne sleppe unna. Det dødbringande slaget – i form av eit usynleg virus – kunne kome frå kven som helst, inkludert deira kjære. Ingen var «trygge» å vere med.

I tillegg var ikkje pandemien ei isolert hending som ein kunne bearbeide og kome seg frå. Roxane Cohen Silver, ein psykolog med ekspertise innan kollektive traume, samanliknar pandemien med ein «saktegåande katastrofe» som «eskalerte i intensitet over tid» – og som til denne dag ikkje har eit klart endepunkt.

Ikkje alle er einige i at det vi no ser er eit resultat av kollektivt traume, sjølv om dr. Bessel van der Kolk, forfattar av «The Body Keeps the Score» – ei av dei bestseljande bøkene på Amazon under pandemien – nøler med å kategorisere pandemien som eit kollektivt traume.

Han fortel Lonsdorf, «Vi må vere svært presise… fordi om vi ikkje veit kva vi behandlar, kan vi kome til å gje feil behandling.» Han trur at vi treng «ein ny terminologi, eit nytt språk» for å nøyaktig definere omstenda våre. «Det er verkeleg det eg oppmuntrar oss til å gjere – å verkeleg identifisere kva som får oss til å føle at vi knapt held koken,» seier han.

Offentlege tenestefolk er uviljuge til å gje seg med skremselspropagandaen

Same kva vi endar opp med å kalle det, er det tydeleg at vår regjering og media sin respons til pandemien har vore ein hovud-årsaksfaktor bak denne psykisk helsekrisa. Det er òg verdt å leggje merke til at sjølv om Covid-19 har blitt endemisk i mesteparten av verda, og forårsakar få dødsfall, har pandemien enno ikkje offisielt blitt erklært for «over».

Tidleg i mars 2022, sa WHO at diskusjonar om når og korleis erklære ein slutt på pandemien var undervegs, men at «vi er ikkje der enno».

Danmark, Nederland og Storbritannia har i praksis erklært slutt på deira nasjonale unntakstilstandar ved å fjerne alle eller dei fleste restriksjonane, men andre land, slik som New Zealand og Hong Kong, går i motsett retning, der dei fornyar nedstengingsordrar i samband med nylege toppar av Covid-tilfelle (det vil seie positive PCR-testar, som ikkje tydar at folk døyr eller til og med blir alvorleg sjuke).

I mellomtida i USA, utvida 13.april 2022 CDC med nye 90 dagar den offentlege folkehelse-naudssituasjonen som har vore i effekt sidan pandemien byrja. I tandem utvida president Biden munnbindpåboda for fly og offentleg transport fram til 3.mai.

I sirklane rundt alternative media har frykt for viruset blitt temperert av meir sindige analysar av statistikk og data, som viser at den verkelege risikoen faktisk er ganske avgrensa, og at der er særs effektive tidlege behandlingar tilgjengelege sjølv om du skulle bli infisert.

Eg gjettar at dei som no, to år inn, framleis strevar med overveldande kjensler av frykt og angst om viruset er dei som av ulike grunnar ikkje vart eksponerte for desse trøystande dataa, eller valde å avvise dei (som er det hovudstraumsmedia bad dei om å gjere).

Og om dei held fram med å følgje gammalmedia, er det ikkje eigentleg noka lette i sikte for dei. Medan mange no aksepterer Covid-19 som ein annan versjon av, eller tillegg til, sesonginfluensa og held fram liva sine meir eller mindre som vanleg, prøver hovudstraumsmedia å nok ein gong pumpe opp fryktnivået med – du gjetta riktig – ein annan variant.

Denne blir kalla «Xe». Det skal visstnok vere ein kombinasjon av to tidlegare undervariantar av omikron og den mest smittsame forma til no. «Covid-19 kan gå til himmels i USA akkruat no og vi kan ikkje eingong vete om det,» sa ei overskrift i Time Magazine 11.april 2022, og la til:

«… medan landet prøver å gå vidare etter pandemien, behovet for lab-basert testing har gått ned og føderale finansieringsprioritetar har endra seg. Endringa har tvinga enkelte testsenter til å gå til grunne medan andre har skrudd opp prisane som respons på slutten på statssubsidierte testprogram.

Folk lit i aukande grad på hurtigtestar til heimebruk om dei vel å teste seg i det heile. Men desse resultata blir sjeldan rapportert, noko som gjev folkehelsetilsette lita innsikt i kor utbreitt viruset eigentleg er.»

Sanning er ein stor del av verkemiddelet

Denne skremselspropagandaen er i sin tur basert på løgna om at PCR-testen kan identifisere ein aktiv infeksjon (noko den ikkje kan), og den uriktige ideen av asymptomatisk spreiing er ei drivkraft ved infeksjon (noko den ikkje er). Time Magazine fremjar òg den feilaktige ideen at Covid-sprøyta er «ekstremt effektiv på å hindre alvorleg sjukdom» og at omikron forårsakar mildare symptom berre blant «friske, vaksinerte menneske», sjølv om data frå den verkelege verda føreslår det motsette i begge tilfelle.

Ein nemner ikkje det faktum at Covid-sprøyter kan vere ansvarlege for meir enn 1,2 millionar skadar, og er, i alle målestokkar, dei farlegaste legemiddela som nokosinne har blitt sleppte laus. Ein nemner heller ikkje det faktum at folk flest sannsynlegvis er immune overfor Xe på dette punktet, sidan det oppstod like etter ein større omikron-topp.

Sjølv spørsmål om å gå tilbake til munnbind har dukka opp igjen. «Er det på tide å gå med munnbind igjen?» spurde The Atlantic 8.april 2022. Ifølgje The Atlantic, burde vi i møte med nye variantar førebu oss «ved å ha gode munnbind i hende – og vere mentalt klare til å ta dei på igjen».

Det er den form for mental førebuing å stå ansikt til ansikt med døden kvar dag og det ubrukelege ritualet å gå med munnbind som driv folk til brestepunktet over kva dei klarer å halde ut mentalt. Munnbindbruk var nyttelaust frå byrjinga, men det stoppa ikkje hovudstraumsmedia – som får sine pratepunkt frå dei som prøver å finne ut korleis ein kan køyre The Great Reset ned våre kollektive halsar – frå å pushe denne utslitne og fullstendig vitskaplege forteljinga.

Totalitarisme blir bygt gjennom frykt

Lat oss innrømme det, dei treng at vi er skremde fordi elles ville vi ikkje gå med på det som kjem i neste omgang – digitale identitetar, biosensorar og emosjonelle overvakarar, vaksinepass, den grøne nye avtalen (som vil so å seie eliminere evna di til å reise over større avstandar), programmerbare, digitale sentralbank-valutaer (som vil gje utstadarane fullstendig kontroll over pengebruken din) og mykje meir.

For at Great Reset og Den fjerde industrielle revolusjon skal sjå dagens lys, må dei store massane bli viljuge til å gje opp fridommen sin og underkaste seg meir inngripande overvaking og kontroll, og for det må frykta deira for komande død overskugge alle andre bekymringar. For ei skildring av korleis digre grupper av samfunnet kan bli gjort psykisk sjuke, med vilje, sjå denne After Skool-produksjonen.

Den gode nyheita er at om lag halve befolkninga (etter mine anslag) har jobba sin veg gjennom propagandaen og stressar og kavar ikkje unødvendig. Rundt om i USA tek folk til motmæle mot tyranniske og irrasjonelle Covid-tiltak, om det so er munnbindpåbod, vaksinepåbod eller inhumane Covid-reglar på sjukehusa.

I Tennessee, til dømes, vil ein ny delstatslov tvinge sjukehus til å tillate slutten-på-livet-besøk for Covid-pasientar, slik at dei ikkje treng å døy åleine. Som notert av dr. Jason Martin, ein akuttmottak-lege som har vore i frontlinja sidan byrjinga av pandemien, «terminalomsorg på eit akuttmottak med Covid er frykteleg,» og det å sjå pasientar døy mutters åleine, skilde frå sine familiar, «er ei livsendrande oppleving».

Ver ein rollemodell

Der finst ingen enkle svar på den psykiske helsekrisa vi står overfor, men det å få slutt på unaudsynt skremselspropaganda trur eg er ei bør som må takast av dei som framleis valde å jobbe i hovudstraumsmedia. På eit individuelt nivå kan det tyde å stengje seg ute frå hovudstraumsmedia-nyheiter fullstendig.

Dei av oss som ikkje har gått til grunne av irrasjonell frykt (eller som har jobba vår veg ut av det) kan òg fungere som ei livbøye for eit ukjent tal menneske ved å dele informasjon som gjev folk styrke, heller enn å styrke frykt, og ved å vere rollemodellar når det gjeld korleis vi går vidare med liva våre.

Ikkje gå med munnbind for å tekkjast folk si frykt. Lat folk sjå deg smile. Ver vennleg og optimistisk når du er ute blant folk. Du veit aldri korleis det å sjå deg nyte livet kan vere til gode for nokon som føler at verda har blitt ein utrygg og skremmande stad.

Langsiktig treng vi tilleggsløysingar – vi treng fleire kvalifiserte psykiatrar og terapeutar, til dømes – men i mellomtida må vi gjere det vi kan, på eit individuelt nivå, for å letne det kollektive trykket, og vi kan byrje med å rett og slett vise at ein annleis røyndom er mogleg.

Kollektivet har blitt pressa, skamfare og dytta mot kanten på stupet av nokre få med makt. Mange har blitt brotne ned i denne prosessen. Det er no på tide for resten av oss å ta reimane og styre våre medmenneske tilbake til røyndommen, tilbake til fornufta, ved å vere bestemte, men vennlege, prinsippfaste, etiske, sannferdige, rasjonelle og optimistiske.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s