Visse klausular kan gje insentiv til å rapportere «pandemiar», og føre til at nasjonar blir straffa for å vere «ulydige».
Av Kit Knightly, Off-Guardian, 19.april 2022. Omsett av saksyndig. Sjå originalartikkelen for linkar.
Dei fyrste offentlege høyringane rundt den føreslegne «Pandemiavtalen» er avslutta, og den neste runden vil etter planen starte i midten av juni.
Vi har prøvd å halde dette emnet på framsida vår, berre fordi hovudstraumsmedia har vore so ivrige etter å ignorere det og halde fram med å male ut partisan-krigsporno og propaganda.
Då vi – og andre – linka til sida for høyringssvar, var der slik ein respons at nettsida til WHO faktisk låg nede ein augneblink, eller dei lest som sida krasja slik at folk skulle slutte å sende dei brev.
På begge måtar er det ein siger. Vi håper det er ein vi kan gjenta i sommar.
Fram til då vil den beskjedne pressedekninga, som ein for det meste finn på dei metaforiske baksidene på Internett, bli fokusert på å gjere avtalen «sterk nok» og forsikre at nasjonale regjeringar kan «bli haldne ansvarlege».
Ein artikkel i britiske Telegraph frå 12.april har overskrifta:
«Verkeleg risiko for at ein pandemiavtale kan vere ‘for utvatna’ til å stoppe nye utbrot.»
Den fokuserer på ein rapport frå Panel for a Global Public Health Convention (GPHC), og siterer ein av forfattarane av rapporten, Dame Barbara Stocking:
«Vår største frykt… er at det er for lett å tenkje at ansvarleggjering ikkje speler noka rolle. Å ha ein avtale som ikkje har lydigheit i seg, vel då er det ærleg tala ikkje nokon vits i å ha ein avtale.»
GPHC-rapporten går frå der over til å seie at dei noverande internasjonale helseretningslinjene er «for svake», og ber om at ein skaper eit nytt «uavhengig» internasjonalt organ for å «rette seg mot statleg førebuing» og «offentleg tilrettevise eller lovprise land, avhengig av kor lydige dei er til eit sett på førehand avtalte krav».
Ein annan artikkel publisert av London School of Economics og medforfatta av medlemmer av Den tyske alliansen for klimaendring og helse (KLUG), pushar òg ideen om «ansvarleggjering» og «lydigheit» temmeleg hardt:
«For at denne avtalen skal ha tenner, må organisasjonen som styrer den ha makta – anten politisk eller juridisk – å handheve lydigheit.»
Den er òg eit ekko av FN-rapporten frå mai 2021 i kraft av å be om meir makt til WHO:
«I si noverande form har ikkje WHO slike fullmakter […]. For å gå vidare med avtalen må WHO difor få makt – finansielt og politisk.»
Dei tilrår at «ikkje-statlege aktørar» involverer seg i forhandlingane, slike som Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet, Verdas handelsorganisasjon og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen, og foreslår at avtalen tilbyr finansielle insentiv for den tidlege rapporteringa av «helserelaterte naudssituasjonar» [feit skrift lagt til]:
«I eit tilfelle der ein erklærer ei helsekrise, må ressursar strøyme til land der krisa skjer, og utløyse responselement slik som finansiering og teknisk støtte. Desse er spesielt relevante for LMIC-ar, og kan bli brukt til å oppmuntre og forsterke den taima delinga av informasjon av statar, og forsikre dei om at dei ikkje vil bli gjenstand for vilkårlege handels- og reisesanksjonar for å rapportere, men at dei i staden blir utstyrt med dei naudsynte finansielle og tekniske ressursane dei treng for å effektivt respondere på utbrotet.»
Det stoppar derimot ikkje der. Dei løftar òg fram spørsmålet om at land blir straffa for «ulydigheit»:
«[Avtalen bør inneha] Eit insentiv-regime som kan tilpassast, [inkludert] sanksjonar slik som offentlege reprimandar, økonomiske sanksjonar, eller bistandsnekt.»
For å omsetje desse forslaga frå byråkratspråk til norsk:
- Dersom du rapporterer «sjukdomsutbrot» på ein «taima måte», vil du få «finansielle ressursar» til å handtere dei.
- Dersom du ikkje rapporterer sjukdomsutbrot, eller ikkje følgjer råd og retningslinjer frå WHO, vil du tape på internasjonal u-hjelp og møte handels-embargo og sanksjonar.
I kombinasjon vil desse føreslegne reglane bokstavleg tala skape intensiv for å rapportere moglege «sjukdomsutbrot». Langt frå å hindre «framtidige pandemiar», vil dei aktivt oppmuntre dei.
Nasjonale regjeringar som nektar å spele leiken, vil bli straffa, medan dei som speler med vil bli betalt. Dette er ikkje noko nytt. Vi har allereie sett det med Covid.
To afrikanske land – Burundi og Tanzania – hadde presidentar som bannlyste WHO frå sine grenser, og som nekta å gå med på pandemi-forteljinga. Begge presidentane døydde uventa nokre få månader etter denne avgjerda, berre for å bli erstatta av nye presidentar som med éin gong reverserte Covid-politikken til sine forgjengarar.
Mindre enn ei veke etter president Pierre Nkurunziza sin død, vart Det internasjonale pengefondet (IMF) einige om å avskrive nesten 25 millionar dollar av Burundi si nasjonalgjeld for å hjelpe dei med å kjempe mot Covid-19-«krisa».
Berre fem månader etter president John Magufuli sin død, fekk den nye regjeringa i Tanzania 600 millionar dollar frå IMF for å «adressere Covid-19-pandemien».
Det er temmeleg tydeleg kva som skjedde der, er det ikkje?
Globalistar støtta kupp og lønte gjerningsmennene med «internasjonal bistand». Forslaga i Pandemiavtalen kan rett og slett legitimere denne prosessen, og flytte den frå skjulte bak-kanalar til openlyse offisielle.
No, før vi diskuterer implikasjonane til nye fullmakter, lat oss minne oss sjølve om makta som WHO allereie har:
- Verdas helseorganisasjon er den einaste institusjonen i verda som har makt til å erklære ein «pandemi» eller Public Health Emergency of International Concern (PHEIC).
- Generaldirektøren i WHO – ein ikkje-valt posisjon – er den einaste som kontrollerer den makta.
Vi har allereie sett at WHO misbruker den makta for å skape ein falsk pandemi ut av lause lufta… og eg snakkar ikkje om Covid.
Før 2008 kunne WHO berre erklære ein influensapandemi dersom der var «eit enormt tal med døde og sjuke» og det var ein ny og distinkt undertype. I 2008 letta WHO på definisjonen av «influensapandemi» for å fjerne desse to vilkåra.
Som eit brev frå 2010 til British Medical Journal peikte på, medførte desse endringane at «mange sesonginfluensa-virus kunne bli klassifiserte som pandemisk influensa».
Dersom WHO ikkje hadde gjort desse endringane, hadde 2009-utbrotet av «svineinfluensa» aldri kunne blitt kalla ein pandemi, og ville sannsynlegvis ha passert utan merksemd.
I staden brukte dusinvis av land millionar på millionar av dollar på svineinfluensa-vaksinar som dei ikkje trong og som ikkje fungerte, for å bekjempe ein «pandemi» som resulterte i færre enn 20 000 dødsfall. Mange av dei som var ansvarlege for å rådgjeve WHO til å erklære svineinfluensa for ei folkehelsekrise, viste seg seinare å ha finansielle band til vaksineprodusentar.
Trass dette historiske dømet på eklatant korrupsjon, vil éin føreslegen klausul i Pandemiavtalen gjere det endå lettare å erklære ein PHEIC. Ifølgje rapporten frå mai 2021 «Covid-19: Make it the last Pandemic» [feit skrift lagt til]:
«Framtidige PHEIC-erklæringar av WHOs generaldirektør burde vere basert på føre-var-prinsippet der dette er naudsynt.»
Ja, den føreslegne avtalen vil late generaldirektøren i WHO erklære ein global unntakstilstand for å hindre ein potensiell pandemi, ikkje som repons på ein. Ei form for pandemisk før-brotsverk [«pre-crime» i originalartikkelen; oms.an.].
Dersom du kombinerer dette med den føreslegne «finansielle bistande» til utviklingsland som rapporterer «potensielle helsekriser», kan du sjå kva dei byggjer – dei bestikk rett og slett regjeringar i Den tredje verda til å gje WHO grunn til å erklære unntakstilstand.
Vi veit allereie dei andre nøkkelpunkta som sannsynlegvis vil bli inkludert i ein pandemiavtale. Dei vil nesten heilt sikkert prøve å introdusere internasjonale vaksinepass, og tømme finansiering inn i Big Pharma sine lommer for å produsere «vaksinar» endå raskare og med endå mindre tryggleikstesting.
Men alt dette bleiknar i samanlikning med dei juridiske fullmaktene som potensielt blir gjevne generaldirektøren i WHO (eller kva enn slags nytt «uavhengig» organ dei kan velje å skape) for å straffe, tilrettevise eller løne nasjonale regjeringar.
Ein «pandemiavtale» som overstyrer nasjonale eller lokale regjeringar vil gje supranasjonale fullmakter til ein ikkje-valt byråkrat eller «ekspert», som kan utøve dei fullstendig etter kva han sjølv finn for godt og etter fullstendig subjektive kriterium.
Dette er sjølve definisjonen på teknokratisk globalisme.