Det internasjonale pengefondet åtvarar om at manglande matforsyningar vil skape sosial uro i verda

Av Ethan Huff, Natural News, 22.april 2022. Omsett av saksyndig.

Det internasjonale pengefondet [på engelsk International Monetary Fund, forkorta IMF; oms.an.] har kome med ei åtvaring om framtida, som ser dyster ut.

Dersom ting held fram slik dei gjer no – og det er høgst sannsynleg at dei vil gjere det – vil global matmangel halde fram. Resultatet vil bli forsyningsproblem og sosial uro, som sannsynlegvis vil byrje i Den tredje verda og spreie seg derifrå.

Protestar har allereie brote ut i Peru på grunn av nådelaus inflasjon, og dette er truleg berre ein smak på kva som kjem til å kome når problemet spreiar seg.

Skyhøge matprisar, spesielt i fattigare land, vil gjere det økonomisk umogleg for mange familiar å få endane til å møtast. Dette vil føre til protestar og opptøyar – og ettersom dominobrikkene held fram med å falle i resten av verda, vil helvete på jord følgje.

«Denne krisa utfaldar seg til og med medan den globale økonomien enno ikkje har fullt kome seg etter pandemien,» seier Pierre-Olivier Gourinchas, direktør for forsking og utvikling i IMF.

I eit innlegg han skreiv, la Gourinchas skulda på ei blanding av høg inflasjon og forsyningsproblem for den utfaldande katastrofen som verda er vitne til. Dei mest sårbare landa, la han til, vil oppleve utfallet fyrst, følgt deretter av resten av verda.

«Sjølv før krigen hadde inflasjonen i fleire land auka på grunn av ubalanse i tilbod og etterspurnad og retningslinjestøtte under pandemien, som naudsynleggjorde ei innstramming av pengepolitikk,» la Gourinchas til.

«I denne konteksten, utover den umiddelbare og tragiske menneskelege påverknaden, vil krigen sakke ned økonomisk vekst og auke inflasjon.»

Vil heile verda svelte?

Gourinchas gjekk over til å snakke om korleis auke i både mat- og drivstoffprisar sannsynlegvis vil skape endå meir sosial uro, og starte i fattigare land. Sentralbankar, seier han, vil måtte justere retningslinjene på ein eller annan måte for å forankre både medium- og langtidsforventningar relatert til inflasjon.

Dersom dei mislykkast i dette – og dei vil det vil slutt, sidan sentralbankverksemd er eit pyramidespel som ikkje kan halde seg for alltid utan å til slutt kollapse under si eiga vekt – vil situasjonen hamne enno meir ut av kontroll.

Sjølv om sentralbankar kan få inflasjonen under kontroll på ein måte, vil matmangel sannsynlegvis vere der i fleire år framover, føreslår Gourinchas vidare. Land som Kina byggjer no opp lager med mat, medan «brødkorg»-land som Ukraina ikkje lenger eksporterer og plantar på langt nær so mange dekar som vanleg på grunn av krigen.

Det er ein perfekt storm, kan du seie, som ser ut til å ha gjort ende på den globale økonomien allereie. Det fulle utfallet har enno ikkje manifestert seg i sin heilskap.

Berre for å presisere, var det IMF som brukte orda helvete på jord i ein tidlegare rapport for å skildre kva dei ser kome i horisonten.

«Det å mislykkast i å gje dette året nokre ekstra milliardar dollar tydar at du vil oppleve hungersnaud, destabilisering og massemigrasjon,» seier den tidlegare republikanske guvernøren David Beasley, som no leiar Verdas matbank.

«Dersom du trur at vi har helvete på jord no, berre gjer deg klar. Dersom vi neglisjerer Nord-Afrika, kjem Nord-Afrika til Europa. Om vi neglisjerer Midtausten, kjem Midausten til Europa.»

Dette kan nesten tolkast som ein trugsel, noko det truleg er. Gje oss meir pengar, seier essensielt Beasley, elles

Den vestlege verda vil ikkje vere immun mot dette, forresten. På toppen av inflasjonen som vi allereie ser, vil gjødselkrisa åleine redusere avlingsutbyte, noko som i teorien vil kollapse matforsyningane våre ned til halvparten av normalt nivå.

I Irland oppmuntrar allereie det offentlege bøndene sine til å plate ekstra kornavlingar det komande året i påvente av denne klemma. I Skottland, derimot, verkar det å vere mykje fornekting når det gjeld alvoret av situasjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s