Av «Tyler Durden», ZeroHedge, 23.april 2022. Omsett av saksyndig.
Lokale styresmakter i Shanghai har gjort eit stort nummer ut av sin innsats i å gjenopne fabrikkar og byen si særs viktige hamn, medan dei lettar på restriksjonar for enkelte i befolkninga. Men røyndommen er at medan styresmakter har hatt fokus på å føre fabrikkar (slik som Tesla sin Shanghai Gigafactory) tilbake til noko som passerer for full produksjon, lid millionar av lokale innbyggjarar framleis under vekta av nokre av verdas strengaste Covid-tiltak (sjølv etter at restriksjonar vart letta for fire millionar tidlegare denne veka).
Trass pågåande nedgang i nye tilfelle, signaliserte den lokale regjeringa torsdag [21.april 2022; oms.an.] at dei ikkje har planar om å lette nedstengingstiltak i næraste framtid. Regjeringa annonserte ein nipunkts handlingsplan som til leggje til fleire karantenesjukehus-senger og overføre alle Covid-positive pasientar og deira nærkontaktar til karantenesenter – der dei vil bli behandla med «tradisjonell kinesisk medisin», rapporterer WSJ.
I nokre få tilfelle vil pasientar få lov til å isolere seg heime, men berre mellombels, ifølgje planen, som òg bad om framleis oppretthalding av streng rørslekontroll, massetesting og kontaktsporing, ifølgje WSJ.
I mellomtida rapporterte lokale styresmakter at meir enn 70% av 666 større industriselskap i Shanghai har gjenoppstarta produksjon den siste veka, sa viseordførar Zhang Wei under ei vanleg briefing, ifølgje Bloomberg. For å vere sikker har skaden allereie skjedd: Shanghai sitt industrielle output fall med 7,5% i mars då Covid forårsaka byens industrielle sektor til å essensielt stengje ned, sa Wu Jincheng, ein lokal økonomi-tenestemann.
Der har vore enkelte få lyspunkt, derimot: Dagleg konteiner-gjennomfart i Shanghai hamn har halde seg over 100 000 einingar i april.
I ein spørsmål og svar-sesjon med statleg media som vart posta på nettet fredag [22.april 2022; oms.an.], sa Shanghai si regjering at dei vil fokusere på å sikre seg at alle nye smittetilfelle blir haldne innanfor karanteneområde og at byen berre vil gradvis lette restriksjonar på rørsle og aktivitet frå nabolag til nabolag når dette har blitt oppnådd, sjølv om Shanghai sine helsestyresmakter tidlegare denne veka avdekte ein aggressiv ny Covid-tilbakeslåingsplan trass pågåande reduksjon i nye tilfelle, noko som indikerer at Kina sin finansielle hovudstad framleis er langt frå å erklære siger over landet sitt verste utbrot sidan starten på pandemien.