Ein stressa sjukepleiars jakt på mannebein (bevare meg vel!)

Vår 31-årige sjukepleiar Susann vrir seg desperat pissetrengt ut av toalettet medan vakttelefonen ringjer på innpust og utpust – og her er det heilt innanfor å hevde at telefonar kan puste. Ho må rykkje ut til skjerma avdeling og hjelpe til med å roe ned ein utagerande bebuar. Slik uønskt åtferd er vanleg på skjerma avdeling, der bebuarane har alvorleg svekka kognitive evner på grunn av demenssjukdom. Ho kavar seg over flate golvet inn på avdelinga, som ein må taste inn ein kode for å få opp døra til. Dei feite, små fingrane hennar tastar feil sju gonger før ho omsider får opp døra. Ho høyrer brøla og skrika til bebuaren heilt frå enden av korridoren. Dei to sølvsmykka glitrar i det grelle lyset, og det strammaste ser ut som det skal kvele ho. Ho vaggar inn i stova, som vanleg so pissetrengt at ho held på å gå i lufta.

Inventar flyg rundt øyra på dei to pleiarane, der den eine er hjelpepleiar medan den andre er assistent. Hjelpepleiaren kunne ha vore mora til Susann, og har gått og trakka og dilla på denne sjukeheimen sidan kyrne lærte seg å fise. Assistenten er so enkel og einfaldig at Susann mistenkjer ho for å vere tilbakeståande. Susann prøver å roe ned bebuaren, men er so stressa, pissetrengt og utbrent at bebuaren faktisk blir meir utagerande. TV-en blir nøkka ned frå veggen og kasta mot assistenten, som berre med naud og neppe klarer å dukke unna. I rolla som vakthavande sjukepleiar er det forventa at Susann skal handtere slike situasjonar. Det er derimot latterleg openbert at ho ikkje klarer å handtere akkurat denne. Lyt dei ringje ambulanse og politi og få mannen innlagt på psykiatrisk sjukehus før han jamnar sjukeheimen med jorda?

Som lyn frå klar himmel kjem ein framand, mannleg pleiar inn i stova. Susann snur seg rundt og ser på denne kraftige, temmeleg flotte karen. Han spradar verdsvant bort til den koleriske bebuaren og greier med eitt einaste ord å stoppe utageringa. Bebuaren stirer på han med blanke auge og ser ein tanke skjemd på alt rotet og den øydelagde TV-en. Det ser ut som at det ikkje blir Åndenes makt som TV-underhaldning i kveld. Mannen tek deretter med seg bebuaren inn på rommet sitt, og døra lukkar seg stilt. Susann står tilbake, heilt mo i knea av vill, yr, intens forelsking.

Kven er so denne mannen? Hjelpepleiaren svarer at det er Alfred, den nye helsefagarbeidaren. Susann rettar på namneskiltet sitt og dei to sølvsmykka, før ho og den sprengfulle blæra hennar trippar i veg mot døra. Ho strekkjer skuldrene bakover so dei digre brysta står rett ut. Alfred kjem ut av rommet. Der inne sit bebuar og ser på sin eigen TV medan han drikk solo og et snop. Alfred forklarer at mannen rett og slett var snopesjuk, men at han ikkje greidde å forklare det til personalet. Susann himlar med auga, klukkler og seier at dei som jobbar her ikkje akkurat er dei skarpaste knivane i skuffa. Ho sjølv er naturlegvis eit markant unntak!

Allereie før Alfred har kome bort til utgangsdøra, har Susann spurt han ut om sivilstatusen hans. Er han singel? Har han barn? Er han homo? Har han stor kuk? Klart, det siste spør ikkje den feite gra-tispa om, men omrisset på den kvite uniformsbuksa ser særs lovande ut. Ho legg ei hand silkemjukt på skuldra hans og ser han djupt inn i dei isblå, nordiske auga. Ho seier han er særs dyktig i jobben sin, og han raudnar lett av dette komplimentet. Ho følgjer etter han som ein forelska tenåring opp til hans eigentlege avdeling. Ho klarer knapt å ta auga sine vekk frå skrittet hans.

Etter ei tid med skamlaus kurtisering, flørting og love bombing, greier Susann å overtale Alfred til å bli med ho på ein tur på kafé på ein dag dei begge har fri. Ho fortel at ho har tre skjøne, vedunderlege barn, to gutar og ei jente. Alfred fortel at han ikkje har barn, men at han gjerne vil ha det. Han er i 30-åra, eldre enn Susann. Etter førti minutts kyndig avhøyr, har Susann fått heile forholdshistoria til Alfred. Han har ikkje vore i eit lengre forhold, og har aldri prøvd seg på farsrolla. Ho gnir seg i hendene medan ho tenkjer: «Utmerka! Då veit han ikkje kva slags endelaust slaveri han takkar ja til!».

Han blir med heim til den vesle, simple kjellarleilegheita som ho for tida leiger frå ein styrtrik hotelleigar. Ho er so pulesjuk at ho med éin gong byrjar å kline med han. Kjønnet hans veks og veks og veks. Ho sperrar opp auga med eit breitt smil då ho kjenner kor stor han er. Dæven, han kjem til å trengje seg langt opp i livmora på ho! Han er like sprengkåt som ho er, og snart står han der splitter naken framfor ho og spradar medan kuken står rett ut. Den er diger! Ballane hans er like enorme, og truleg sprengfulle av herleg, barneskapande sæd. Han ser ikkje ut som han har kome på ei stund, for å seie det mildt!

Susann har derimot ikkje tenkt å gje seg hen til han enno. Fyrst må han nemleg møte ungane hennar og vise at han kan ta seg av dei – altso at han kan stå til disposisjon til alle døgerets tider som ein 1800-tals kontrakttenar. Søvn og privatliv er berre å gløyme. Alfred vrir og strekkjer på seg då ho fortel han at ho vil vente litt med sexen. Ho køyrer den sprengkåte mannen heim til den vesle ungkarsleilegheita. Han har aldri eigd ein bil, til det har han tent for lite.

Fire dagar seinare troppar Alfred opp heime hjå Susann. Han lagar middag medan ho stikk og hentar dei tre barna i barnehagen. Den eldste guten ser ein tanke mutt på Alfred og spør om dette er nok ein «vikariat-pappa». Susann ler det heile vekk, ungar seier då dei raraste ting! Barna til Susann har tilfeldigvis årskort på det lokale leikelandet, eit årskort som dei tre fedrane har spandert på sine avkom. Leikelandet ligg i andre enden av byen, og Alfred må køyre sidan Susann er redd for å køyre på motorveg og i lange tunnelar. Dette gjer han med glede, for han er so pulesjuk at det lyser av han lang veg.

Etter ein lang, hektisk og ufatteleg stressande ettermiddag, blir Alfred med på å leggje ungane. Den langdryge, innvikla rutinen for å få dei til å sove blir framvist i all si prakt. Alfred har knapt slikt eit styr med å leggje dei eldre pleiepasientane på avdelinga si. Han er likevel fast bestemt på å bli ein slags stefar for tre barn. Han har iallfall ambisjonane på plass, når sjølv det å bli stefar til éin unge snur opp-ned på livet ditt. Har han gapt over meir enn han kan svelgje? Det vil berre tida vise.

Knapt tre veker går; den spengkåte sjukepleiaren klarer ikkje vente lenger. Susann inviterer Alfred til å dele seng med ho. Etterkvart byrjar dei å kline i mørket. Han kjærteiknar den digre kroppen hennar, det pjuskete blonde håret og dei to sølvsmykka. Ho mel som ein katt, for so forguda har ho ikkje blitt i sitt liv. Alfred nærast tryglar om å få kome inn i ho, og då ler ho hjarteleg. Stakkars mann, skulle tru han var jomfru! Ho greier derimot ikkje lenger å styre seg, og lèt han få viljen sin. Snart er hans enorme, enorme kuk inni ho. Ho stønner medan ho strekkjer på seg. Han vågar knapt å røre ein muskel, og er so forsiktig at det nesten er søtt. Ho er som vanleg so pissetrengt at ho held på å gå i lufta, men ho har i det minste ein kuk inni seg!

Medan han er inni ho og skal til å byrje å støyte, leverer ho følgjande krav til han: Han skal passe på ho og barna hennar, han skal aldri stikke av, han skal alltid vere ved hennar side. Elles drep ho han. Han går med på dette, so kåt at han nesten grin. Ho kitlar og kjærteiknar han so han nesten tørnar. Han byrjar å ta ho medan ho ligg der og ristar og rautar. Ein kort, stressa sprut kjem ut av den sprengfulle blæra, og ein høg fis blæs i trynet på fyren som ein illeluktande gufs. Den dissande sjøkua ligg bokstavleg tala der og fjertar og småpissar midt i eit samleie. Han er derimot altfor, altfor kåt til å springe tusen mil i motsett retning. Han er fanga som ein krabbe i ei teine.

Ho nyt, nyt, nyyyyt korleis han jobbar. Ho kan rett og slett ikkje dy seg. Vel vetande om at han nærmar seg klimaks, glefsar ho til han at han får faen ikkje kome enno. Eit sekund seinare eksploderer han medan han klynkar som ei lita jente. Susann er so sprengkåt at ho held på å gå i lufta, so Alfred blir aggressivt instruert til å bruke dei neste timane til å tilfredsstille ho med munn, tunge, fingrar, Brannmann Sam-figurar (!) og det som måtte vere tilgjengeleg rundt dette svarte hòlet av eit psykiatrisk tilfelle. Ho kjem igjen og igjen og igjen. Ekstasegryla kan høyrast i heile bydelen.

Midt på svarte natta vaknar Alfred og Susann av at to av ungane roper på dei. Alfred blir kommandert ut for å sjekke kva som plagar hennar ungar. Sjølv har ho tenkt å sove i minst åtte timar til – om ikkje lenger.

Ho har skote gullfuglen. Ho har funne ein ny «kontrakttenar». Kvar kveld etter dagens sjukt tunge dont,  spreier ho beina for desperate Alfred og slepper han inn i sitt himmelrike. Han er alltid vanvittig kåt, so det tek ikkje lange tida før han kjem. Han får berre kome éin gong for dag for å halde motivasjonen oppe. Det er om å gjere å gjere han avhengig av ho. Då må visse kompisar og familie ut av hans liv, for no er det berre ho og barna hennar som tydar noko! Ho har allereie valt seg ut dato for bryllaupet, og byrja å sjå på leilegheiter som dei to skal kjøpe saman. Leilegheita hans må naturlegvis seljast so fort som råd er, slik at han har ingen stad å vende tilbake til om alt skulle gå den vegen den pissetrengte høna sparkar. Om ho i tillegg får han til å blåse vekk alle sparepengane på unyttig skit til ho og barna, er dette berre ein beleilig bonus!

Djupt tilfredsstilte Susann sit på dass og pissar og skit so det syng i veggane. For augneblinken har ho det som ho vil, og då speler det ikkje noka rolle om leiinga på jobben nektar ho å bruke eigenmeldingar. Det treng ho ikkje no lenger, sidan ho har Alfred.

Og slik går no dagane. Alfred går meir og meir inn i farsrolla, og blir fôra med propaganda og desinformasjon om dei tre fedrane til barna. Desse mennene er naturlegvis svikarar, kujonar og vondsinna psykopatar som nokon burde drepe. Kanskje kan Alfred gjere det? Vel er Alfred like desperat etter fitte som Susann er etter kuk, men sjølv han set grensa ved overlagt drap!

Det tek diverre berre nokre månader før Alfred er utsliten og utbrent av det endelause slaveriet. Susann føler avsky overfor han, sidan han ikkje var den perfekte mannen ho såg føre seg i sine narsissistiske vrangførestillingar. I tillegg veit absolutt heile sjukeheimen at dei to er i lag. Personalgruppa rottar seg saman mot Alfred og kjem med anonyme bekymringsmeldingar om han til leiinga; Susann kan ha sådd eit og anna frø om mishandling av både ho, barna og til og med bebuarane. Alfred er for utsliten av Susann til å skjøne at ein konspirasjon mot han er i gjære. Susann har eit kalkulert raseriutbrot ein kveld og pælmar Alfred ut av leilegheita som dei kjøpte i lag for ein månad sidan. Alfred har ingen stad å fare, so han må overnatte hjå ein slektning til han får seg ein ny plass å bu. Susann har ikkje råd til å kjøpe Alfred ut, so dei sel leilegheita og deler kjøpesummen. Susann endar nok ein gong opp i ei kjip kjellarleilegheit. Alfred, som er utfryst frå heile personalgruppa og djupt hata, seier til slutt opp stillinga si som helsefagarbeidar ved sjukeheimen. Ingen veit kor han reiser, og ingen bryr seg. Susann har demonisert han og laga eit monster ut av han.

På grunn av sin ufyselege, utnyttande veremåte, er Susann nok ein gong singel. Nok ein gong æveleg stressa og pissetrengt. Ho må byrje jakta på ein ny kjærast, ein ny «kontrakttenar», men det er ikkje so lett når ho alltid er sliten fordi det alltid er jævla mykje å gjere på jobben. Derimot sa sjefen hennar på førre personalmøte at det neste månad skal byrje ein ny, mannleg sjukepleiar på korttidsavdelinga. Dette høyrest lovande ut. Er han singel? Har han barn? Er han homo? Har han stor kuk? Det ho veit, er at han som sjukepleiar tener meir enn Alfred, som berre er helsefagarbeidar. Ein kort, stressa sprut er alt ho rekk før ho like sinnssjukt pissetrengt må kave seg ut av den kommunale dassen og vidare til neste oppdrag.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s