Vondskap, galskap, dumskap? Eller alle tre?

Av dr. Vernon Coleman, The Exposé, 23.april 2022. Omsett av saksyndig.

For det fyrste, medan mest merksemd (med rette) vart retta mot dei menneskelege konsekvensane av Shanghai-nedstengingane, er der noko anna som skjer der.

Meir enn 30 firma som produserer essensielle elektroniske komponentar har måtte stoppe produksjonen i Kunshan, ein by som ligg nær Shanghai. Nedstengingsreglane som påverkar Shanghai har no spreidd seg til Kunshan.

Desse nedstengingane vil alvorleg skade Kina sin allereie tregtflytande økonomi.

Men det er ikkje berre Kina som vil bli påverka.

Fabrikkane som har måtte stengje ned, lagar ei rekkje elektroniske produkt – inkludert trykte kretsar, flatskjermar, linser og so vidare.

Resultatet av at dei stengjer vil vere global mangel på komponentar. Fabrikkar overalt vil måtte stengje.

So arbeidsløyseproblemet vil vekse.

Er dette Den ekte grunnen for Shanghai-nedstenginga?

For det andre har Verdas handelsorganisasjon omsider innsett omfanget av det globale problemet (som vi føresåg her for ein mannsalder sidan). Dei har kutta sin varehandelsspådom med ein tredjedel på grunn av mangelen på varer forårsaka av Ukraina-krigen og, viktigare, sanksjonane som Biden, Johnson og andre sette i verk.

Og Verdas handelsorganisasjon har sett at resultatet vil bli utbreitt svolt.

35 afrikanske land får mat frå Ukraina, Russland eller begge.

22 afrikanske land importerer gjødsel frå Ukraina, Russland eller begge.

Det er no forventa at kveiteprisar i enkelte delar av Afrika sør for Sahara kan stige med opp til 85%.

Fleire hundre millionar afrikanarar vil døy på grunn av krigen og dei kunstige sanksjonane som vart introduserte av Vesten.

Globalt folkemord er ein utmerka måte å redusere verdas befolkning utan at nokon merkar det. Borgarar i Storbritannia og USA kavar seg opp over borgarar i Ukraina, men ser ikkje ut til å bry seg om dei store taparane – fattige i Afrika.

For det tredje, produsentar av biomasse (bitar av tre som har blitt hogge ned og transportert enorme distansar for å bli brent på kraftstasjonar) driv lobbyverksemd i EU for å vatne ut reglar som ville ha beskytta skogar.

Nesten to tredjedelar av EU sin fornybare energi kjem frå brenning av ved.

Og biomasse-brennarane ønskjer å kunne hogge ned fleire skogar å gjere om til pellets som dei kan brenne for å produsere elektrisitet. (Alle dei elektriske bilane på vegane legg eit stort press på straumleverandørar.)

Merkeleg nok verkar klimaendrings-sekteristane (som ein gong sa at vi trong fleire tre) å vere entusiastiske om det å brenne tre i staden for fossilt drivstoff. Dei ser på det å brenne tre som «grønt» – sjølv om vitskapleg evidens viser at det å brenne tre er verre for miljøet enn å brenne kol.

Det er temmeleg mogleg at Covid-19-sprøytene som klimaendrings-sekteristane var so ivrige etter å få, kan ha skadd hjernane deira.

Eller kanskje var det munnbinda som dei med slik ein religiøs iver har gått med.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s