Fryktkultur, misunning og konspirasjonar på arbeidsplassen

Innlegget er henta frå derimot.no

Det skjer titt og ofte at ein arbeidstakar hamnar i unåde hjå arbeidsgjevar. Dette kan vere forhold som arbeidstakaren sjølv er skuld i, til dømes inkompetanse, rusmisbruk, ukollegial åtferd, tenesteforsømming, tjuveri eller misbruk av eigenmelding. Eit fellestrekk for desse er at dei er klassifisert som tillitsbrot. Det går omsider opp for arbeidsgjevar at han tilsette ein skulkande, inkompetent, uærleg alkoholikar, kanskje basert på lite anna enn ei god magekjensle på jobbintervjuet, eller at ein referanse skrytte vedkomande opp i skyene. Då er det på sin plass med disiplinærstraffer og til og med avslutning av arbeidsforholdet, for slike tilsette er like nyttige som eit hòl i hovudet; dei vil til slutt øydeleggje det vesle arbeidsplassen har igjen av godt renommé.

Andre forhold er det anten umogleg eller etisk gale å laste arbeidstakaren for. Her snakkar vi om tilfelle der arbeidsgjevar av ulike årsaker – uprovosert frå arbeidstakars side – byrjar å sjå på sin underordna som ein trugsel mot seg sjølv eller sjølve arbeidsplassen. Når arbeidsgjevar fyrst får dette synet på ein tilsett, blir det plutseleg svært lett å bli kvitt denne brysame personen. Då blir Arbeidsmiljølova beleilig ignorert, fagforeiningane gøymer seg i sine dunkle KS-grotter, og jus blir nærast avfeia som feilinformasjon og konspirasjonsteoriar. Det blir føreteke juridiske gymnastikkøvingar for å bli kvitt den tilsette. Denne hekseprosessen skal helst skje so raskt at ingen med reell kompetanse innan arbeidsrett får med seg denne grove uretten.

Det burde etter mitt syn vere barnelærdom at arbeidsgjevar ikkje er din venn. Det burde vere det fyrste ungdommar lærer når dei tek sine fyrste snublande steg ut i arbeidslivet. Klart, det blir på firmafestar tala store ord om at dei tilsette og leiinga nærast er som kompisar å rekne, og det blir framheva på innpust og utpust kor viktig det er å bidra positivt til det psykososiale arbeidsmiljøet. Dette er derimot berre tomme ord, og dei faktiske handlingane talar sitt tydelege språk. Ein tilsett er fyrst og fremst ein ressurs som arbeidsgjevar kan bruke (og misbruke) etter kva vedkomande finn for godt. Ein tilsett får jo pengar for å vere lojal mot sin nifse, ubereknelege overordna. Den tilsette sine faktiske arbeidsprestasjonar speler ei underordna, nesten ubetydeleg rolle. Her er det bokstavleg tala tanken som tel.

Ettersom menneske jo er ulike kvarandre frå naturen si side, er tilsette òg høgst ulike. Det finst dårlege tilsette, og det finst dyktige. Det er dei dyktige tilsette som driv hjula i det velsmurde maskineriet, og det er deira innsats som gjer at arbeidsplassen har eit godt rykte i sitt lokalmiljø. Desse er eldsjeler og idealistar, og gjer verda til ein betre stad. Dei mest briljante av dei kan telje på éi hand sine fråværsdagar i løpet av eit arbeidsår. Dei er like pålitelege som tidevatnet.

So har vi dei som i beste fall gjer ein middelmådig eller beint fram elendig innsats. Dei reknar det som godt nok å møte opp på jobb, og so får heller ting skure og gå. Dei utnyttar IA-bedrifta si sjenerøse eigenmeldingsordning til det skamlause, og er titt og ofte sjukemeldt når talet eigenmeldingsdagar er brukt opp. Dei ser på sine dyktige kollegaer ikkje som ein ressurs, men som ein trugsel. Desse individa dannar seg dermed alliansar med sine like slurvete og uvørdne kollegaer, der den overordna agendaen er å skvise ut dei dyktige tilsette – som diverre alltid er i mindretal på sin eigen arbeidsplass. Leitar ein lenge nok, finn ein alltid minst éin kontroversiell ting om ein tilsett. Ingen er feilfrie, minst av alle dei som påstår at dei sjølv er det.

Modus operandi til desse vesena er ein arbeidslivets manifestasjon av sjølvopphaldingsdrifta – viljen til å gjere det som trengst for å overleve. Dei prøver å dekkje over si eiga fåkunne ved å påpeike feil i arbeidet som deira langt dyktigare «trugsel» utfører. Når feila ikkje er alvorlege nok til å utløyse reaksjonar frå leiinga, går dei over til å finne feil i kollegaen sin personlegdom og veremåte. Igjen, leitar ein lenge nok, finn ein alltids noko som ikkje toler dagslys, det vere seg politisk ståstad, fritidssyslar, toalettvanar, underlege sexfetisjar og liknande smuss, snusk og fanteri. Hadde ikkje desse underytarane utført slike svertekampanjar, hadde fokus blitt flytta over på deira eigen tvilsame innsats og arbeidsetikk – og då hadde dei lege dårleg an!

I Noreg er misunning ei sterkare drivkraft enn sjølvaste kjønnsdrifta. Dette er so sjølvinnlysande at eg reknar det som eit aksiom. Eit anna aksiom er at det finst dårlege leiarar. Ikkje berre finst dei, dei ser ut til å utgjere eit fleirtal. Eg jobba sjølv femten år i den kommunale helsesektoren. Eg har hatt mange leiarar. Dei fleste skulle knapt ha fått lov til å bestemme over sin eigen økonomi, langt mindre bestemme over ei heil personalgruppe. Det er ikkje dei dyktigaste tilsette som blir belønna med ei leiarstilling – det er dei som er flinkast til å snakke for seg med sine overordna (les: sleikje ræver). Dårleg leiing ser frå min erfaringsbakgrunn ut til å vere hovudregelen – iallfall i kommunal sektor. Kommunale mellomleiarar blir tydelegvis betalt for oppmøte – om dei då gidd å møte opp i det heile (dei jobbar jo i ei IA-bedrift…).

Ein nytilsett leiar står føre mange fallgruver. Vedkomande må umiddelbart finne den leiarstilen som ho trur vil passe ho best. Ein leiar som har ei slik fryktinngytande utstråling at dei tilsette blir fysisk uvel av å vere nær ho, kan ikkje rekne med å bli respektert, langt mindre lika, av personalgruppa. Då er det einaste alternativet å bli frykta i staden for. Den einaste leiartypen tilsette avskyr meir enn ein totalitær leiar, er ein vinglete leiar. Linja må vere konsekvent, beinhard og nådelaus – sjølv i tilfelle der denne framgangsmåten strir imot sunn fornuft og enkelte menneskerettar. Alt ugras må lukast opp med rota, og bakken setjast fyr på; so får det heller våge seg at plenen ser ut som ei slagmark. Innføring av fryktkultur på ein arbeidsplass er diverre langt vanlegare enn dei fleste vil vedkjenne seg. Det er òg lettare enn mange trur. Speler ein vondsinna leiar korta sine riktig, vil ho snart få seg ein liten «hær» av tilsette som lojalt tystar på kollegaer som ikkje lever heilt opp til arbeidsplassen sin visjon eller etiske standard.

Er det fyrst innført fryktkultur på ein arbeidsplass, lagar dette god grobotn for at middelmådige tilsette kan konspirere mot ein dyktig kollega som dei oppfattar som ein trugsel mot sin eigen «karriere». Med ein slik leiar vil dei tilsette ha to grunnar for å skvise ut brysame tilsette: 1) dei vil fjerne personen som set dei sjølve i eit dårleg lys, 2) dei vil gjere alt for å tilfredsstille sin nifse overordna. Før eller seinare vil dei erfare at det er langt lettare å bli kvitt den tilsette enn å gjere den skumle sjefen fornøgd. Det kjem nemleg ein vakker dag der sjefen vender blikket mot dei udugelege nauta som knapt nok fungerer i lønt arbeid.

Eg vart sjølv eit offer for denne prosessen. Sjukeheimen eg jobba på fekk ny einingsleiar, midt i verste koronakrisa. Den tidlegare einingsleiaren var populær blant bebuarar, pårørande og personale – og ikkje minst var han min viktigaste allierte på arbeidsplassen. Den nye einingsleiaren var hans rake motstykke. Det vart innført ein fryktkultur der tilsette vart oppfordra til å tyste på kvarandre. Mitt namn dukka opp nesten med éin gong. To tilsette som eg trudde eg kunne stole på, gjekk bak min rygg og samla det dei tolka som «illojal og ukollegial oppførsel». Denne oppførselen tok dei aldri opp med meg direkte. All denne informasjonen gjekk til den nye einingsleiaren, som i staden for å opprette dialog med meg, valde å straffe meg. Som «løn» for innsatsen sin, fekk ein av dei tilsette ei leiarstilling, medan den andre fekk ei stilling i administrasjonen. Eg kan personleg skrive under på at dei to tilsette ikkje akkurat ville ha vunne ein meisterskap i helsefagarbeid. Ein annan tilsett vart i tillegg pressa til å avleggje falsk forklaring mot meg. Som takk for «innsatsen» fekk denne ufaglærte tilsette medisindelegering, noko som er høgst uvanleg. Hadde den tidlegare einingsleiaren framleis vore der og styrt skuta, hadde eit slikt komplott mot ein dyktig tilsett aldri funne stad. I ettertid, då artikkelen min hadde blitt publisert på hemali.no og derimot.no, har eg gjennom anonyme kommentarar på sistnemnde nettstad blitt forsøkt framstilt som ein kollega som ikkje gjorde jobben min fordi eg var for oppteken av «vrangforestillinger» og «misjonering». Det seier litt om vårt noverande forhold at mine tidlegare kollegaer heller kommenterer anonymt på ein nyheitsblogg enn å kontakte meg direkte.

Finst det ein måte å unngå misunning og dei særs negative konsekvensane av ein fryktkultur? Det som alle sjølverklærte arbeidslivsekspertar tilrår, er å rett og slett skifte arbeidsplass. Slik type konflikt er sett på som uløyseleg. Ved fyrste augnekast ser dette rimeleg ut. Brenn huset, so forlét du det. Men kva om denne frykt-, tystar- og konspirasjonskulturen blir universell i arbeidslivet? Kva om kvar einaste avdeling i helsesektoren blir åstad for slik ein hekseprosess mot dyktige tilsette? Skifte arbeidsplass høyrest då ut som å flytte over til eit anna hus når heile byen står i brann. Skal eg med vilje gjere ein dårlegare jobb med bebuarane for ikkje å bli offer for misunning, komplott og juridiske gymnastikkøvingar?

Eller, i våre dystre tider, skal eg berre halde kjeft når det skjer overgrep på høglys dag under dekke av «smittevern»? Det skjer berre ikkje.

Kvifor skal ein berre fjerne den uskuldige, hardt arbeidande parten? Burde ein ikkje fyrst og fremst gjere det slik at personar går gjennom ein slags psykologisk test før dei får tre inn i leiarstillingar på alle nivå? Eller rett og slett fjerne kollegaer som berre lagar kvalme utan å bidra til det psykososiale arbeidsmiljøet? Kva for ein «kultur» vil vere att når alle dyktige tilsette blir mobba vekk frå helsesektoren? Skrekk og gru, eg vil ikkje setje mine bein i eit slikt helseføretak!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s