Den australske journalisten og aktivisten Monica Smit har saman med sine støttespelarar oppretta ei rørsle som heiter Reignite Democracy Australia (direkte omsett: ‘tenn på igjen demokrati Australia’). Følgjande video ligg ute på heimesida deira:
Videoen, fortalt av Smit, er ei sjokkerande og hjarteskjerande oppsummering av stoda i Australia slik ho har vore heilt sidan «pandemien» starta. Videoen viser overgrep på høglys dag mot det australske folket, og Smit sjølv bli arrestert 31.august i år for incitement, som tydar oppfordring til straffbare handlingar. «Brotsverket» hennar var å oppfordre folk til å delta i demonstrasjonar mot regimet og deira undertrykkjande «tiltak». Demonstrasjonar, sjølv fredelege, er ulovlege i Australia under dekke av «smittevern». Som regel blir politi sendt til demonstrasjonane for å skyte på demonstrantar med gummikuler, sjølv dei som flyktar frå staden. Dette har ingenting med helse å gjere. Dette er ein krig mot det australske folket, utført av staten.
Ho sat heller tre veker i fengsel enn å godta vilkåra for lauslating i påvente av rettssak. Vilkåra innebar blant anna at ho lét vere å publisere saker som kunne vere i strid med dei sokalla «helselovene» (health orders), i tillegg til å fjerne alt materiale som var i opposisjon til nemnde «lover». Ved å godta desse vilkåra, noko ho heldigvis ikkje gjorde, ville både ho og Reignite Democracy Australia ha blitt tagde i hel for godt.
Ho leiar no ein aksjon som krev erstatning på vegner av det australske folket for overgrep begått av styresmaktene i koronaens namn. Utfallet av hennar eiga rettssak er i skrivande stund framleis ikkje kjent.
Situasjonen i Australia er absurd og skremmande. Overfører ein dette til Noreg, ville det tilsvare at Julia Schreiner Benito i Hemali eller Margrethe Salvesen hadde blitt arrestert av politiet, fengsla og tvinga av ein dommar til å leggje ned nettsidene sine og halde kjeft for all framtid. Vi er heldigvis ikkje der. Enno. Hugs at den som gjev opp fridom i byte mot «tryggleik» fortener ingen av delane og vil miste begge.