At det er feriemodus på den aude sjukeheimen for tida, er det ikkje tvil om. Milde himmel! Leiinga har for lengst meldt seg ut av den alvorlege bemanningskrisa, og er knapt å sjå på arbeidsstaden for tida. I eit forsøk på å avlaste den kronisk underbemanna personalgruppa, har kommunen leigd inn ungdommar for å tilberede måltid og rydde rundt om på fellesareal og på rom – sokalla kjøkkenhjelper. Desse er so unge at dei bokstavleg tala ikkje har lov til å delta i stell; Arbeidsmiljølova forbyr det eksplisitt. Altso må dei halde seg på kjøkkenet og diverse andre stader der stell (forhåpentlegvis!) ikkje skjer.
Éin ting er feriemodus. Ein annan ting er fråværet. I det siste har eg observert noko som bekreftar ein mistanke eg har hatt i lengre tid, at personalet ikkje nødvendigvis alltid er vekke frå jobb på grunn av reell sjukdom. Til dømes vart ein kollega sjukemeldt tilfeldigvis to veker før ho byrja på ferie. Og ho reiste på ferie til utlandet. Det ser ut som om sjukemeldinga gjekk ut akkurat like før ho skulle til utlandet, noko som jo var særs beileleg for ho. Deretter kom ho tilbake igjen etter Syden-ferie, bronsebrun i huda. Ei rein hån mot dei av oss som faktisk gadd å kome på jobb. Men, for alt eg veit kan ho vere i slekt med fastlegen, eller ein god venn. Ho fekk iallfall to veker ekstra betalt ferie.
Nyleg hadde vi personalmøte. Bemanningssituasjonen vart ikkje nemnt med eit ord. Mesteparten av møtet vart pussig nok brukt på eit gruppearbeid der vi skulle lage risikoanalysar rundt det fysiske arbeidsmiljøet. Eg var den einaste på mi gruppe som visste korleis ein utførde ein risikoanalyse. Eg førde opp bemanningssituasjonen på lista, blant fleire andre punkt. Logikken min var følgjande: Er der for lite folk, fører det til meirarbeid for dei som er igjen, og dermed er risikoen større for at ein gjer feil som kan påføre personskade på både personale og bebuarar. Det einaste som er farlegare enn ein sliten pleiar, er ein sliten bussjåfør!
Den bronsebrune kollegaen som tok seg «ekstra ferie» var tilfeldigvis på mi gruppe. Då eg nemnde litt sånn i forbifarten at arbeidsgjevar burde innføre krav om legeattest ved sjukefråvær som mellombels kontrolltiltak for å minske sjukefråværet, såg dama ut som ho skulle eksplodere. Hadde ho ikkje vore so uforskamma solbrun i leten, hadde ho truleg vore raud som ein tomat. Berre tanken på ansiktsuttrykket hennar får meg til å le høgt no i ettertid.
Men frå spøk til alvor. Vår nye læring fortalde meg her om dagen noko urovekkjande som fann stad ei seinvakt for ikkje so lenge sidan. På grunn av «sjukdom» i personalgruppa, hadde ho som grøn lærling gått ei vakt åleine med ein utanlandsk ufaglært. Dette er stikk i strid med både prosedyrar og rådande praksis; lærlingar kan berre gå som sjølvstendig personale etter eit visst tal månader, eller når dei sjølv føler dei er klare for det. Ingen av delane gjaldt for ho. Ho skulle eigentleg gått på topp saman med ein erfaren faglært pleiar, men denne personen valde då å skofte jobben.
Då ein bebuar skulle forflyttast frå toalett til rullestol, løfta denne utanlandske ufaglærte mannen ho opp frå toalettet utan hjelpemiddel, og over i stolen. Under forflytninga oppstod det personskade på bebuaren, som skreik høgt av smerte. Ho fekk ei lang flenge i låret som seinare måtte stripsast og bandasjerast av ein temmeleg irritert vakthavande sjukepleiar, som ifølgje lærlingen kalla heile hendinga for «uforsvarleg». Vanlegvis bruker ein på denne bebuaren heis under slik forflytning. Ein faglært pleiar ville aldri ha gjort noko slikt, men den ufaglærte mannen valde å flytte bebuaren fort og gale med eigen muskelkraft, noko som openbert ikkje gjekk so bra. Han kunne ikkje ha skadd dama meir om han hadde slengt ho rett i golvet. Ifølgje ein annan kollega er denne bebuaren no livredd for mannen – forståeleg nok.
Ved eit pussig samantreff tek mannen vakter på den kommunale sjukeheimen som eg vart pælma ut av i fjor sommar. Han er på den måten det einaste bindeleddet eg har til den staden, og er difor ei viktig kjelde for å få ut informasjon bak dette kommunale jarnteppet. Kvar gong han har vore på vakt der, ber kollegaene han om å helse til meg. Mange av dei lurer på korleis det går med meg. Ingen av dei har derimot på noko tidspunkt sidan sommaren 2021 teke kontakt med meg. Sannsynlegvis torer dei ikkje det, med tanke på kven som er einingsleiar der.
At den ufaglærte utlendingen var so uvørden at han påførde ein brukar personskade ved å ikkje bruke anbefalte hjelpemiddel, er uheldig og kritikkverdig. At han gjorde slik ei «manuell forflytning» åleine medan det stod ein lærling og såg på, er òg noko som er grunn til å stille spørsmålsteikn ved. Lærlingen sa sjølv at han nekta ho å hjelpe han fordi ho er gravid. Men kvifor vart ikkje heisen brukt i fyrste omgang? Hadde ingen gjeve dei opplæring? Vakthavande sjukepleiar skal visstnok ha skrive eit flammande avvik på hendinga, og dette var ikkje berre eit avvik, men eit avvik med personskade. Situasjonen stiller seg i ei lang, lang rekkje av tvilsame og underlege hendingar som har funne stad på sjukeheimen sidan eg byrja å jobbe der i fjor haust.
Er sjukeheimen på randa av kollaps, slik som resten av den norske helsesektoren skal seiast å vere? Den dokumenterte forvitringa av arbeidsetikk er ein kraftig indikator på det. Store delar av personalgruppa tek lovpålagt ferie og «betalt ferie» (sjukemelding) om kvarandre, i tide og utide. Dei følgjer strategien som slike halvgamle kjerringar har utvikla: Stress, kav og mislykka forsøk på idealyting ein månads tid, ein arbeidsmåte som er garantert å slite dei ut slik at dei «møter veggen» eller blir «utbrent». Deretter piler dei snufsande og grinande til sin gode venn fastlegen og får sjukemelding eit par-tre-fire veker – for so å kome tilbake igjen på sjukeheimen og gjenta «prosedyren». Eg som tek det meir med ro og har eit meir realistisk syn på eldreomsorg, blir nærast skulda for å vere lat og likesæl (!). Dei seier det aldri rett ut, men dei skarpe blikka og dei rare lydane seier meir enn dei trur. Kven av oss er mest til nytte for arbeidsgjevar? Eg som gjer jobben min og aldri er vekke, eller kjerringane som brenn vekk energi på intrigar og unødvendige detaljar, og som skoftar jobben annakvar veke? Eg er faktisk den einaste der som verkeleg jobbar 100%.
Det elendige psykososiale arbeidsmiljøet blir stundom forsøkt forbetra med boksis, som blir servert av sjølverklærte eldsjeler og primus motorar – når dei ein sjeldan gong gidd å avbryte sjukefråværet for å stikke innom arbeidsplassen. Isen smeltar vekk utan at nokon et den. Eg prioriterer ikkje is-eting når fem alarmar ringjer samstundes på to avdelingar. Då er det verre med visse kollegaer…
(Korleis er det fysiske arbeidsmiljøet? Vel… Bygningen med inventar dett omtrent i frå kvarandre. Vaktmeisteren burde ha fiksa det, men det verkar frå min ståstad som om han er meir oppteken av å auke folketalet i bygda enn å vedlikehalde kommunal eigedom.)
Ungdommar og utlendingar blir nærast henta inn frå gata for å fylle dei mange vakansane. Der er mykje bruk av slektningar, men i dette tilfellet er nok dette uunngåeleg, for so godt som heile befolkninga i utkantkommunen er i slekt med kvarandre. Eg har ein mistanke om at somme er dobbelt i slekt. Alle liknar liksom på kvarandre…
Fordi so mange i personalgruppa skoftar jobben, må mora til ein av sjukepleiarane inn og jobbe av og til. Sjølv om ho er langt oppi 70-åra, er ho utruleg nok sprekare enn dei fleste som er 30-40 år yngre enn ho – og som er «sjukemeldt»/på «betalt ferie» titt og ofte. Ho har vore i gamet i mange Herrens år, faktisk sidan kyrne lærte seg å fise. Det kan ho faktisk dokumentere. På eige initiativ viste ho meg ein kveld eit svart-kvitt-bilete frå den dagen ho vart uteksaminert frå Sygeplejerhøiskolen i dåverande Christiania, meir spesifikt på ein «Districts-Institution for Aandssvage». På plenen framfor den staselege bygningen stod eit kull med 40 sjukepleiersker, alle kledde i Florence Nightingale-aktige antrekk med skjørt, kvitt forkle og kvite kyser på hovuda – alle av dei alvorlege som svartaste grava. Og der, i bakgrunnen, på ein bø, stod forsyne meg ei rekkje kyr og såg på at ei «sjefsku» stod og peikte på ei tavle med ein peikestokk. På tavla kunne eg sovidt skimte ei tekning av ei ku som sleppte ein fis. Kyrne lærte seg å fise akkurat den dagen denne pensjonisten vart sjukepleiar!
Om få dagar går eg ut i min fyrste ferie sidan 2020. Om eg speler korta mine riktig og held meg underdanig i bakgrunnen, kan det hende eg unngår å få sparken i år igjen.