Personalmangelen er verre enn nokosinne – vil Pandemiavtalen til WHO vere utløysaren for kollaps av den norske helsesektoren?

Den aude sjukeheimen eg for tida jobbar på har ein personalmangel som berre blir meir og meir kritisk. Folk blir sjukare og sjukare, og er meir og meir vekke frå jobb. Situasjonen er det verste eg har opplevd i mine 16 år i helsesektoren, og mykje tydar på at heller ikkje dei meir erfarne kollegaene har sett på maken. Skummelt nok ser enkelte av dei ut til å leve i fornekting når det gjeld kva som er årsaken til dette historiske sjukefråværet. Ingen ser ut til å ville vedkjenne seg at sjukefråværet med få unntak finn stad hjå dei som er fullvaksinerte med mRNA-injeksjonane mot SARS-CoV-2. Denne elefanten i rommet går alle ut av sine gode skinn for å ignorere. Dei meiner det berre er tilfeldig at folk ligg nede for teljing med luftvegsinfeksjonar langt ut i mai månad.

Situasjonen er ikkje unik for min arbeidsplass. Noverande avdelingsleiar på sjukeheimen seier at stoda er nøyaktig den same i den langt større nabokommunen. Faktisk er situasjonen langt verre der, sidan dei har fleire stillingar som må fyllast. Vikarar veks ikkje lenger på tre, og sjølv dei private vikarbyråa slit no med å levere arbeidskraft rundt om på dei ulike helseinstitusjonane. I eit desperat forsøk på å auke bemanninga tok den aude sjukeheimen nyleg inn to vikarar frå byrå. Ingen av dei er nemneverdig flinke i norsk – eller engelsk. Pussig nok ville ingen av kollegaene ha dei på opplæring (!), so eg fekk den eine nærast dumpa i fanget på meg. Etter å ha prøvd (og feila) å kommunisere med ho, dumpa eg jenta over på den utanlandske kollegaen min. Norskkunnskapane til desse to vikarbyråjentene er so dårlege at sjølv mine utanlandske kollegaer uttrykkjer frustrasjon. Dei lurer på kvifor dei jobbar der om dei ikkje kan språket.

Akutte språkproblem er éin ting. Sist fredag opplevde eg den noko bisarre situasjonen at tre kollegaer måtte forlate arbeidsplassen på grunn av akutt sjukdom. Berre hardt arbeid og diverse «kutting av hjørne» fekk oss gjennom resten av vakta. Avdelingsleiar, sjefen min, måtte tre til og hjelpe, når ho heller burde sitje og ringje etter folk for helga. (Ho fekk inn folk til slutt, men det vart 100% overtid på dei alle.)

Jobbsituasjonen kan fort eskalere til katastrofale nivå i våre særs usikre tider. Eg har vore open med sjefen min om WHO sitt møte i Genève denne veka, og deira vondsinna planar om å få godkjent den sokalla Pandemiavtalen, som vil gje WHO rett til å ikkje berre definere når noko blir ein pandemi eller ei internasjonal helsekrise, men som òg vil gje WHO rett til å overstyre lovene i alle dei 194 medlemslanda. Sjefen min hadde ikkje eingong høyrt gjete slik ein avtale, langt mindre at WHO og FN i lengre tid har prøvd å gjere seg sjølv til ei de facto verdsregjering. Ho er derimot på veg til å vakne frå korona-massepsykosen og innsjå at det i beste fall er diskutabelt det «våre» folkevalde, etter instruksar frå nettopp WHO, har drive med dei siste åra. Dei har ikkje handla i våre interesser, for å seie det mildt.

I vår samtale som fann stad nettopp den katastrofale fredagen der det var mannefall i personalgruppa, pakka eg ikkje ting inn. Eg sa at eg vurderte det som høgst sannsynleg at WHO sin Pandemiavtale ville bli godkjent, mellom andre av «vår» helseminister Ingvild Kjerkol, som for tida er i Genève på WHO-møtet (medan «vår» Espen Barth Eide visstnok er på WEF sitt møte, som finn stad i same land på nøyaktig same tidspunkt). Dette vil medføre at der vil kome WHO-direktiv om tvangsvaksinering, og at Noreg som WHO-medlemsland dermed innføre dette. Eg illustrerte dette med eit sannsynleg scenario på vår arbeidsplass: Hennar overordna, pleie- og omsorgssjefen og hans overordna, rådmannen, ville ein vakker dag få eit rundskriv frå helseministeren der ho henviser til WHO si Pandemiavtale, og på det grunnlag krev injisering med mRNA-vaksinane på dei uvaksinerte medlemmene av personalgruppa. Deretter ville eg og dei tre andre uvaksinerte på arbeidsplassen bli kalla inn på teppet i administrasjonen og bli gjevne valet mellom å ta vaksine, eller godta avskjed.

Sjefen min vart temmeleg sjokkert. Ho sa at dette høyrdest svært merkeleg ut. Trist nok har ho ikkje følgt med på kva som rører seg i kulissane til denne eliten. Ho er ikkje å klandre. Denne informasjonen formidlar ikkje akkurat NRK og TV2. No for tida har ho som avdelingsleiar meir enn nok med å få inn folk på ledige vakter – og dei er det mange av. Tanken på å misse oss som er uvaksinerte må for ho framstå som skremmande, for det er jo vi som er minst vekke frå jobb. Dei fullvaksinerte kollegaene er vekke frå jobb annakvar veke. Å fjerne dei uvaksinerte, dei friskaste og mest stabile kollegaene, er å skyte seg sjølv i foten, men kjem det instruksar om det frå høgste hald, vil dette diverre vere irrelevant. Eliten risikerer heller ein fullstendig kollaps av helsesektoren, akkurat som dei gladeleg framprovoserer ein kollaps av heile den vestlege sivilisasjonen slik vi alle kjenner den.

Ho spurde forsiktig kva vi hadde tenkt å gjere om dette vart ein realitet. Eg svarte at vi ikkje ville gje oss utan kamp. Vi ville spleise på ein advokat og ta dette til retten – om ting eskalerte til slikt eit nivå. Ho sa med ei lett skjelven stemme at ho ikkje trudde dette ville skje. Ho høyrdest meir eller mindre vantru ut. Det kunne eg forstå, for ho kunne rett og slett ikkje forstå korleis arbeidsgjevar kunne gå i gang med å opprette særs tvilsame avskjedssaker midt under den verste personalmangelen i manns minne. Eg minte ho om kontroversen rundt min eigen avskjedssak, som ho har kjennskap til i kraft av å vere sjefen min.

Om WHO i verste fall skulle få gjennomslag blant medlemslanda om Pandemiavtalen når møtet i Genève sluttar 28.mai, vil derimot ikkje avtalen bli implementert på dagen. Ein snakkar om at det vil skje i løpet av 2024. Når ein ser på situasjonen i verda i dag, der alt som kan gå gale tydelegvis har gått gale, tviler eg på at verda slik vi kjenner ho i det heile teke vil eksistere i 2024. Vil den eksistere i slutten av dette året? Det vil berre tida vise.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s