Større supermarknader forbyr kontant- og kortbetaling og aksepterer berre betaling med digital ID eller ansiktsgjenkjenningsteknologi

Henta frå The Exposé, 24.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Alle større supermarknader vil i ei svært nær framtid ikkje lenger akseptere betaling med kontantar eller kort, og i staden tvinge kundane til å bruke ansiktet sitt eller fingeravtrykk for å betale for essensielle varer, i det som er nok eit stort sprang mot eit dystopisk kontantlaust samfunn.

Mastercard lanserte nyleg eit program der kjøpmenn kan tilby biometriske betalingsmetodar, slik som ansiktsgjenkjenning og fingeravtrykk-scanning. I kassa vil brukarane bli tvinga til å autentifisere betalinga si ved å vise ansiktet sitt eller handflata i staden for å få betale med kort eller kontantar.

Programmet har allereie blitt sett i verk i St Marche-butikkar i Sao Paolo, Brasil, med fleire forsøk òg planlagt for Asia og Midtausten. Mastercard seier at dei planlegg å rulle det ut globalt seinare i år.

Betalingsselskapa ønskjer å rulle ut programmet over heile verda for små og store kjøpmenn. Ajay Bhalla, cyber- og etterretningspresident i Mastercard, sa: «Måten vi betaler på må halde tritt med måten vi lever, arbeider og gjer forretningar på, og må tilby val til kundar som har det høgaste tryggleiksnivået.»

«Målet vårt med dette nye programmet er å gjere handling om til ei flott oppleving for både kundar og kjøpmenn, og tilby det beste når det gjeld både tryggleik og beleilegheit.»

«All forskinga vi har gjort so langt har fortalt oss at kundar elskar biometrikk.»

Utførde Mastercard marknadsforskinga si i Kina? Det høyrest verkeleg sånn ut.

Den noverande vinklinga som er brukt for å rettferdiggjere bruken av biometrikk-betalingssystemet og tvinge offentlegheita til å leve i eit dystopisk kontantlaust samfunn, er at det vil «føre til kortare køer, vere meir hygienisk enn å slå inn ein pinkode, og vere mindre sårbart overfor bedrageri.»

Ein talsperson for Mastercard sa: «Ikkje meir fomling etter mobilen din eller jakting på lommeboka di når du har hendene fulle – den neste generasjonen av personleg betaling vil berre trenge eit raskt smil eller vinking med handa di. Den pålitelege teknologien som bruker ansiktet eller fingeravtrykket ditt for å låse opp telefonen din kan no bli brukt til å hjelpe kundane kome seg raskt gjennom kassa. Med Mastercard sitt nye Biometric Checkout Programme, er deg sjølv alt du vil trenge.»

Mastercard siterte ein studie som påstår at 74% av den globale befolkninga har ei «positiv haldning» til biometrikk. Det talet er høgst tvilsamt, men er dei 74 prosenta klare over farane ved å implementere denne forma for teknologi?

Alle systema til digital ID og datainnsamling er sårbare til tryggleiksbrot. Equifax-brotet, til dømes, kompromitterte oppsiktsvekkjande 145,5 millionar Social Security-tal. På grunn av potensialet for cyber-brot, kan hackerar i framtida setje heile system i risiko på ein endå verre måte.

Oppkomsten av kunstig intelligens tydar òg at, i det data frå digitale ID-system blir samla, algoritmar blir byfde inn som kan ha stor påverknad på menneske. Desse systema, som dataa sjølve, er derimot verken transparente operasjonsmessig eller til og med tydelege rundt kven eller kva som byggjer dei opp, og for kva slags føremål.

Det kan skje, i framtida, at menneske vil finne ut at dei ikkje lenger har kundeval slik som lågkostnadsbanklån på grunn av vala til algoritmane der arbeidsmåten deira ikkje er openberr for offentlegheita.

Den einaste måten å stoppe implementeringa av dette drakoniske systemet, er å alltid betale med kontantar medan bruken av denne nye teknologien forblir valfri.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s