Kvifor kjøpte den amerikanske regjeringa 13 millionar apekoppe-vaksinar frå eit biotech-selskap støtta av Fauci?

Av Arsenio Toledo, Natural News, 23.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Etter å ha bekrefta at USA har eitt positivt tilfelle av apekoppar, kjøper den føderale regjeringa straks 13 millionar apekoppe-vaksinar frå eit dansk biotech-selskap med sterke band til dr. Anthony Fauci og hans National Institute of Allergy and Infectious Disease (NIAID).

Centers for Disease Control and Prevention (CDC) har bekrefta eitt tilfelle av apekoppar hjå ein mann frå Massachusetts, som nyleg hadde vore på reise i Canada. Ein annan pasient i New York City har testa positivt for orthopoxvirus, familien av virus som apekoppar tilhøyrer, og blir for tida overvaka og behandla som eit «truleg positivt» tilfelle fram til CDC sjølv bekreftar at pasienten har apekoppar.

Seks fleire menneske blir overvaka for moglege teikn på apekoppar etter at dei sat nær ein asymptomatisk reisande på eit fly frå Nigeria til Storbritannia tidleg i mai.

Straks etter bekreftinga av USA sitt fyrste positive tilfelle, vende den føderale regjeringa, gjennom Biomedical Advanced Research and Developmental Authority (BARDA) under Department of Health and Human Services, seg til det danske biotech-selskapet Bavarian Nordic for å sikre seg apekoppe-vaksinar.

Apekoppe-vaksinar er visstnok rundt 85% effektive i å handtere apekoppar. Regjeringa sin kontrakt med Bavarian Nordic gjeld modifiserte apekoppe-vaksinar til ein verdi av 119 millionar dollar.

Vaksinane vil vere frysetørka for å forlenge lagringstida. Marknadsføring vil byrje i 2023 og 2024.

Kontrakten inkluderer òg regjeringa sitt val om å kjøpe fleire apekoppe-vaksinar til ein verdi på 180 millionar dollar. Dersom dei tek det andre valet, vil det utgjere rundt 13 millionar frysetørka dosar av apekoppe-vaksinar.

Fauci sitt NIAID gav Bavarian Nordic 100 millionar dollar

Ein skal merkje seg at Fauci sitt NIAID gav rundt 100 millionar dollar til Bavarian Nordic for forsking på apekoppe-vaksinar tidleg på 2000-talet. Dette er rundt same tid då den føderale regjeringa fyrst arbeidde med Bavarian Nordic om utviklinga, marknadsføringa og forsyninga av apekoppe-vaksinar for USA.

Per dags dato har Bavarian Nordic forsynt regjeringa med nesten 30 millionar dosar av den væske-frosne versjonen av apekoppe-vaksinane, der det store fleirtalet vart levert til USA til og med før Food and Drug Administration gav naudgodkjenning til vaksinen i 2019.

Bavarian Nordic sin modifiserte apekoppe-vaksine fekk naudgodkjenning til bruk mot apekoppar i september 2019, fleire månader før starten på Wuhan koronavirus (Covid-19)-pandemien.

Bavarian Nordic sine aksjar går i vêret etter vaksineordrar

Fauci-støtta Bavarian Nordic sine aksjar, BVNRY, gjekk i vêret etter at dei vann store kontraktar for vaksinar mot apekoppar ikkje berre frå den amerikanske regjeringa, men òg frå minst eitt anna land i Europa.

Etter Bavarian Nordic si pressemelding om at dei hadde vunne desse massive ordrane, gjekk BVNRY opp med meir enn 68%. Samuel O’Brient, ein skribent i temaet finansielle nyheiter for InvestorPlace, sa at dette er sannsynlegvis berre byrjinga på selskapet sin nye vekstkurve.

«Bavarian Nordic er i den unike posisjonen at dei er i stand til å tilby eit produkt som heile verda snart kan trenge. Land som framleis slit med auke i Covid-19-tilfelle, og andre smittsame sjukdommar er det siste nokon treng. Ein sjeldan virusvaksine frå ein lite kjent legemiddelskapar kan vere i ferd med å hindre den neste offentlege helsekrisa,» skreiv O’Brient.

«Covid-19-vaksineracet førde med seg ein ny biotech-boom i det investorfokus flytta seg til den farmasøytiske sektoren. Wall Street kan vere i ferd med å sjå det same fenomenet spele seg ut i det andre biotech-aksjar aukar på grunn av dragsuget generert av ein ny vaksinemeister.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s