Haustar eliten babyblod for å leve evig?

I si jakt på evig liv innrømmer vonde elitistar gjennom «vitskap» at barn og babyar blir hausta for sin livsessens

Av Ethan Huff, Natural News, 22.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Det kunne verke som om herskarane i denne verda har valt å sleppe katten ut av sekken når det gjeld deira utnytting av barn i si jakt på evig ungdom.

Ny forsking frå Stanford University føreslår at blodet, organa og andre kroppsdelar frå barn og babyar er ei ungdomskjelde som kan gje evig liv til dei som tek del.

Forskarar testa hypotesen sin på mus, der dei implanterte hjernane til babymus inn i vaksne mus. Resultatet var ei forbetring av hjernekapasiteten hjå vaksne mus, ein prosess som ekspertar seier kan òg fungere hjå menneske.

Ei undersøking av implantata viste at væska i dei nye vaksenhjernane hadde «vakna opp», inkludert gjendanninga av nerveceller og myelin, der sistnemnde er eit feitthaldig materiale som beskyttar nerveceller i hippocampus, minnesenteret i hjernen.

Då dei rapporterte om studien, sa den britisk-baserte avisa Telegraph nonsjalant på Twitter at det å suge livsessensen ut av uskuldige babyar og gje dei til vaksne som håper å leve eving, har lenge blitt «hylla» i «kulturar» gjennom historia.

Blodet til dei unge, la avisa til, kan hjelpe til med å saktne aldringsprosessen.

«Ungdomstransplantasjonar» kan bli tilgjengelege om berre nokre få år

Utifrå funna påstår vitskapsfolka ved Stanford allereie at den generelle befolkninga snart kan kunne få tak i babyblod og bruke det i antialdringsføremål slik som det å kurere demens.

«Eksperiment viser til og med at det unge blodet i seg sjølv kan reversere aldringsprosessen, kanskje til og med kurere Alzheimers sjukdom,» avslørte studien.

Denne livsforlengande teknikken skulle visstnok allereie bli brukt av den tidlegare nordkoreanske diktatoren Kim Jong-il for å hjelpe han å leve lenger. Rapportar føreslår at han injiserte blodet til unge, sunne jomfruer i eit forsøk på å forlenge livet sitt.

«Det å hauste blodet og kroppsdelane frå unge menneske i håp om å oppnå udødelegheit, har lenge vore ein kjent trope i grøssarromanar og konspirasjonsteoriar,» sa Telegraph vidare på Twitter.

Sarah Knapton, som skriv for avisa, avslørte at sokalla «ungdomstransplantasjonar» berre kan vere nokre få år unna. Snart kan Big Pharma tilby babyblodsbaserte legemiddel på marknaden som dei eldre kan få på resept for å kurere plagene sine.

Om du synest dette høyrest sprøtt ut, tenk deg om. Dei avslører alt dette no truleg fordi det har skjedd i dei øvste nivåa av samfunnet i mange år.

Berre no går dei offentleg med det, og oppfører seg som om dette er eit eller anna nytt gjennombrot, når det i røynda truleg har gått føre seg ganske lenge no. Altso er dette grunnen til at dei aggressivt har vore pådrivarar for at abort skal forbli lovleg.

Planned Parenthood sitt kroppsdelskaos som vi har rapportert om i nokre år no, er meir enn sansynleg knytt til ungdomstransplantasjonsindustrien. Kanskje er offentleggjeringa av denne nye Stanford-studien eit forsøk på å kapre forteljinga i forkant av at heile greia blir flombelyst på verdsscena.

«Eg er overtyda om at dette allereie har skjedd, som er grunnen til at dei sjuke, forskrudde, pro-abort-nauta har vore so oppgira,» skreiv nokon på Summit.news. «Mange konspirasjonsteoretikarar inkludert ‘Q’ har avslørt dette.»

Ein annan skreiv at desse grusomheitene truleg har funne stad sidan bibelske Noah sine dagar, ettersom der ikkje er noko nytt under sola.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s