CNN meiner at fattige burde late vere å få barn

Ifølgje ein artikkel frå NewsPunch publisert 23.mai, har CNN byrja å instruere sjåarar med låg inntekt om å ta abort, heller enn å oppdra barna i ein sokalla «arbeidarklasse-livsstil». Berre dei rike burde få lov til å reprodusere, ser meldinga ut til å vere. I USA pågår det for tida kontrovers rundt den sokalla Roe vs. Wade-saken, som enkelt forklart handlar om retten til sjølvbestemt abort. Om denne blir avskaffa, vil abort ikkje lenger vere tillate på føderalt nivå – då må kvar enkelt stat vedta sine eigne abortlover. Om du bur i ein stat som vedtek forbod mot abort, vil det einaste unntaket vere om livet ditt som berar av fosteret er i fare. Her frå NewsPunch sin artikkel (saksyndig si omsetjing):

«Under eit intervju med Arkansas-guvernør Asa Hutchinson (Republikanar) på ’State of the Union’ sundag [22.mai 2022], gjekk CNN-programleiar Dana Bash til åtak på guvernøren si avgjerd om å signere eit forbod mot abort om til lov.

‘Lova di har berre unntak for mora sitt liv. So, berre for å gjere det klart. Dersom Roe v. Wade blir avskaffa, kan inga kvinne, med mindre livet hennar er i fare, kunne få gjennomføre abort i Arkansas?’ spurde Bash.»

Svaret til Hutchinson var at sjølv om han ville innføre forbod mot abort, støttar han sjeldne unntak når det gjeld «livet til mora, og valdtekt og incest», og sa at dersom Høgsteretten avskaffa Roe v. Wade, ville desse unntaka bli vurdert. Bash kom deretter med følgjande påstandar:

«Arkansas slit allereie med å støtte sårbare barn. Nesten eitt av fire barn i Arkansas lever i fattigdom. Meir enn 4600 barn er allereie i delstaten din sitt overbelasta fosterbarnssystem. Trur du verkeleg at delstaten din er førebudd på å beskytte og utøve omsorg til endå fleire barn dersom abort blir ulovleg der?»

NewsPunch meiner at Bash med dette antydar at fattige barn har det betre som døde, og at denne haldninga understrekar venstre sin tankegang om at graviditet og barneoppdraging er ei bør, heller enn ei velsigning.

Med tanke på CNN sitt eigarforhold og si rolle i dagens massive desinformasjonskampanjar og propaganda, er det fullt forståeleg at Dana Bash og andre blir instruerte til å formidle slike haldningar ut til folket. CNN har den siste tida opplevd ei massiv sjåarflykt, og CNN+ måtte for ei tid tilbake leggje ned tenesta si etter kort tid på grunn av mangel på betalande abonnentar. Folk er rett og slett ikkje lenger interesserte i å bli formidla, langt mindre betale for, det som til sjuande og sist berre er løgner og falske forteljingar.

Det at fattige helst ikkje bør formeire seg er ein del av eliten sitt beksvarte syn på menneskeheita, der vi i deira auge stort sett består av «useless eaters» som kan takast livet av når dei finn det for godt. Og ein liten, gjenverande del av oss kan få bli deira slavar – om vi er heldige. Befolkningsreduksjon har stått på agendaen deira i alle år, og det å fråråde «den fattige bermen» å få ungar er nok eit verktøy i eugenikk-verktøykassen.

Klart, trugselen om atomkrig, eskalerande matmangel og eit vell alvorlege biverknader frå mRNA-injeksjonane (inkludert infertilitet) er alle «hjelpemiddel» som er med på å få ned folketalet i verda – kanskje til dei 500 millionane som det står skrive om på Georgia Guidestones.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s