Rekordhøgt fråvær på sjukeheimen, men er dei tilsette eigentleg sjuke?

I løpet av 2022 har det «dødelege, allmennfarlege» koronaviruset blitt nedgradert til noko som i verste fall skaper ubeleilegheiter for arbeidsgjevarar gjennom fråvær frå jobben. I januar 2022 var det obligatorisk testing for dei tilsette kvar dag før dei kom på arbeid – no er det berre testing om ein har symptom på luftvegsinfeksjon. Desse «symptoma» kan vere so bagatellmessige som ein lett rennande nase, eller eit og anna host. So nyleg som desember 2021 tyda ein positiv hurtigtest eller PCR-test ti dagars isolasjon. No, i mars 2022, er konsekvensane langt mildare: Positiv test fører no til fire dagars betalt ferie for dei tilsette.

På den aude sjukeheimen eg (mot alle odds?) jobbar på, er det for tida rekordhøgt fråvær. Enkelte dagar er både leiar og nestleiar vekke, og til og med dei sjølverklærte leiarane held seg stundom heime. Sist veke var òg begge «kontordamene» vekke – heldigvis ikkje samstundes. Nestleiar gjorde sist fredag eit tappert, ærleg forsøk på å fare på jobb. Den likbleike jenta måtte forlate arbeidsstaden i 11-tida – dermed måtte ein av dei nettopp tilfriskna kontordamene overta leiaroppgåvene. Som ein konsekvens av det skyhøge fråværet, jobbar eg no meir enn 100%; for meg som bileigar er dette frå Himmelen sendt i ei tid der drivstoffprisane har bikka 20-talet med god margin.

Det er stunder der eg tek meg sjølv i å lure på kor «sjuke» dei tilsette som er vekke frå jobben eigentleg er. Ordninga med «positiv koronatest = fire dagar betalt fri frå jobben» er bygt på ein nesten uhøyrt tillit mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar; ingen bed nokosinne om medisinsk dokumentasjon på grunnen til fråværet (dei visstnok positive testane, eller legeerklæring på manifeste symptom på luftvegsinfeksjon). Arbeidsgjevar tek arbeidstakar på ordet. Denne nærast botnlause tilliten er eit tviegga sverd. På den eine sida er det flott at leiinga stoler på dei tilsette, ettersom dei tilsette då vil stole på leiinga – tillit går begge vegar og er noko begge partar må gjere seg fortente til. På den andre sida nærast tryglar ordninga om å misbrukast av tilsette som ein morgon vaknar opp og finn ut at dei i grunnen ikkje føler for å fare på jobb i dag. Det er jo so fint vêr ute, og avdelinga kan fint gå med eitt personale i minus midt i veka…

Dei fleste kommunale sjukeheimar er IA-bedrifter, der IA står for «inkluderande arbeidsliv». Ein tilsett kan bruke inntil 8 dagar eigenmelding per «eigenmeldingstilfelle», før vedkomande må ha sjukemelding frå lege for vidare fråvær. Arbeidsgjevar dekkjer sjukefråvær inntil 14 dagar (den sokalla arbeidsgjevarperioden), og NAV tek over frå dag 15. Med andre ord er korttidsfråvær eit økonomisk tap for arbeidsgjevar, medan langtidsfråvær er eit økonomisk tap for staten (altso for oss skattebetalarane). Strategiar frå arbeidsgjevar for å motverke fråvær, fokuserer difor fyrst og fremst på å redusere korttidsfråvær. Og det har arbeidsgjevarar over heile landet enorme utfordringar knytt til no for tida, på grunn av det nye aksiomet «positiv koronatest = fire dagar betalt ferie frå arbeidet». Har A/S Noreg skote seg sjølv i beinet? Det kan nesten verke sånn!

Allereie før koronaens tid var korttidsfråvær eit stort økonomisk problem, spesielt i den kommunale helsesektoren. Sjølv då eg byrja i helsesektoren tilbake i 2006, var korttidsfråvær gjennomgangstema på ymse personalmøte, kurs og diverse andre kommunale arrangement. Korttidsfråvær var nemleg arbeidsgjevars problem, medan langtidsfråvær ikkje var det! Haldninga var at dersom ein tilsett var sjukemeldt i meir enn 14 dagar, var det Staten som gjekk over til å betale sjukepengar, og då kunne ein allereie hardt pressa kommunal mellomleiar senke skuldrane og regelrett drite i vedkomande. Fyrst etter fleire månader ville det kome på tale å prøve arbeidsretta tiltak for å få den visstnok «sjuke» kollegaen tilbake i samfunnsproduktivt arbeid. Då trugselen om arbeidsavklaringspengar omsider kom på døra, hadde arbeidsgjevar for lengst funne nokon andre til å gjere jobben.

Òg i 2006 og vidare utover 2000- og 2010-talet vart ordninga med eigenmelding brukt (og misbrukt!) flittig av tilsette som var møkka leie av jobbar som dei måtte ha oppfatta som ei form for tortur. Inkompetent eller beint fram vondsinna leiing gjorde ikkje arbeidslysta noko betre.

Som resultateiningsverneombod (overordna verneombod for resultateininga/sona) hadde eg tilgang til fråværsstatistikken for meir enn eit dusin avdelingar i bydelen. Eg såg raskt samanhengen. Langtidsfråvær var vanleg overalt; dei tilsette hadde jobba (og slite) under tvilsame og/eller kritikkverdige forhold i alle år, møtt lojalt opp på ekstravakter på timen, og lagt sine hjarte og sjeler i miljøarbeidet og omsorga – og dei vart i sitt livs haust «straffa» med dårleg helse. Ein hjelpepleiar i 50-/60-åra var som regel sjukemeldt på grunn av slitasje på kropp og ikkje minst sjel. Sameleis fanst det eldsjel-sjukepleiarar som av og til måtte ha eit avbrekk frå den overveldande mengda arbeidsoppgåver som yrkets natur av og til framprovoserte. No og då hende det at overarbeidde mellomleiarar møtte veggen, då dei ikkje lenger kunne ri dei mange hestane som leiarstillinga kravde. Langtidssjukemeldingar var fyrst og fremst naturens gang i den offentlege helsesektoren; helserelaterte yrke er i utgangspunktet krevjande, både på grunn av arbeidets art og turnusordninga (spesielt den notoriske «sein-tidleg»-vekslinga; at du er ferdig på jobb klokka ti om kvelden, og so skal byrje igjen klokka sju neste morgon – kor mykje søvn får du eigentleg den natta?).

Korttidssjukemeldingane, oppdaga eg, hadde derimot heilt andre årsaker. Som overordna verneombod som jamleg kommuniserte med dei andre verneomboda, hadde eg kjennskap til arbeidskulturen i dei ymse avdelingane, og kva slags folk som var leiarar der. Var det dårleg leiing i ei avdeling, fekk avdelinga raskt eit dårleg rykte, og det vart verre for arbeidsgjevar å rekruttere arbeidskraft. Det var òg eit høgt korttidsfråvær i personalgruppa – noko eg såg i bruken av eigenmeldingar, og på bruken av sjukemeldingar som var kortare enn 14 dagar (arbeidsgjevarperioden). Kort fortalt: Avdelingane som hadde inkompetente og/eller vondsinna leiarar, hadde det høgste korttidsfråværet.

Ein annan faktor eg fekk innsyn i, var graden på turn-over i personalgruppa, altso kor stor utskiftinga var av medlemmer i personalgruppa over tid. Ei dårleg driven avdeling med ein upopulær leiar hadde typisk høg grad av turn-over. Folk lét seg omplassere eller – i ekstreme tilfelle – sa opp stillingane sine for å kome seg vekk derifrå, og folk som vart tilsette byrja etter kort tid å vantrivast. Denne vantrivselen såg ein i form av auka bruk av eigenmeldingar og sjukemeldingar på under 14 dagar. Dei følte ikkje for å kome på jobb fordi sjefen var eit rævhòl!

Slik eg resonnerte meg fram til, var den mest openberre løysinga på korttidsfråværsproblemet å rett og slett skifte ut leiinga! Ein leiar som var direkte årsak til vantrivsel, fråvær og ei regelrett masseflukt av personale, måtte skiftast ut på flekken før heile avdelinga gjekk ned med mann og kommune-mus! Dette var den store, kommunale elefanten i rommet: Gjekk ei avdeling til helvete, var det sjefen si skuld. Eg oppdaga derimot fort at mine overordna ikkje hadde same synet på situasjonen som eg sjølv hadde. Faktisk ville dei ikkje vedkjenne seg problemet. I deira auge var leiarar perfekte, fordi den Gud gjev embete, gjev han òg vit og forstand. Dei inkompetente, vondsinna leiarane vart sitjande medan tilsette fekk liv, helse og sjeler øydelagde.

Der finst derimot ingen regel utan unntak. Ein tidlegare kommunaldirektør som eg ein gong kom på snakk med under eit verneombodskurs, sa at han hadde vore med på å fjerne ein einingsleiar ved eitt høve – og einingsleiar er sjefen til avdelingsleiar. Altso kan dårlege leiarar bli fjerna om dei gjer ein dårleg nok jobb. Han ville naturlegvis ikkje avsløre kven denne leiaren var, ettersom han som tidlegare kommunaldirektør jo hadde teieplikt. Leiarar kan heldigvis bli oppsagt eller avskjediga nett som alle andre tilsette i offentlege og private verksemder. Blir inkompetansen og dei fiendtlege handlingane mot dei underordna ein for stor torn i auget på toppleiinga, vil personen med rette bli fjerna frå stillinga. Straffbare handlingar slik som valdsbruk og underslag vil høgst sannsynleg føre til avskjed sjølv for heilage leiar-kyr.

Går vi tilbake til den aude sjukeheimen, er korttidsfråværet visstnok det største som har vore sidan sjukeheimen opna for vel tretti år sidan. Og alle burde no vete at ein positiv koronatest ikkje seier om du faktisk er sjuk. Ei lett snufsing kan like gjerne kome av at du drakk varm kaffi litt for fort, og den sporadiske hosten kan ha andre årsaker enn skumle, laboratorie-konstruerte piggprotein frå fiendtlege nasjonar. Hoste kan òg vere symptom på lungekreft, men ein slik diagnose skaffar deg naturlegvis plass i langtidsfråværsstatistikken.

Heldigvis skoftar ikkje alle jobben. Som ein kontrast til slike usunne haldningar til arbeidsetikk, kom det sist fredag ein lærling på jobb utan fungerande stemme. Ho hadde testa «negativt» på koronatest og var difor ikkje sjuk… Ho hadde symptom på luftvegsinfeksjon (nesten fullstendig tap av stemma!), men det var «feil» type luftvegsinfeksjon. Ho gjekk med munnbind i «bebuarnære relasjonar» jamfør dei noverande retningslinjene. Trass at det var umogleg for ho å kommunisere med bebuarane (dei kunne ikkje lese på leppene sidan ho jo hadde tildekte lepper!), gjorde ho likevel ein anstendig jobb. Ho gjorde iallfall ein langt betre innsats for eldreomsorga enn dei «sjuke» tilsette som valde å halde seg heime denne vakre, solfylte vårdagen!

Arbeidsgjevar har derimot eit ess i ermet når det gjeld fråvær av ikkje heilt stovereine årsaker. Dersom sjefen din har mistanke om at du misbruker eigenmeldingsordninga, kan han ta frå deg retten din til å bruke eigenmelding. Det kan vere ganske so ubeleilig for deg den dagen du verkeleg er sjuk. I staden for fire dagars betalt ferie, kan du då risikere fire dagars trekk i løn. Kanskje det norske arbeidslivet rett og slett skulle gjeninnføre tradisjonen med karensdagar. Med til dømes trekk eller reduksjon i løn dei to-tre fyrste dagane av eit sjukefråvær, ville nok alt av korttidsfråvær teke slutt over natta – og ordninga med eigenmelding hadde då gått over til å tene sitt opphavlege føremål: Rett til fråvær for dei som verkeleg er sjuke.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s