Russland førebur seg på å sleppe ned det Nye Jarnteppet

Av Abby Liebing, The Western Journal. Omsett av saksyndig.

Det er 76 år sidan Winston Churchill som kjent erklærte starten på Den kalde krigen med sin observasjon at eit jarnteppe hadde blitt sleppt ned over Europa.

«Frå baltiske Stettin til adriatiske Trieste, har eit jarnteppe gått ned over kontinentet,» sa Churchill 5.mars 1946, i ein tale ved Westminster College i Fulton, Mo.

Den kalde krigen han ha slutta for fleire tiår sidan, men no, midt i Russlands krig med Ukraina, ser det ut til å vere eit anna jarnteppe som lurer i bakgrunnen og er klart til å gå ned i Aust-Europa.

Då Russland invaderte Ukraina byrja konsern over heile verda å forlate Russland og avslutte sine operasjonar der.

Starbucks, McDonald’s, Coca-Cola, PepsiCo og andre avslutta forretningar i Russland, rapporterte CNN.

Men langt viktigare enn hurtigmatprodukt, byrjar Meta, Google og Apple å forby produkt i Russland, rapporterte BBC.

Twitter og Facebook er blokkert i Russland, og TikTok lèt ikkje russiske brukarar å poste noko som helst.

Men meir enn berre å bli utestengt frå sosiale media, har ukrainske leiarar òg bedt om at Russland blir fullstendig stengt ute frå det globale Internett.

Russland blir stengt ute frå resten av verda i det konsern og vestlege regjeringar aktivt isolerer Russland økonomisk og kulturelt.

«Medan Putin prøver å redusere Ukraina til småstein, gjer han òg Russland om til eit fengsel,» sa under-sekretær for politiske affærar Victoria Nuland under eit vitnemål til Kongressen, rapporterte The Washington Post.

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky sa kort tid etter Russlands åtak på landet hans at invasjonen var «lyden av eit nytt Jarnteppe som gjekk ned,» rapporterte The Times of Israel.

Russarane sjølv rømmer landet sitt ettersom dei fryktar at Russland vil bli meir og meir stengt ute frå resten av verda.

Masha Gessen, ein russisk-amerikansk journalist som var i Moskva i 20 år, men nyleg reiste derifrå, sa at der er panikk blant russarar.

«Eg veit at Moskva starta å få panikk og, liksom, verkeleg fekk panikk, ikkje berre over landets tilstand og openbert krigen, men òg om å måtte forlate landet fordi det var ei distinkt kjensle av at grensene sannsynlegvis ville stengje, og at landet gjekk nedover til ei form for nord-koreansk scenario,» fortalde Gessen NPR.

«Og so har det vore ei diger utvandring frå Russland den siste halvanna veka. … Nylege estimat er på noverande tidspunkt frå 100 000 til 200 000 som har reist vekk,» la Gessen til.

Det er aldri eit godt teikn når russarar rømmer frå sitt eige land i frykt for at dei vil bli fangar om dei blir verande.

Teikna på eit komande jarnteppe kom tidleg, då russiske styresmakter byrja massearrestasjonar av antikrigsdemonstrantar.

Innan 6.mars hadde meir enn 4300 russiske demonstrantar blitt arrestert i heile Russland, rapporterte The Guardian.

Alt dette fører til mange dystre spådommar for Russlands framtid. Mange reknar med at ein Kald krig-liknande type av Russland rett og slett dukkar opp igjen.

«Det er forbi. Alt som er igjen av liberalisme vil bli reinska vekk,» fortalde Alexander Baunov ved Carnegi Moscow til Axios.

Med ei slik globalt samanknytt verd, er det lite truleg at Russland nokosinne vil bli i stand til å lågne den typen jarnteppe som var der under Den kalde krigen. Det er vanskeleg å fullstendig stengje av delar av verda no for tida, sidan Internett eksisterer.

Men det faktum at russarar sjølve uroar seg for isolasjon – på same tid ber resten av verda aktivt om at Russland skal bli straffa for sitt åtak på Ukraina – burde gjere folk merksame på at geopolitikken kan endre seg drastisk.

Verda kan gå inn i ein heilt ny æra av globalpolitikk i det Russland og Europa flyttar seg i denne krigen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s