Den vonde mannen bak verdas farlegaste mann

Av Brent Smith, WND. Omsett av saksyndig.

Problemet med folkevalde er ikkje alltid dei folkevalde sjølve, men mannskapet deira bak scena av sokalla rådgjevarar og strategikarar.

Det har blitt sagt, men ikkje no lenger, at «bak kvar store mann er ei stor kvinne».

Å, er det sexistisk? Vel, synd.

Ta, til dømes, ein av våre Grunnleggjarfedrer og USAs andre president, John Adams. Han ville aldri ha nådd dei høgdene han nådde utan dei intelligente råda frå kona si Abigail.

Men det motsette er òg sant. Bak kvar dårlege politikar, eller dårlege leiar av kvar ein type, er endå verre rådgjevarar. Pokker, sjølv gode leiarar vil ofte ha dårlege rådgjevarar.

President Trump er eit perfekt døme på ein god leiar som hadde mange dårlege rådgjevarar. Dei jobba ikkje i hans eller nasjonens interesse, men jobba mot han, og pusha i det skjulte sine eigne agendaer.

Men ingen av dei når opp til nokon som Cass Sunstein og hans USA- og Israel-hatande kone, Samantha Power. Det er eit partnarskap smidd i Helvete.

Sunstein, president Obamas regulatoriske tsar, var/er ein farleg venstrevridd «tenkjar». Meir ein komplottmakar. Han forfatta boka «Nudge» i 2008 [«nudge» tydar eit forsiktig dytt, oms.an.]. Du veit – den fyrste delen av den berykta trioen «nudge, shove, shoot» [dytt, skubb, skyt; oms.an.]. Eg er sikker på at han er so stolt over at vi er godt over i andre fasen. Eg håper vi aldri vil gå over i den tredje.

Han er ein stor fremjar av åtferdsmanipulasjon og var ein tilhengjar av Kinas heller vellykka «eksperiment» for å endre synspunkta til kinesiske ungdomsskulebarn – å få dei vekk frå kvar ein tanke om fridom og frie marknader til «eit korrekt verdssyn, eit korrekt livssyn og eit korrekt verdisystem». Og kven bestemte kva som er «korrekt»? Det vil vere den kinesiske regjeringa, naturlegvis.

For denne og andre grunnar, kalla kommentator Glenn Beck Sunnstein for den farlegaste mannen i USA.

Vel, i dag er vi langt forbi USA og over på kloden. World Economic Forum (WEF) syt føre at det skjer.

Heller enn å berre trå etter å kontrollere sinna til amerikanarar eller til og med kinesarane, har WEF ambisjonar om å ta verda. Og nei, som Joe Biden ofte har sagt – det er ikkje ein hyperbol [=overdriving for effekten sin del; oms.an.]!

Mange konservative har namngjeve ein ny «Farlegaste mann», og hans namn er Dr. Evil. Tenk litt på den. Han er Klaus Schwab, leiar og grunnleggjar av WEF. Han ser litt ut som dr. Evil – det må du innrømme.

Derimot er eg ueinig i at Schwab er den farlegaste, for bak denne vonde jævelen er det ein som er verre. Hans namn er dr. Yuval Noah Harari, transhumanist og topprådgjevaren til gamle Klaus. Eg lurer på om han tilbragte seks år på det vondes medisinskule?

Harari har teke Sunsteins nugde-prinsipp og kasta det i dass.

I staden for å berre «forsiktig dytte» (nudge) folks åtferd over i å gå med på ting, trur Harari at dette er ein mykje betre ide: «Data kan late menneskeelitar gjere noko endå meir radikalt enn berre det å byggje digitale diktatur. Ved å hacke organismar, kan elitar få makt til å rekonstruere framtida til sjølve livet.»

No, kven ser på seg sjølv som «elitane»? Å, det stemmer – medlemmene i WEF.

Og i tilfelle du trur at han slår alarm – so gjer han ikkje det. Han snakkar om naturleg evolusjon, som han fastslår, at vitskap erstattar evolusjon utifrå naturleg utval med evolusjon utifrå intelligent design. Og i tilfelle det er noko som helst spørsmål kor han har sin truskap, seier han «ikkje intelligent design av ein Gud over skyene [du veit, Gud], men vårt intelligente design.»

Forresten sa Harari dette i ein tale i Davos på 2018 World Economic Forum. Og i det han sa  «men vårt intelligente design», peikte han på seg sjølv – noko som i praksis plasserte han sjølv og dei andre verdselitane over Gud. Det er ikkje bekymringsverdig i det heile.

So, som eg fastslo i byrjinga, bak kvar maktkåte galning står det minst éin rådgjevar som teiknar eit vegkart til han.

Og er ikkje dette rundt den tida der Gud, den ekte Gud, seier «OK, eg har sett nok av at de ynkelege menneske prøver å erstatte meg endå ein gong. Her er nok ein kataklysme.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s