Stadig fleire stoler ikkje lenger på staten og politikarane

Einar Hammer skriv i Resett 12.mars 2022 om den stadig aukande mistilliten folket har til staten og politikarane. Han nemner som årsak virustiltak, skyhøge straumprisar og politikarar som lurer til seg pendlarbustader. Han kunne òg ha nemnt dei historisk høge drivstoffprisane, men berre dei tre fyrste poenga er nok til å hamre inn poenget: Vi kan ikkje lenger stole på at staten og politikarane vil oss vel. Og endå viktigare: Vi kan ikkje lenger stole på media, som under heile «pandemien» har vore eit mikrofonstativ for det Hammer kallar «øvrigheta». No er media mikrofonstativ for den einsidige dekninga av krigen/konflikten mellom Russland og Ukraina, der Russland blir framstilt som den store, stygge ulven, og russarar blir kansellert over heile fjøla.

Facebook-gruppa Norwegian Freedom Convoy har no 24 000 medlemmer, og er ifølgje Bjørn Are Davidsen i Vårt Land eit symptom på at noko har endra seg i Noreg. Han er òg rådgjevar i tankesmia Skaperkraft, og åtvarar om at fleire byrjar å mistru styresmaktene. Han trekkjer spesifikt fram koronatiltak og mangelen på objektivitet i media. På toppen av dette har PST i sine trugselvurderingar byrja å sjå på «konspirasjonsteoriar» og «vaksinemotstand» som faktorar. Davidsen legg òg til at Noreg har lagt seg flate for globale krefter «under påskudd av klimatiltak og energikrise».

Davidsen meiner at politikarar må våge å vedgå feil, og at dess meir dei vrir seg unna, dess meir mistillit vil bli skapt. «Ikke bare til enkeltpersoner, men til ‘systemet’.» Vanlege media fordreiar sanninga «fordi de er i lomma på myndigheter som ikke vil oss vel».

Geir Lundheim frå Kongsberg (som i januar kritiserte Støre i forhold til koronatiltaka) meiner følgjande: Mistrua skjer som følgje av ei einsidig vinkling der kritiske røyster ikkje slepp til. Når det gjeld koronatiltak og pandemihandtering, skal alle berre halde kjeft. Det liknar svært mykje på den same oppfatninga eg sjølv har av alt relatert til «pandemien»: alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen. Er dette ei grei og samfunnsberekraftig haldning å tvinge inn på folk? Ikkje på nokon måte. Det fører til mistillit, motstand og i verste fall opprør. I Canada var styresmaktene so «heldige» at dei berre opplevde fredelege demonstrasjonar av fleire tusen lastebilsjåførar – og dei svarte med totalitære og diktatoriske tiltak som til dømes å arrestere demonstrasjonsleiarane og stengje bankkontoane til dei som støtta Freedom Convoy. Fredeleg, ikkje-valdeleg motstand vart med andre ord møtt med vald og makt frå staten. Trudeau nekta å gå i dialog med konvoien. Han flykta. Kva hindrar det same å skje her i Noreg? Er det rart fleire og fleire ikkje stoler på staten?

I tillegg til å styre etter instruksar frå sine overordna i WEF, FN og WHO, er politikarane uærlege og ureielege. Det ser ein i og med at stadig fleire avsløringar dukkar opp – det siste med Hadia Tajik og hennar kontrovers rundt pendlarbustad. Som Lundheim meiner, vrir politikarane seg unna alt ansvar når dei gjer feil. Ein haustar det ein sår når det gjeld tillit: «Å vri seg unna ansvar bare understreker hvor feig man i virkeligheten er».

Energikrisa i Noreg er det politikarane sjølv som har skapt, meiner Lundheim, og burde difor vere heilt unødvendig. Auka energiprisar fører til at varer og tenester òg blir dyrare. Staten og dei som styrer oppfører seg rett og slett ikkje lenger som tenarane til innbyggjarane. Dei har mista bakkekontakten med «vanlige folks hverdag, og dette vil ikke endre seg før hele systemet endres».

Som vanleg finst det interessante ytringar i Resetts velkjende kommentarfelt. «Smalfjord» kjem med følgjande liste over ting som fører til tap av tillit for ein politikar:

  1. Økte skatter og avgifter (folk lurer hva pengene brukes til).
  2. Lettgjennomskuelige symboltiltak (folk liker ikke å bli lurt & å bli tatt for å være lettlurt)
  3. Forskjellsbehandling (samme regler gjelder ikke alle, noen slipper lettere unna)
  4. Tåkeprat (lange, innlærte floskler uten å komme til kjernen av saken)
  5. Propaganda (overdrevet / ubalansert fremstilling av en sak)
  6. Hemmelighold (dokumenter som unntas offentlighet eller som mangler)
  7. Feil prioritering (viktige og akutte problemer tas ikke tak i)
  8. Sløsing (for mye brukt på pynt og fjas)
  9. Krangling (kjekle på hverandre for irrelevante bagateller)
  10. Maktkamp (ødelegge for et prosjekt for å ta hverandre)
  11. Ineffektivitet (velger ikke smarte løsninger)
  12. Kameraderi (stillinger gis til kjente og familie)
  13. Byråkrati (unødvendige hindre for gjennomføring)
  14. Perso[n]lig berikelse (bruke offentlige midler til å bygge kontaktnett for egen vinning)
  15. Ego (opptrer for mye i media i stedet for å jobbe med saken)
  16. Lite ydmykhet (innrømmer ikke feil og bortforklarer)
  17. Ikke helhetlig politikk (vingle mellom saker og påbegynne ugjennomtenkte løsninger)
  18. Forvridd ideologi (jobbe for andre interesser enn fellesskapets)

Vil politikarar ha tillit, må dei oppføre seg på ein måte som vekkjer tillit. Å krevje tillit trass at ein oppfører seg på ein uærleg og ureieleg måte, fører til ingenting anna enn det stikk motsette: folk vil ikkje lenger stole på deg som person, eller stole på at du handlar i deira interesser og til deira beste. Hadia Tajik vart sjukemeldt på ubestemt tid etter å ha trekt seg frå sine politiske verv.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s