Dommedag i vente? Djupstaten vil starte atomkrig mellom USA og Russland

Amerikanske biovåpenlaboratorium bekrefta i det djupstaten klargjer scena for biokrig-falsk-flagg-hending som vil bli skulda på Russland

Av Mike Adams, grunnleggjar og eigar av Natural News. Omsett av saksyndig.

Tidlegare denne veka kom det frå USAs under-statssekretær Victoria Nuland ei offentleg bekrefting på at der fanst amerikansk-finansierte biovåpenlaboratorium i Ukraina. Ho åtvara til og med at Russland kan ta fasilitetane og utføre eit falsk flagg-åtak med biologiske våpen mot verda og gje USA skulda.

Dette er ei direkte bekrefting av at dei amerikansk-finansierte laboratoria inneheld farlege biologiske våpen. Kvifor skulle Nuland elles uroe seg over om Russland tek laboratoria?

Nuland vart spurt ut av den amerikanske senatoren Marco Rubio, ein kjent RINO [sokalla «falsk republikanar» som eigentleg er på Demokratane si side; oms.an.] og krigsmaskin-kollaboratør. Det verkar som om Rubio og Nuland øvde på denne utvekslinga og framførte ho for offentleg forbruk for på den måten å klargjere scena for eit amerikansk falsk-flagg-biovåpen-utslepp som vil bli skulda på Russland.

Det som er fascinerande er at i dag [10.mars 2022] nekta Statsdepartementets talsperson Ned Price offentleg for eksistensen av desse biovåpen-forskingsfasilitetane i Ukraina, og hevda at det heile var del av ein «russisk desinformasjonskampanje».

Seier Ned Price at Victoria Nuland arbeider for russarane? Er det verkeleg meininga at vi skal tru på at USA ikkje har nokon biovåpen-fasilitetar i det heile? Ingen trur på Ned Price. Sjølv ikkje den amerikanske under-statssekretæren.

USA bygde SARS-CoV-2-biovåpenet og gav det over til Kina

Gløym aldri at den amerikanske regjeringa – ført av Fauci og Collins – braut internasjonale avtalar og bygde SARS-CoV-2-biovåpenet via det amerikanske forsvarsdepartementet og ymse universitet (North Carolina/Baric, osb.). Dette biovåpenet vart deretter gjeve over til Kina for gain-of-function-forsterking, medan det i USA vart brukt til å skape avfolkings-«vaksinar» modellert på det dødelege piggproteinet.

«Plandemien» vart deretter sleppt ut i verda via amerikanske og kinesiske djupstatsoperatørar, medan det kontrollerte media pusha ein psykologisk terrorkampanje for å drive folk til å gå med på munnbindbruk, sosial avstand, nedstengingar og øydelegging av den innanlandske økonomien. Dette vart følgt av sterkt press til å ta «vaksine»-injeksjonar som viste seg å vere mRNA-genterapi-transhumanisme-sprøyter designa for å utrydde milliardar av menneske.

Dette vart alt gjort av USA og Kina, utan noka som helst involvering av Russland, berre for å seie det. So når USA no peiker på Russland og skrik «krigsbrotsverk!», verkar det heile utruleg absurd. Låtteleg.

Dekkhistoria for det neste biovåpenet eller den neste nanopartikkelen som blir lest på menneskeheita?

Om biovåpenlaboratoria faktisk produserer sjølvformeirande virus eller berre verkeleg farlege nanopartiklar er nesten irrelevant på noverande tidspunkt. Same kva, er det no klart at dei planlegg å lesse biovåpena sine på verdas befolkning medan dei skuldar Putin for ein biovåpen-falsk-flagg-operasjon. Utsleppet av dette biovåpenet/denne nanopartikkelen er truleg nært føreståande.

Dette tydar at globalistane verkeleg går inn i det dei håper vil vere den siste fasen av sin utryddingsagenda, og den vil truleg bli følgt av ei global finansiell nullstilling, falske cyberkrigføringsflagg og den fullstendige stansen av val og Bill of Rights. Dette er retninga som ting vil gå i akkurat no, og medan det framleis kan vere tid til å stoppe det verst tenkjelege for å finne stad, er det på noverande tidspunkt ingen overtydande bevis for at «dei kvite hattane» [den gode sida; oms.an.] er dei som styrer.

Alt vi ser på ein dagleg basis, er Joe Biden som med vilje slepper laus økonomisk øydelegging i USA medan hans overordna (Obama, etc.) kastar USA inn i det dei håper vil vere ei kjernevåpen-utveksling med Russland. Ja, dei er dødssekt-medlemmer og dei håper å oppnå eit scenario der Russland atombombar USA i fillebitar. Dette er målet til Obama, Biden og topp-Demokratane som for tida verkar å styre amerikansk «politikk» om du i det heile kan kalle det det.

Denne meiningsartikkelen til Adams er basert på hans Situation Update frå 10.mars 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s