Vi er i dei siste fasane på veg mot «The Great Reset»; Vi må vinne no eller tape for alltid

Av Dr. Vernon Coleman, Daily Exposé. Omsett av saksyndig.

Sir Klaus Schwab (adla av dronninga for sine tenester innan konspirasjon) er ivrig i å gå vidare med «The Great Reset». Det er òg hans co-konspiratørar. Dei veit at dei no er svært nær siger.

Covid-bløffen skremde, demoraliserte og trena dei naive og dei uvetande og initierte ein masse av sprøyte-induserte sjukdommar og dødsfall. Klimaendringsbløffen har skapt eit folk fylt med falsk angst. Og no det med vilje marknadsførte hysteriet rundt russisk invasjon av Ukraina har utløyst massiv mangel på drivstoff og mat som vil resultere i hundrevis av millionar av dødsfall.

Hysteriet vart sett saman, orkestrert og utført av dei vanlege media-mistenkte, med BBC og The Guardian i framtroppen. BBC stoppa for lenge sidan å vere ein formidlar av nyheiter og vart ei propaganda-eining – dei nektar, undertrykkjer og vrengjer på sanninga med stoltheit heller enn å innrømme eller føle skam. (Når BBC stolt annonserer at dei ikkje intervjuar legar som stiller spørsmål ved vaksinasjon, gjekk dei vekk frå alle påstandar om at dei var ein nyheitsorganisasjon.)

Historia fortalt av media er at Putin er ein trugsel mot demokratiet. Dersom nokon kan finne bevis på noko som helst demokrati i Vesten, vil det glede meg om dei viser til det. Kor er demokratiet i Canada? I Australia? I New Zealand? I Storbritannia? I USA? Kor som helst?

Ytringsfridom døydde i februar 2020 og har ikkje blitt sett sidan.

Du må vere naiv som ein femåring for å ikkje innsjå at Vesten konstruerte denne krigen; dei manipulerte Putin inn i posisjon som ei sjakkbrikke.

Der har vore fleire dusin med krigar og invasjonar og massakrar dei siste åra, men aldri før har der vore slikt eit massehysteri. Aldri før har politikarar ved hjelp av fargar støtta favorittsida si i konflikten. Eg kan ikkje hugse slik ei bekymring frå etablissementet når amerikanarane og britane drap ein million babyar i Irak. Eg hugsar ikkje at media klaga over at vi gjekk til åtak på Libya.

Sainsbyry’s, ein britisk matkjede, seier at dei står saman med folket i Ukraina. Eg kan ikkje hugse at dei stod saman med folk som døydde i hopetal i andre konfliktar.

Sanksjonar vil ikkje påføre russarane nokon særleg skade, men sanksjonane er ikkje retta mot Russland – dei er retta mot oss. Dei er del av vegen mot Den nye verdsorden.

Du må vere blind, dum eller kjøpt for å ikkje sjå plottet brette seg ut og sluttspelet nærme seg raskt.

Og likevel er blindskap, dumskap og korrupsjon vanleg.

Til dømes påstår styresmaktene no at Covid kan krympe hjernen. Det kjøpte og betalte media sine kommentatorar ignorerer det faktum at det har vore kjent i fleire månader at det er Covid-19-sprøytene som forårsakar hjerneskade.

Den offisielle linja er at det einaste verkelege teiknet på Long Covid er tap av luktesans. Og det er nesten heilt sikkert eit resultat av skade på lukte- og smaksnervar som eit resultat av dei verdilause PCR-testane.

Det offisielle synet er at Cricket-spelar Shane Warne døydde av eit medfødt hjarteproblem. Ingen offisielt akseptabel kommentator har nokosinne føreslege at der kan finnast ein link til hans Covid-19-sprøyte. Og ingen i hovudstraumsmedia har stilt spørsmålsteikn ved konklusjonen at noko ein super-trena profesjonell sportsmann plutseleg har utvikla eit dødeleg, tidlegare ikkje-mistenkt medfødt hjarteproblem. Ikkje eingong Shane Warne handterte nokosinne so mykje spinning.

Kvar ein rabiat pro-vaxxer som ikkje, minst i ein liten augneblink, stiller seg sjølv spørsmålet om kor vidt Mr. Warne kan ha blitt drepen av Covid-sprøyta, er ein idiot. Kvar ein lege som ikkje spør seg sjølv kor mange sprøytene drep, burde bli sletta frå autorisasjonsregisteret for rank-dumskap.

Den kanadiske provinsen Quebec vil påføre sine mest intelligente innbyggjarar ein spesiell Covid-helse-skatt. Dei 13% i Quebec som har vore kloke nok til å ikkje late seg injisere med eit giftig legemiddel, vil måtte betale ekstra skattar – visstnok for å hjelpe med å betale for den ekstra helseomsorga som er kravd av dei mindre intelligente og mindre velinformerte innbyggjarane som fall for presset og lét seg sjølv bli forgifta.

Provinsministeren, Francois Legault, innrømte at dei mobba og einfaldige sjelene som hadde blitt injisert «har gjort enkelte offer» og vart «skulda slike tiltak».

I det minste innrømmer han at å ta dei giftige, eksperimentelle sprøytene var eit offer.

Kor du enn ser, finst det teikn på at konspiratørane strammar inn nettet.

Aksjeprisar rundt om i verda krasjar ettersom prisen på olje og gass held fram med å gå til himmels. Alle som håper på å ha ein pensjon blir påverka av dette. Tilsette i råd som trur at pensjonane deira er trygge vil tape, sidan mange lokale styresmakter har gjort uforstandige investeringar som kollapsar i verdi.

Lokale råd overalt doblat prisen på parkeringsbillettar – alle del av den synkroniserte planen om å framprovosere konkurs av lokale verksemder, og alle ein del av Agenda 21-prosessen om økonomisk øydelegging.

Uinformerte borgarar overalt responderer til media-åtaket og krev at ein forbyr russisk olje og gass. Eg lurer på kor mange av dei som klaga over at Shell kjøpte noko russisk olje, vil klage når det ikkje finst drivstoff for bilane deira eller til å varme opp heimen.

Media annonserer stolt at sjåførar vil fare ut på færre og kortare reiser. Det er flott om du ikkje har noko imot å gå eller sykle 10 miles [rundt 16 kilometer, oms.an.] kvar veg for å handle i butikken. Samfunn ute i periferien vil døy tusen sirleg planlagte dødsfall. Og eldre og uføre vil bli stranda i heimane sine. Det heile er del av planen, naturlegvis.

I Skottland vil det snart vere lovleg for skuleungar å skifte kjønn når dei møtte føle for det – utan ein medisinsk diagnose. Gutar vil utan tvil bli om til jenter på torsdagar slik at dei kan bruke jentegarderobane for gymtimar. Og deretter vil dei skifte tilbake igjen på fredagar slik at dei kan spele fotball og unngå det 21.hundreårets utgåve av heimkunnskap.

Dei snakkar allereie om strengare kontroll av Internett. (So langt eg bryr meg, kunne ikkje kontrollen ha vore særleg strengare. Eg er utestengt frå kvar sosiale mediaside som eg nokosinne har høyrt om.) Kor mykje lenger vil det gå før nettsider forsvinn for godt? Eg ville bli overraska om vi framleis er her om seks månader.

Dei fleste store investeringsselskap (særleg i Storbritannia) er ivrige etter å forby russisk olje og gass for å tilfredsstille global oppvarming-kultistane som har tileigna seg makt og påverknad langt større enn talet på dei rettferdiggjer. Mangelen på olje vil, blant andre ting, tyde at bøndene ikkje vil ha råd til gjødsel. Matforsyningar vil stupe.

Nyleg forsking viser at utdanningssystemet i Storbritannia har blitt omstendeleg og systematisk og med vilje øydelagt dei siste få åra. Rundt halvparten av alle britiske vaksne har rekne-evnene til eit grunnskulebarn. Berre éin av fem britiske vaksne fungerer numerisk. Dette uvitet tydar at folk lett blir lurte av feilinformasjon spreia av BBC, andre mediagrupper og statlege rådgjevarar.

Regjeringar og media oppeldnar folk som er klare for ein lang krig. Vi har blitt fortalt at krigen kan vare eit tiår eller lenger. Korleis visste Orwell?

Konspiratørane inspirerer hat og dei demoniserer fredselskande borgarar overalt. Det heile minner meg heller om det enn gong populære TV-showet «The Price is Right». Før showet byrja, ville ein oppvarmingsmann gire publikum opp til vanvit. Det er det som skjer no. «Bue og kvese dersom du ser ein russar!»

Drivstoff- og matprisar vil gå til himmels. Drivstoff og mat vil bli lite av. Inflasjonen vil nå nye høgder. Resultatet vil vere armod og død. Stigande inflasjon vil øydeleggje dei som har oppsparte midlar. Stigande renter vil øydeleggje dei med huslån med variabel rente.

Fleire hundre millionar vil svelte i hel i Afrika, men Black Lives Matter-demonstrantar vil vere for opptekne med å kverulere over statuer til å oppdage det.

Konspiratørane veit at Kina har lagra mat og metall i fleire månader. Kinesarane er ikkje interesserte i sludderet om global oppvarming. Dei byggjer kol-drivne kraftstasjonar og dei har gjeve familiar løyve til å få tre ungar.

Kina og Russland er i partnerskap og konspiratørane veit at dersom kinesarane og russarane ikkje tek del i The Great Reset, vil Vesten krympe åleine – og bli svak og sårbar.

Og so vil hatet og frykta og sinnet mot Russland (og Kina) bli oppeldna endå meir.

Krigen er verkeleg nok, naturlegvis, men den blir brukt (og vart truleg utløyst) av konspirasjons-praktikarane; dei vonde milliardærane som hadde ein plan for å ta over verda kan høyrast ut som noko frå ein gammal James Bond-film, men det er veldig ekte.

Vi er i dei siste fasane på veg mot The Great Reset.

Vi vinn no eller vi taper for alltid.

Vi har fram til slutten av 2022 – om vi er heldige.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s