Kva meiner Putin med at han vil «denazifisere» Ukraina?

Kva Russlands spesial-denazifiseringsoperasjon i Ukraina er

Frå GreatGameIndia. Omsett av saksyndig.

I årevis har Russland bede vestlege nasjonar om å etterforske tilfelle av misbruk av menneskerettane, ulovlege drap og krigsbrotsverk utført av dei ukrainske styresmaktene som tok makta etter 2014-kuppet. Moskva peikte på at mange av dei vart utført av nynazistar mot russarar eller russisk-talande menneske. Her er kva Vladimir Putin meinte med Russlands spesial-denazifiseringsoperasjon i Ukraina.

24.februar annonserte den russiske presidenten byrjinga på ein spesialoperasjon for å beskytte folkerepublikkane Donetsk og Lugansk (DPR og LPR), og skildra objektiva som «demilitarisering og denazifisering» av Ukraina. Deretter klargjorde hans talsperson at «denazifisering» refererer til Russlands intensjon om å reinse Ukraina for nynazistar, deira følgjarar og deira idear.

Etter det vestleg støtta kuppet i Ukraina i 2014, har Moskva med jamne mellomrom åtvara utlandet om nynazistar som tek over styringa av landet. Vestlege land, på den andre sida, valde å sjå vekk frå Kiev-regimet sine grufulle brot på menneskerettane.

Nøyaktig kva var desse ulovlege handlingane?

Å setje Fagforeiningshuset i brann… med folk inni

Under den ulovlege maktovertakinga av nasjonalistar og nynazistar i heile landet, vart dei møtt med motstand av den sokalla «anti-Maidan»-rørsla, som opponerte mot kuppet. Nynazistar og anti-Maidan-demonstrantar barka saman over heile landet, men det som skjedde i Odessa 2.mai 2014, vil gå over i historia som eit av dei mørkaste kapitla i Ukrainas historie.

Anti-Maidan-demonstrantane barrikaderte seg sjølve i ein lokal fagforeiningsheim etter gatekampar med nynazistar. Deira motstandarar omringa bygningen og sette den i brann med bensinbomber, med hjelp frå den nye ukrainske regjeringa.

Når brannen braut ut i bygningens andre og tredje etasje, kjempa hundrevis av innesperra menneske febrilsk for å kome seg ut. Ti av dei døydde som eit resultat av deira handlingar. 32 fleire menneske døydde som eit resultat av alvorlege skadar og røyk i lungene. Ettersom brannmannskap responderte ein time etter brannen braut ut, greidde 250 andre å sleppe ut av dødsfella med varierande grad av skadar.

Nasjonalistiske friviljuge bataljonar utførde krigsbrotsverk, men dei vart ikkje straffeforfølgt

I tillegg til å sende vanlege styrkar til å omslutte DPR og LPR-byar, rekrutterte den nye Kiev-administrasjonen hjelpa til fleire «friviljuge bataljonar» – brokete samlingar av individ, ofte nasjonalistar og tidlegare straffedømte, som vart finansielt støtta og væpna av ukrainske oligarkar og forretningsmenn med tette band til den nye administrasjonen. Troppane deira deltok ofte i ei rekkje krigsbrotsverk, frå ran og valdtekt til massakre av sivile. Etter mange rapportar om deira fælslege handlingar, oppløyste Kiev ein slik bataljon med namn «Tornado» i desember 2014; derimot vart personellet aldri dømt, og fleire av dei vart overførde til andre bataljonar.

Amnesty International etterforska, tok opp og avdekte brotsverka av ein annan berykta friviljug bataljon, «Aidar». Likevel vart deira groteske brotsverk ikkje straffa. DPR-militsen oppdaga lika til fire damer og seks menn – alle sivile – nær «Kommunar»-mina, som var ei av dei mange grusomheitene som vart utført. Dei hadde blitt bundne, pint og anten skotne i hovudet eller halshogd. Ei av damene vart valdtekne av bataljonens kjemparar, ifølgje rapportar.

Medlemmar og journalistar av opposisjonen har blitt forfølgt, sperra inne og drepne utan lov og dom

Nasjonalistar og nynazistar i Kievs regjering har ein lang tradisjon for å bryte menneskerettar og utføre brotsverk, der mange er sirleg dokumenterte i det russiske utanriksministeriets 80-siders Kvite Bok. Ved midten av juni 2014, berre under fem månader etter å ha teke kontrollen, hadde dei nye ukrainske styresmaktene byrja å gripe inn i folks rett til ytringsfridom og pressefridom, utførde inspeksjonar og arrestasjonar av protest-deltakarar og journalistar, og hindra internasjonale journalistar frå å kome inn i landet.

Politiske opponentar – politikarar og sjølv parlamentsmedlemmar som fordømte krigen mellom DPR og LPR, so vel som andre som var mot kuppet – vart òg truga og kidnappa av dei nye Kiev-styresmaktene. Nokre opposisjonspolitikarar og uavhengige journalistar vart utsette for attentat òg, visstnok av dei same nasjonalistane og nynazistane, der ei rekkje saker enno ikkje er løyste.

Ei av dei mest kjende hendingane er attentatet på Oles Buzyna, ein ukrainsk journalist kjent for sitt pro-russiske syn. Ukjende gjerningsmenn skaut Buzyna utanfor heimen hans i Kiev berre ein dag etter at den tidlegare parlamentsmedlemmen Oleg Kalashnikov vart drepen i heimen sin. Hendingane vart aldri løyste, men dei er trudd å vere tilknytt offera sine anti-Maidan-aktivitetar.

Diskriminering mot alt som har med Russland å gjere

Denne politikken manifesterte seg på ei rekkje måtar, inkludert oppseiinga av russiske akademikarar som underviste i russisk litteratur, arrestasjonen av russisk-talande turistar utan lovleg grunnlag, formelle forbod mot visse russiske produkt, teikning av hakekors på minnesmerke frå Andre verdskrigen og Holocaust-offer, og å tillate nynazistiske marsjar som roper «drep russarar» som bur i Ukraina.

Store grupper av russarar, der mange av dei har familie i Ukraina, vart òg hindra i å reise inn i nasjonen av den nye regjeringa, noko som begrensa deira rørslefridom og splitta familiar.

Der finst mange fleire grusomheiter utført av Kievs nasjonalistiske leiarar dei siste åtte åra som ikkje er nemnt i Den kvite boka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s