Nivå to av massepsykosen festar seg

Av Dylan Charles, The Covid World. Omsett av saksyndig.

Det var berre ei veke sidan at framtida vår såg lysare ut enn ho hadde gjort dei siste to åra. Restriksjonane vart letta og vitskapen skifta endeleg over til den rasjonelle sida.

So… Punktum.

Men no, i løpet av berre nokre dagar, har alle dei lenestol-virusekspertane, som fortalde deg at din sunne, uvaksinerte kropp er ein dødeleg trugsel mot dei som går med doble munnbind og har allereie teke 3-4 dosar av dei eksperimentelle sprøytene, over natta blitt ekspertar i utanrikspolitikk og psyken til Vladimir Putin. Dumt at dei ikkje vil bli ekspertar på historie i tillegg.

Eg kjem ikkje til å kommentere det faktum at raseriet som blir piska opp rundt Ukraina er illevarslande bedragersk og falskt, fordi når du ser på korleis folk har reagert og ikkje-reagert til det pågåande folkemordet i Jemen, øydelegginga av Libya og Syria, og dei katastrofale okkupasjonane av Irak og Afghanistan, ser du at folke-iveren berre flyt der hovudstraumsmedia går.

For alle som nektar å late nemnde hovudstraumsmedia leve i sine hovud utan å betale leige, er det enklare enn nokosinne å sjå berre kor lite original, kritisk tanke som finn stad mellom øyra på gjennomsnitts-CNN-sjåaren. Det blir kalla tankekontroll, og hovudsymptomet er å gjenta som ei papegøye idear som ikkje er dine om tema som ikkje har med deg å gjere. Det er sekterisk. Og ofte psykotisk.

No, psykose i eit individ er ein interessant ting å vere vitne til.

Eg har sett det nokre gonger i mitt arbeid med sjamanistiske plantemedisinar, og for å vere ærleg er det ganske skremmande. Av og til i den settinga, misser folk grep om røyndommen og det som utan unntak skjer, er at ein eller annan undertrykt del av deira skugge-sjølv kryp sin veg opp til kommandosenteret og tek roret. Det er fenomenalt fordi når dette skjer er det alltid skugge. Folk glir ikkje inn i psykose og byrjar å agere Dalai Lama.

Psykose som ein kollektiv tilstand er beint fram frykteleg.

Dette er eit heilt anna vesen, og det er stoffet som historie er laga av. Når massepsykose festar seg i eit samfunn, blir dei mest menneskelege kvalitetane i folk dregne under etter kvart som den kollektive skuggen kjem ut og raser. Når denne brytaren er slegen på inne i det kollektive sinnet, utfører menneske dei mest horrible handlingar. Det er eit tankevirus som spreier seg som løpsk eld.

Medan det so visst er mange døme frå historia, er Rwanda den fyrste skrekkhistoria som dukkar opp i tankane mine medan eg skriv dette.

For nokre år sidan, kom ein overlevande frå Rwandas folkemord i 1995 for å halde tale på skulen til sonen min. Føredraget hans var gripande og veltalande, og i tillegg fullstendig sjokkerande. Han snakka om korleis psykosen tok over på svært kort tid, og infiserte alle med ei usynleg bølgje av galskap.

Han fortalde historia om korleis han rømde ut av ein låst bygning som var sett i brann av Hutu-gjengar som febrilsk hakka til døde alle som hoppa ut av vindauga. Han var heldig som slapp unna det, og på eitt punkt i hans flykt for å kome i tryggleik, kom han til ei blodraud elv med ein endelaus masse av flytande, oppblåste lik. Han kan framleis sjå biletet når han lukkar auga.

I ein periode på rundt 100 dagar, vart eit estimert tal på 500 000 til 800 000 Tutsi-ar, moderate Hutu-ar og medlemmer av andre etniske minoritetsgrupper massakrert. Denne hendinga er både unik og relevant her på grunn av rolla som media spelte i å oppvigle og halde ved like valden.

«Radio vart eit kraftfullt våpen brukt til å oppildne og styre det rwandiske folkemordet… Det som eg fann spesielt interessant ved innhaldet i desse sendingane, var måten der deira innsats på å leie utryddinga av Tutsi-befolkinga gjekk parallelt med innsatsen deira i å hevde autoritet over det å fortelje historia. Radiosendingane avdekkjer ein kamp over kven som får fortelje historie og, difor, ein kamp over eit monopol på sanning. Med andre ord, viser radiosendingane eit fenomen som verkar å vere meir universelt sant, som er det politiske naudsynet til historieforteljing.»

Massemedie-indusert massepsykose, driven av eit mediemonopol på forteljinga. Dette er eit svært reelt fenomen som blir spelt i verda vår i denne augneblinken. Pluss, vi byggjer på galskapen til dei siste to åra… og denne gongen risikerer vi ein krig. Ein svært stor krig.

Dersom denne psykosen festar seg, vil alt standard-språket til Orwell gjelde, og ingenting anna enn siger og helsa til staten vil spele noka rolle. Det vil ikkje vere nokon stad for dei som ikkje vel side, dei som grublar eller dei som protesterer. Ingen grå område vil vere tillatne. Alle vil måtte velje eit lag. Dette skjer allereie.

Vi er allereie i ein situasjon der mange har forlate sin eigen sans for personleg autoritet og gjeve den over til dei usensurerte «ekspertane». Mange blant oss har allereie bevist at dei er klare til å straffe oss ikkje-konformistar ved å ekskludere oss, forstyrre liva våre, segregere, diskriminere, utstøyte, kritisere, fordømme, skulde og «andre-gjere» oss. Å kaste krigsfeber inn i dette kjem ikkje til å hjelpe. Det kjem berre til å gjere større og feitare den tidevassbølgja av psykose som kjem mot oss.

Eg treng ikkje eit lag, spesielt når alle laga er galne og sjølvmordslystne, og dette gjer meg unik. Det er ein farleg posisjon, men unik, og eg likar det unike, og eg føretrekkjer det ein million til éin over konformitet. Men det er berre meg. Eg synest det er heilt greitt å føle ingenting til felles med Putin, medan eg samstundes har null truskap til USA sin provoserande utanrikspolitikk.

Eg ville ha elska å sjå at sindige hovud held stand, men det kjennest som om vi sjagar av garde mot det uunngåelege, og for folk som deg og meg, er vår heilage rolle å oppretthalde fatning og statuere dømet for alle der ute som kan ta motet vårt og bruke det til å gjen-tenne sin integritet og individualitet.

So, ettersom verda roterer og menneske held fram med å gjere det som menneske gjer, spør eg deg til å tenkje over din individualitet midt opp i alt dette. Når du fjernar galskapen frå flokken, kva handlar livet ditt eigentleg om?

Forstand er motgifta mot psykose. Vis fram din.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s