Lærar-fagforeining i Chicago brukte forelders død til å innføre Covid-restriksjonar: Verkeleg dødsårsak var alkoholisme

Av Philip Caldwell, The Washington Free Beacon. Omsett av saksyndig.

Chicagos mektige lærar-fagforeining Chicago Teachers Union, som heldt skular stengde gjennom store delar av pandemien, brukte dødsfallet til ei mor i skuledistriktet som bevis på farane til Covid-19 i klasserommet og grunnlag for strengare helserestriksjonar. Men kvinna sitt dødsfall hadde ingenting å gjere med koronaviruset ifølgje obduksjonsrapporten; der stod det at ho drakk seg i hel.

Ein toksikologi-rapport skaffa av Chicago Wire avdekte at Denisha Henry (32) døydde sist september av «kronisk etanolisme», ein frase som vanlegvis er brukt i obduksjonsrapportar for å skildre dødsfall forårsaka av alkoholisme.

Men Chicago Teachers Union la skulda for Henrys død på koronavirus-overføring ved barnet hennar sin skule, Jensen Scholastic Academy. Fagforeininga sendte ut ei melding og arrangerte eit rally som identifiserte Henry som eit Covid-dødsfall og bad om strengare pandemi-tiltak i offentlege skular.

Fagforeininga skildra Henry og ei anna Jensen-mor som døydde saame veka, Shenitha Curry, som «to skulemødrer» som «døydde av Covid». Gruppa antyda òg at begge mødrene døydde av å ha fått viruset etter at barna deira tok det med seg heim frå skulen, sjølv om Chicagos folkehelsekommissær ikkje fann noko bevis på ein samanheng mellom mødrene sine dødsfall og Covid-smitte på skulen.

«Begge mødrene hadde barn som var sendt heim frå Jensen-klasserom i karantene,» sa Chicago Teachers Union etter Henrys død. «Ei mor klaga bittert på sosiale media at ho aldri vart kontakta av ein kontaktlærar. Innan ei veke var ho død.»

Fagforeininga kravde at Chicago innførde nye pandemi-tiltak som respons på Henry og Currys dødsfall, inkludert massetesting éin gong i veka, strengare kontaktsporing og tilsetjing av nytt personale. Fagforeininga skjelte òg ut byrådet for å lempe på skulerestriksjonar, slik som sosial avstand og retningslinjer som tvingar skular å stengje når dei når eit visst tal Covid-tilfelle.

Chicago Teachers Union svarte ikkje på førespurnad [frå Free Beacon] om kommentar med tanke på deira avgjerd om å identifisere Henry som eit koronavirus-offer.

Massemedia i Chicago, inkludert WBBM-TV (der CBS har ein aksjedel) og ChalkBeat Chicago, gjentok påstanden om at Henry døydde av Covid.

Chicago Teachers Union vart under pandemien berykta for sin harde motstand mot gjenopning av skular. Fagforeininga trekte forhandlingar med byen ut i langdrag i fleire månader i fjor før dei greidde å få til ei gjenopningsavtale. Då røysta medlemmer i januar for å gå over til virtuell læring i samband med spreiing av omikron-varianten, noko som tvinga distriktet til å avlyste klassar i fem dagar, i tillegg til å få ordførar Lori Lightfoot (Demokrat) til å skulde fagforeininga for å «halde barna våre som gissel». Nyleg lovde fagforeininga å kjempe mot distriktet si avgjerd om å late elevar og personale velje om dei ville gå med munnbind eller ikkje.

Ein studie publisert i fjor av American Academy og Pediatrics fann ut at Covid-smitte på skulen var «ekstremt sjeldan», og at forfattaren til studien konkluderte at «skular kan trygt halde opne i samfunn med utbreitt samfunnsmessig overføring».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s