Lovforslag i amerikansk delstat vil late mødrer myrde babyane sine opp til 28 dagar etter fødselen

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Senator William Smith (Demokrat) har kome med forslag til ei ny lov i den amerikanske delstaten Maryland som vil legalisere «abort» opp til 28 dagar etter eit barn er fødd.

Senate Bill 669, òg kalla «Pregnant Person’s Freedom Act of 2022» føreslår at eit nyfødd barn kan bli overlate til å døy opp til ein månad etter fødselen i tilfelle «mora» bestemmer seg for at ho ikkje lenger vil behalde det.

Ei høyring for «woke»-lovforslaget har blitt sett til 15.mars når lovgjevarane vil debattere det.

«Lovforslaget kjem òg med framlegg til ein revisjon av fosterdraps-/uaktsamt drap-statutten som ville tene til å hindre etterforskinga av spedbarnsdødsfall urelatert til abort», påpeikte jurist Olivia Summers i American Center for Law and Justice (ACLJ).

Grunnen for dette har å gjere med ordlyden i lovverket som vil forby etterforsking av og strafferettsleg forfølging av kvinner og medisinske profesjonelle for å «unnlate å handle» i relasjon til «perinatalt dødsfall» [perinatalt = under fødselen; oms.an.].

«Med andre ord kan ein baby fødd frisk og levande, bli forlaten og overlaten til å svelte eller fryse i hel,» sa Summers. «Og ingenting kan bli gjort for å straffe dei som deltok i den gruvfulle døden.»

Kvifor er Demokratar so besette av å myrde babyar?

Språket i lovverket, åtvara Summers, er so uklart at det faktisk vil «hindre etterforsking rundt døden til spedbarn minst sju dagar etter døden, og kan utvidast til spedbarn so gamle som fire veker.»

Marylands lov definerer ikkje på noverande tidspunkt «perinatal». Ein 2020 lov, derimot, definerer «perinatal omsorg» som «helseomsorg under graviditet, fødsel, perioden like etter fødsel (postpartum) og neonatale periodar [neonatal = nyfødd].

Ifølgje MedicineNet er den offisielle definisjonen [på perinatal] «den 20. til 28.veka av svangerskapet» til «1 til 4 veker etter fødselen».

Maryland har allereie ei «Safe Haven»-lov i verksett som lèt foreldrene til nyfødde babyar gje dei til ein ansvarleg vaksen utan fare for å bli straffeforfølgt. So kvifor behovet for SB 669, anna enn å utvide tidsrommet der ein baby kan bli myrda?

«Under Safe Haven-lova, kan ein fortvila forelder som ikkje kan eller ikkje vil ta seg av barnet sitt, trygt gje opp omsorga av ungen, utan at spørsmål blir stilte,» sa Maryland Department of Human Services. «Nyfødde kan bli levert til sjukehus eller politistasjonar.»

«Det er absolutt ingen grunn for Maryland Senate Bill 669s forsøk på å hindre nokon som lèt babyen sin døy frå å bli etterforska,» skreiv Summers i ein analyse av lovforslaget.

«Dette lovforslaget avdekkjer vidare den fullstendige mangelen på respekt abort-tilhengjarar har for uskuldige menneskeliv.»

Dersom Demokratane som pushar lovforslaget verkeleg ønskjer å beskytte liv og kvinner, er alt dei treng å gjere å utvide lengda på safe harbor-provisjonane som allereie er sett i verk. Sidan dei ikkje gjer dette, kan det sjå ut som om dei har ein annan agenda.

Dette er ikkje akkurat fyrste gongen at venstrevridde politikarar har kome med lovforslag som har som mål å gjere det juridisk enklare å myrde babyar. Nancy Pelosi (Demokrat, California) nedla som kjent veto mot eit tillegg føreslege av Republikanaren Andy Harris i Maryland som ville ha beskytta nyfødde frå mislykka abortar frå å bli avliva.

«Kva med om du ikkje likar ditt toårige barn?» spurde nokon i LifeSiteNews. «Er det okay å myrde ho òg? Kva med di gamle bestemor som ikkje er til nytte for nokon lenger? Kva med den kristne som er i mot kjønnsforvirring og indoktrinering i skulane? Burde dei bli permanent teia òg?»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s