Sektkultur på Tumblr fekk dame til å tru ho var mann

«Demonisk»: Dame som tidlegare levde som mann knuser mediaforteljing

Av Art Moore, WND. Omsett av saksyndig

Helena Kerschner er ei 23 år gammal dame som i fleire år levde som mann gjennom hormonterapi.

I eit oppsiktsvekkjande intervju fortel ho korleis ho kom til å tru at ho var ein mann for det meste gjennom kulturen på nettstaden Tumblr, som med-intervjuar Rod Dreher skildrar som «ein ekstremt intens, men sekt-liknande kultur som trekkjer til seg sårbare unge damer som er usikre på seg sjølv, og desperate i å finne tilhøyrsle og godkjenning».

«Du kunne tru at du har eit godt grep på dette (transkjønn)-fenomenet, men eg garanterer at dei fleste av dykk ikkje har det. Eg gjorde det ikkje, sjølv om eg las om denne greia heile tida,» skreiv Dreher, ein senior-redaktør og bloggar for The American Conservative og forfattar av fleire bestseljande bøker, inkludert The Benedict Option og Live Not by Lies

Dreher bemerka at han og med-intervjuar Kale Zeldon er kristne som «trur at det demoniske finst».

«Etter at vi gjorde ferdig intervjuet, snakka vi begge off-line om kor himmelfalne vi var om det spirituelle krigføringsaspektet i det Helena hadde fortalt oss,» sa han.

Helena, som sa at ho ikkje er religiøst truande, forklarte at kristendommen og verdiar slik som sex med kjærleik og ømheit er sett på som vonde i kulturen som overvelda ho.

Denne kulturen, sa Dreher, har «knust dei indre liva til tenåringsjenter som tek del i den ved å fortelje dei at dei er verdilause, og kan berre bli verdige dersom dei gjenskaper seg sjølv i tråd med reglane [til kulturen].»

«Då Helena snakka om prosessen rundt å overgje seg til denne, gjekk det kaldt nedover ryggen min, bokstavleg tala,» skreiv Dreher. «Ho er ikkje ein religiøs person, og kunne ikkje ha forstått kva ho sa i ein religiøs kontekst. Men dersom du kjenner til noko som helst av litteraturen rundt demonisk besettelse, er forteljinga ho fortalde veldig nær det som skjer i eit tilfelle av besettelse. På eit punkt snakkar ho om korleis ho gav seg sjølv over til desse tankane, og før ho visste kva som skjedde, kontrollerte dei ho.»

Han ønskjer at kvar forelder, pastor og religiøse leiar høyrer Helena si historie, særleg «dei som er freista til å gå god for transkjønnsideologi, eller dei som trur at det berre er siste mote.»

«Dette er oss. Dette er den vi er i dag,» skreiv Dreher. «Familien blir oppløyst. Mannleg og kvinneleg blir oppløyst. Den individuelle menneskelege personlegdom blir oppløyst.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s