Elevar blir lokka av lærarar til å slutte seg til LGBT-«glitterfamiliar» i staden for foreldra sine

Av Jonathon Van Maren, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Tidlegare denne månaden gjekk eit bilete av eit skilt utanfor ein Wisconsin-high school viralt. Det viste ein mammabjørn omringa av tre bjørneungar – ein regnbogefarga, ein med striper slik som transkjønnsflagget, og ein tredje farga blått med tonar av lilla (om dette er ein annan alfabetsuppe-identitet, kan eg ikkje identifisere den) – det stod å lese: «Dersom foreldra dine ikkje aksepterer identiteten din, er eg mora di no #freemomhugs.»

Biletet vart delt på Twitter av Parents Defending Education (ein «nasjonal grasrots-non-profit-organisasjon som gjev foreldre makt til å kjempe for klasserom som utdannar, i staden for å indoktrinere») og av fleire sosial-konservative aktivistar på Facebook. Teri Piper Thomson frå Eau Claire Area School-distriktet bekrefta overfor Newsweek at skiltet faktisk hadde blitt hengt opp ved North High School, men blitt teke ned.

Openbert hadde dette skiltet blitt hengt opp av ei rekkje lærarar. Konteksten er spesielt urovekkjande. Ifølgje Newsweek hadde skuledistriktet nyleg equity professional development training [omtrentleg omsett som «utfallslikskapsprofesjonell utviklingstrening»; oms.an.] som inkluderte dette: «Seint i førre månad var lærarar til stade på ein stabsutviklingsdag der innhaldet inkluderte eit lysbilete med instruksar til lærarar som sa at ‘… foreldre ikkje har rett til å vete barna deira sine identitetar. Denne kunnskapen må vere fortent.’»

LGBT-aktivistar vil påstå at denne treninga er nødvendig, og at barn som identifiserer seg som LGBT vil oppleve genuin fare frå sine eigne familiar. Med andre ord bryr statstilsette seg meir om desse barna enn foreldra deira gjer, og dermed må desse tilsette både bli instruert i og gjeve høve til å beskytte barna frå sine familiar. Kombiner dette med allestadsverande LGBT-seksualundervisning som byrjar i dei minste klassane og gradvis presenterer barna med valet om å skifte kjønn, og resultata er uunngåelege.

Eg har fått mange, mange e-postar dei siste åra frå foreldre som oppdaga, fleire månader seinare, at barna deira hadde byrja å identifisere seg som eit anna kjønn på skulen og at dette hadde blitt gøymt frå dei [foreldra]. Barnet ville velje eit anna namn og andre pronomen for skulen; skuletilsette ville hjelpe barnet; foreldre og familiemedlemmer ville bli utelatne. Barnet ville generelt bli gjeve trans-bekreftande rådgjeving og eskortert inn i LGBT-klubben. Når lamslegne foreldre oppdagar kva som skjer og protesterer – ofte fordi barnet deira lid av autisme eller ein annan tilstand som er relevant til dysforien – kan dei med éin gong bli stempla av skulen som transfobe.

Når dette skjer, blir foreldre truga med tap av omsorgsretten til sitt eige barn; nokre barn, oppmuntra av dette nye, godkjennande økosystemet som dei har blitt del av, ser på kvart eit spørsmål frå foreldra sine som hat eller at det blir stilt spørsmål ved deira nye identitet. Foreldre blir lurt til å godkjenne trongen for pubertetsblokkerarar eller kjønnsskifte-kirurgi eller permanent miste kontakten med barnet sitt. Eg har høyrt fleire døme på dette berre det siste året.

Abigail Shrier undersøkjer korleis familiar har blitt øydelagt av transkjønnsrørsla i detalj i boka si Irreversible Damage: The Transgender Craze Seducing Our Daughters. Barn blir oppmuntra til å fornekte sine naturlege familiar til fordel for «glitter-familiar», som besåtr berre av dei som godkjenner kvar ein impuls. Ei mor vart stempla som «utrygg» berre for å gå i mot at hennar unge dotter fekk begge sine friske bryst fjerna. Ei anna som mista tre barn til transkjønnssekta lurte på om ho nokosinne kom til å høyre stemmene til døtrene sine igjen. Ei anna mor sørga: «mi eingong vakre dotter er no skjeggete, heimlaus og sterilisert.»

Ei mor snakka for mange då ho skreiv eit ope brev med tittelen, «Når transrørsla forkastar dottera mi, vil eg vere der for ho.» Her er korleis brevet enda:

«Utover hennar fysiske helse, veit eg at det å vere transperson ikkje vil løyse smerta i hjartet hennar. Sjølvmordsraten for transpersonar er mykje høgare etter skiftet enn før.

Dottera mi, som mange smarte jenter, opplevde sosiale utfordringar. Ho vart ofte stengt ute og avvist av andre barn. Ho var kjenslevar, og det gjorde vondt.

Eg er sikker på at ho trur at hennar nye identitet vil lækje desse såra. Eg er òg sikker på at det ikkje vil det. Når det ikkje gjer det, kva vil ho sitje igjen med? Eg ønskjer å tru at ho vil ha det godt. Eg er her og ventar på ho. Eg ber at ho veit at eg framleis er her og ventar, so lenge som det trengst.

Eg har snakka med andre mammaer og pappaer som går gjennom dette. Dei kjem frå alle samfunnssjikt. Dei kjenner seg hjelpelause. Dei kan ikkje finne hjelp blant rådgjevarar, lærarar, venner, familie eller i sine trussamfunn.

Dei blir dømte som nokon som ikkje støttar eller aksepterer. Døtrene og sønene deira var smarte, ofte lykkelege, og no er dei sinte, trassande og fjerne. Eg ønskjer eg hadde svar for dei. Eg ønskjer eg hadde nokre for meg sjølv.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s