I politistaten er vi alle skuldige til det motsette er bevist

Av John W. Whitehead og Nisha Whitehead, The Rutherford Institute, 23.juni 2022. Omsett av saksyndig.

«I eit lukka samfunn der alle er skuldige, er det einaste brotsverket å bli teken.» – Hunter S. Thompson

Bevisbøra har blitt reversert.

Ikkje lenger antek ein at vi er uskuldige. No antek ein at vi er skuldige med mindre vi kan bevise uskulda vår utover rimeleg tvil i ein rettssal. Det er til og med sjeldan at dei gjev oss høvet til å gjere det.

Sjølv om Grunnlova krev at styresmaktene kjem med solide bevis på kriminell aktivitet før dei kan ta frå ein borgar livet eller fridommen, har styresmaktene snudd denne fundamentale rettesnora for lov og rett på hovudet.

Kvar og ein av oss blir no sett på som ein potensiell mistenkt, terrorist og lovbrytar i styresmaktene sine auge.

Sjå på alle måtane «vi folket» no blir behandla som kriminelle, der vi blir funne skuldige i å bryte politistaten sin overflod av lover, og i forkant avkledd vår rett til rettferdig rettargang.

«Red flag» våpenkonfiskeringslover: Våpenkontroll-lovgjeving, spesielt i form av «red flag»-våpenlover, lèt politiet fjerne våpen frå menneske som er «mistenkt» for å utgjere ein trugsel. Desse lovene, som veks i popularitet som ein legislativ måte å ta våpen frå individ som er sett på som ein trugsel mot seg sjølv eller andre, vil setje eit mål på ryggen til kvar einaste amerikanar om dei eig eit våpen eller ikkje.

Kampanjar for å eliminere desinformasjon: I seinare år har styresmaktene brukt frasen «innanlands-terrorist», «anti-statleg», «ekstremistisk» og «terroristisk» om ein annan for å skildre alle som kan falle kor som helst på eit svært breitt spektrum av synspunkt som kan bli vurdert som «farlege». Konsekvensane er so langtrekkjande at nesten kvar einaste amerikanar blir om til ein ekstremist i ord, handling, tanke eller assosiasjon. I styresmaktene sitt siste overfall på dei som kritiserer dei – om den kritikken manifesterer seg i ord, handling eller tanke – har Biden-administrasjonen samanlikna dei som deler «falske eller villeiande forteljingar og konspirasjonsteoriar, og andre former for mis-, dis- og mal-informasjon» med terroristar. Denne siste statlege salven mot forbrukarar og spreiarar avb «mis-, dis- og mal-informasjon» utvidar nettet til å potensielt inkludere alle som blir eksponerte for idear som går imot den offisielle forteljinga til styresmaktene. Med andre ord, dersom du vågar å halde med nokon som helst synspunkt som går imot dei til styresmaktene, kan du lett bli mistenkt for å vere ein innanlands-terrorist og behandla deretter. Styresmaktene og konsern-sensurerarar som påstår at dei beskyttar oss mot farlege desinformasjonskampanjar, kan på den måten faktisk leggje grunnlag for å utføre førebyggjande handlingar mot «farlege» idear som kan utfordre maktelitens kvelartak på liva våre.

Statlege oppsynslister. FBI, CIA, NSA og andre statlege byrå har i aukande grad investert i korporativ overvakingsteknologi som kan minere grunnlovsbeskytta ytringar på sosiale mediaplattformer slik som Facebook, Twitter og Instagram for å identifisere potensielle ekstremistar, og føresiee kven som vil kunne delta i framtidig, anti-statleg åtferd. Det mange amerikanarar feilaktig trur, er at du må gjere noko som er ulovleg eller som skader andre for å bli «flagga» og sett som mål for former for inngrep eller arrestasjon. Faktisk er alt du treng å gjere i desse dagar for å ende opp på statlege oppsynslister eller bli gjenstand for auka etterforskning, å bruke visse utløysarord (som sky, svin og piratar), surfe på Internett, kommunisere med mobiltelefon, halte eller stamme, køyre ein bil, ta inn på hotell, vere til stade under eit politi-rally, uttrykkje deg sjølv på sosiale media, verke psykisk sjuk, tene i militæret, vere ueinig med ein polititenestemann, ringje seg sjuk på arbeid, kjøpe material i ein jarnvarehandel, ta fly- eller båtførartimar, sjå suspekt ut, sjå forvirra eller nervøs ut, fikle, plystre eller lukte vondt, bli sett på offentleg stad med ein leikepistol eller noko som liknar på eit våpen (slik som ein hageslange eller ein fjernkontroll eller ein spaserstokk), stire på ein politimann, stille spørsmål ved statleg autoritet, eller sjå ut til å vere pro-våpen eller pro-fridom.

Tankekriminalitet. I årevis har staten brukt alle våpena i sitt digre arsenal – overvaking, trugselvurdering, samordningssentralar, pre-kriminalitetsprogram, hatkriminalitetslover, militarisert politi, nedstengingar, unntaksløover, etc. – for å spore opp potensielle statsfiendar basert på deira ideologi, åtferd, kven dei heng med og andre karakteristikkar som kan bli sett på som mistenkjelege eller farlege. Det er ikkje berre kva du seier eller gjer som blir overvaka, men òg korleis du tenkjer. Der er eit heilt spektrum av åtferdstypar som går frå tankekriminalitet og hattale til varsling som kvalifiserer for forfølging (og tiltale) av Djupstaten. Det er ein glatt bakke frå sensur av sokalla illegitime idear til å stilne sanninga.

Tryggleiks-sjekkpunkt og samordningssentralar. Ved å behandle ei heil befolkning som mistenkte, har staten rettferdiggjort vidtomspennande tryggleiks-sjekkpunkt som påfører reisande scanning, ransaking, kroppsundersøkingar og andre uverdigheiter av TSA og VIPR-raid på sokalla «mjuke» mål slik som handlesenter og bussterminalar av svartkledde Darth Vader-kopiar. Samordningssentralar, som representerer den kombinerte overvakingsinnsatsen til føderale, statlege og lokale handhevarar av lova, sporar borgarskapens rørsler, speler inn samtalane deira og katalogiserer transaksjonane deira.

Overvaking, pre-kriminalitetsprogram. Ansiktsgjenkjennings-programvare har som mål å skape eit samfunn der kvart individ som går ut i det offentlege rom blir spora og spelt inn i det dei utfører sine daglege ærend. Kombinert med overvakingskamera som ligg som eit teppe over landet, lèt ansiktsgjenkjennings-teknologi staten og deira korporative partnerar – utan rettskjenning – identifisere og spore nokon sine rørsler i ektetid, om dei har gjort noko ulovleg eller ikkje. Raske framsteg i åtferdsovervaking gjer det ikkje berre mogleg for individ å bli overvaka og spora basert på rørsle- eller åtferdsmønster, inkludert gangegjenkjenning (måten ein går på), men har òg fostra fram heile industriar som sentrerer seg rundt det å føreseie eins åtferd basert på data og overvakingsmønster, og former òg åtferda til heile befolkningar. Med auken i pre-kriminalitetsprogram, trugselvurdering, AI-algoritmar og overvakingsprogram slik som SpotShotter, som prøver å kalkulere kor ulovleg aktivitet kan finne stad ved å triangulere lydar og bilete, har bevisbøra blitt snudd på hovudet av ein overvakingsstat som gjer oss alle om til mistenkte, og overkriminalisering som gjer oss alle til lovbrytarar.

Overvaking av posten. So godt som kvar einaste grein av staten – frå Posten til Skattedepartementet og kvart byrå mellom dei – har no sin eigen overvakingssektor, autorisert til å spionere på det amerikanske folket. Det amerikanske postvesenet, som har fotografert framsida av kvar einaste konvolutt dei siste 20 åra, spionerer til dømes òg på amerikanarane sine tekstmeldingar, e-postar og innlegg på sosiale media. Leia av postvesenet sin lovhandhevingsdivisjon, bruker Internet Covert Operations Program (iCOP) visstnok ansiktsgjenkjenningsteknologi, kombinert med falske nettidentitetar, til å luke ut potensielle bråkmakarar med «provoserande» innlegg. Byrået hevdar at nettovervakinga, som fell utanfor deira konvensjonelle mandat til å prosessere og levere papirpost, er naudsynt for å hjelpe postarbeidarar til å unngå «potensielt ustabile situasjonar».

Trugselvurdering og AI-algoritmar. Staten har ei veksande liste – delt med samordningssentralar og lovhandhevingsbyrå – av ideologiar, tilhøyrsle og andre karakteristikkar som kan «flagge» nokon som suspekte og resultere i at dei blir merkte som potensielle statsfiendar. Det vil ikkje ta lange tida før kvar einaste hushaldning i USA vil bli flagga som ein trugsel og tildelt ein trugselscore. Det er berre eit spørsmål om tid før du finn deg sjølv feilaktig tiltalt, etterforska og konfrontert av politiet basert på ein data-driven algoritme eller trugselvurdering sett saman av eit dataprogram styrt av kunstig intelligens.

Uvarsla raid. SWAT-team som verken bankar på døra eller gjer seg til kjenne før dei utfører raid, er det som passerer for rettsgodkjent politiverksemd i USA i dag, og det kan skje med kven som helst av oss. Over heile nasjonen invaderer SWAT-team rutinemessig heimar, bryt ned dører, drep familiekjæledyr (dei skyt alltid hundane fyrst), skader møblement, terroriserer familiar, og sårar eller drep dei som er uheldige nok til å vere til stade under eit raid. Ikkje lenger reservert berre for dødelege situasjonar, blir SWAT-team no i aukande grad sendt ut for relativt rutinemessige politioppdrag slik som å dele ut ein ransakingsordre, der somme SWAT-team blir sendte ut so ofte som fem gonger per dag. Politiet utfører titusenvis av uvarsla raid kvart år over heile landet.

Militarisert politi. USA flyt over av militariserte politifolk – bøller med tenesteskilt – som har nesten ingen grenser for kven dei definerer som ein trugsel, kva som utgjer motstand, og kor hardt dei kan slå ned på borgarar som dei vart utpeikte for å «tene og beskytte». Det speler inga rolle kor du bur – storby eller småstad – det same scenarioet speler seg ut igjen og igjen der statlege agentar, trena til å agere som dommar, jury og bøddel i sine interaksjonar med folket, trampar på rettane til borgarskapen. Dette er korleis vi har gått frå ein nasjon av lover – der dei minste blant oss hadde like stor rett til å bli behandla med verdigheit og respekt som vår neste (iallfall i prinsippet) – til ein nasjon av handhevarar av lova (skatteinnkrevjarar med våpen) som behandlar «oss folket» som mistenkte og kriminelle.

Grunnlovsfrie soner. Berre det å leve innan 100 miles [rundt 161 kilometer; oms.an.] frå grensa rundt USA er no nok til å gjere deg til ein mistenkt, som gjev grensepatruljeagentar fritt spelerom til å ransake folk sine heimar, intimt undersøkje kroppane deira, og rote gjennom tinga deira, fullstendig utan ransakingsordre. Nesten 66% av amerikanarane (to tredjedelar av befolkninga; 197,4 millionar menneske) lever no innanfor denne 161-kilometer breie, grunnlovsfrie sona.

Oppheving av eigedomsretten. Amerikanarar har ikkje lenger retten til privat eigedom. Dersom statlege agentar kan invadere heimen din, bryte ned dørene dine, drepe hunden din, skade møblane dine og terrorisere familien din, er ikkje lenger eigedommen din privat og sikker – den høyrer til staten. Hardtarbeidande amerikanarar får bankkontoane sine, heimane, bilelektronikk og pengar beslaglagt av politiet under antakinga at dei har blitt assosiert med ein eller annan kriminell plan. Som libertarianske Harry Browne observerte, «Beslaglegging av aktiva er eit hån mot Bill of Rights. Ein antek ikkje at du er uskuldig, ein treng ikkje å bevise skuld (eller ikkje eingong tiltale deg for eit brotsverk), du har ikkje rett til rettssak med jury, ingen rett til å konfrontere anklagaren din, ingen rett til ein rettsutnemnd advokat (sjølv om staten nettopp har stole alle pengane dine), og ingen rett til kompensasjon for eigedommen som har blitt teken.»

Dødmannsknappar i køyretøy. Sokalla «dødmannsknappar i køyretøy», som er selt til folket som eit tryggleikstiltak som har som mål å hindre fyllekøyring, kan fort bli eit beleileg verktøy for statlege agentar for å setje staten i førarsetet medan dei ugyldiggjer Grunnlova sine krav om privatliv og forbodet mot urimelege ransakingar og beslaglegging. På den måten blir kvar einaste sjåfør anteken i å bryte ei eller anna lov som krev at staten grip inn og tek over kontrollen av køyretøyet eller stengjer det fullstendig ned. Meldinga er: vi kan ikkje bli betrudd å følgje lova eller navigere oss rundt om i verda etter eige ønske.

Kroppsleg integritet. Det at staten antek at vi er sokalla skuldige eller uskuldige har utvida seg til eit sopass lite nivå som sjølve cellenivået. Debatten rundt kroppsleg integritet dekkjer eit breitt terreng, og går frå vaksinetvang, tvinga undersøking av kroppens holrom, tvinga tarmundersøkingar, tvinga blodprøvetaking og tvinga blod-alkoholtestar til tvinga DNA-uttrekk, tvinga augescanningar, og tvinga medlemskap i biometriske databasar: dette er berre nokre av måtane der amerikanarar blir minte på at dei ikkje har reelt privatliv, ingen reell antaking av uskuld, og ingen reell kontroll over kva som skjer med kroppane våre under eit møte med statlege tenestefolk. Grunnarbeidet som blir lagt med desse mandata er eit føreord til kva som vil bli politistaten si erobring av eit nytt, relativt uutforska område: det indre rommet, spesifikt, det indre urverket (genetisk, biologisk, biometrisk, mentalt, emosjonelt) av menneskerasen. «Skuld ved medlemskap» har tatt på seg ei ny meining i den teknologiske alderen. Likevel er debatten rundt genetisk privatliv – og når eins DNA blir ei offentleg vare utanfor vernet til Det fjerde grunnlovstillegget sitt forbod mot undersøkingar og beslagleggingar utan rettsleg ordre – berre sovidt byrja. Gjer dykk klare, folkens, fordi staten har lagt seg ut på ein diabolsk kampanje for å skape ein nasjon av mistenkte spådd utifrå ein massiv nasjonal DNA-database.

Restriksjonar på retten vår til fri rørsle. Vi trur vi har fridommen til å fare der vi vil og bevege oss rundt fritt, men rundt kvar sving blir vi slegne tilbake av lover, bøter og straffer som regulerer og legg restriksjonar på vår autonomi, og overvakingskamera som overvakar rørslene våre. Til dømes er registreringsnummer-scannerar masse-overvakingsverktøy som kan fotografere over 1800 skiltnummer per minutt, ta eit bilete av kvart einaste passerande registreringsnummer og lagre nummeret saman med dato, tidspunkt og stad i ein søkbar database, for deretter å dele data med politi, samordningssentralar og private selskap som no opererer over heile landet, politiet kan spore køyretøy og køyre registreringsnummera gjennom politidatabasar for bortførte barn, stolne bilar, sakna personar og etterlyste rømlingar. Naturlegvis er ikkje teknologien feilfri: der har vore fleire tilfelle der politiet feilaktig har stolt på registreringsnummerdata for å fange mistenkte, berre for å arrestere uskuldige menneske.

Krigen mot kontantar og innføringa av digital valuta. Digital valuta gjev staten og deira korporative partnerar ein handelsmodus som enkelt kan bli overvaka, spora, tabulert, minert for data, hacka, kapra og konfiskert når det passar dei best. Dette pushet for ein digital valuta følgjer etter statens krig mot kontantar, som den har ført på eit subtilt nivå ganske lenge no. I seinare år kan berre det å ha betydelege mengder kontantar implisere deg som del av suspekt aktivitet, eller stemple deg som kriminell. Logikken (til politiet) er at kontantar er valutaen for illegale transaksjonar sidan dei er vanskelegare å spore, kan bli brukt til å betale ulovlege innvandrarar, og nektar staten deira andel av «byttet», so det å kvitte seg med papirpengar vil hjelpe politiet med å bekjempe kriminalitet og hjelpe staten med å få meir inntekter. Eit kontantlaust samfunn – som lett kan overvakast, kontrollerast, manipulerast, væpnast og stengjast ned – speler rett inn i nevane på staten (og deira korporative partnerar).

Det tryggleiksindustrielle komplekset. Kvar krise – fabrikkert eller ikkje – sidan nasjonens tidlege byrjing har blitt eit høve for staten å utvide si rekkjevidd og sitt maktområde på kostnad av skattebetalarane medan dei legg restriksjonar på fridommen vår rundt kvar sving. Dette har eskalert til ein krig mot det amerikanske folket, kjempa på amerikansk jord, finansiert av skattebetalar-dollar, og kjempa med den overordna viljen til å bruke nasjonale kriser, fabrikkerte eller ikkje, for å forvandle det amerikanske homeland til ei slagmark. Som eit resultat har det amerikanske folket blitt behandla som fiendestyrkar, som skal bli spionerte på, spora, scanna, ransaka, bli gjenstand for alle former for inntrenging, skremt, invadert, raida, brukt makt på, sensurert, stilna, skotne på, stengt ned, nekta rettferdig rettsgang, og myrda.

Desse programma dyttar oss mykje nærare eit samfunn der alle potensielt er skuldige av eit eller anna brotsverk, og som føre-var-tiltak må bli uskadeleggjort.

Konsekvensane av å gje staten makt til å gå utanom det fundamentale vernet til rettsstaten er so nifst og langtrekkjande at dei plasserer ein blink på ryggen til alle som tilfeldigvis er på same stad der eit brotsverk skjer.

Grunnarbeidet har blitt lagt for ei ny form for stat der det ikkje speler noka rolle om du er uskuldig eller skuldig, om du er ein trugsel mot nasjonen, eller til og med om du er ein borgar. Det som vil spele ei rolle er kva staten – eller kven som enn trekkjer i trådane for tida – trur. Og dersom den rådande makta trur du er ein trugsel mot nasjonen og bør sperrast inne, blir du stengt inne utan tilgang til det vernet som Grunnlova vår gjev.

I praksis vil du forsvinne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s