Great Reset: Eliten ønskjer å skape «virtuelle barn» for å hjelpe til med å bekjempe overbefolkning
Av Sean Adl-Tabatabai, NewsPunch. Omsett av saksyndig.
Den globale eliten vil at foreldre skal slutte å føde ekte menneskebabyar og i staden adopterer «virtuelle barn» for å stoppe overbefolkninga på Jorda.
Ifølgje ekspert på kunstig intelligens Catriona Campbell, vil virtuelle barn ein dag erstatte menneskebarn.
Ifølgje Daily Mail:
«Virtuelle barn som leikar med deg, koser med deg og som til og med ser ut som deg vil vere vanleg om 50 år, og kan hjelpe til med å bekjempe overbefolkning, hevdar ein ekspert på kunstig intelligens.
Desse data-genererte avkomma vil berre eksistere i den oppslukande digitale verda kjent som ‘metaverset’, som ein får tilgang til via virtuell røyndoms-teknologi slik som eit headset slik at det for ein brukar kjennest ut som han står ansikt til ansikt med barnet. Dei vil koste nesten ingenting å oppdra, og dei vil krevje minimalt med ressursar, ifølgje Catriona Campbell, ein av Storbritannia sine leiande autoritetar på kunstig intelligens og ny teknologi.
I si nye bok ‘AI by Design: A Plan For Living With Artificial Intelligence’ argumenterer ho for at bekymringar knytt til overbefolkning vil få samfunnet til å omfamne digitale barn.
‘Virtuelle barn kan sjå ut som eit gigantisk sprang frå der vi er i dag, men innan 50 år vil teknologien ha avansert sopass mykje at babyar som eksisterer i metaverset vil ikkje kunne skiljast frå dei i den reelle verda,’ skriv ho. ‘Ettersom metaverset utviklar seg, kan eg sjå barn bli ein akseptert og fullstendig omfamna del av samfunnet i mykje av den utvikla verda.’
Frøken Campbell trur at folk ein dag vil kunne bruke høgteknologiske hanskar som kan levere taktilt feedback for å gjenskape fysiske opplevingar. Dette vil late nokon kose med, mate og leike med sitt digitale avkom som om det var eit ekte barn.»
Basedunderground.com rapporterer: Det vil derimot ikkje vere nøyaktig likt det verkelege livet, ettersom foreldre vil ha evna til å velje kor fort avkommet skal vekse opp. So dei som likar babyalderen, til dømes, kan gjere slik at barnet er ein baby for alltid, og velje vekk alle erfaringane som kjem saman med mogning gjennom tenåra til vaksenlivet.
Baby X
Konseptet har allereie blitt bevist å fungere. «BabyX» er eit digitalt eksperiment som vart skapt av det New Zealand-baserte selskapet med namn Soul Machines for fleire år sidan. Ideen bak det var å gjere det enklare å akseptere kunstig intelligens ved å gjere den meir menneskeleg. Soul Machines forklarer det på denne måten:
«Ved å kombinere fysiologimodellar, kognisjon og emosjon med avansert, truverdig CGI, sette vi i veg for å skape ei ny form for biologisk inspirert kunstig intelligens. BabyX var vår fyrste utviklingsprototype designa som både eit sjølvstendig forskningsprosjekt og som ein utvidingskapabel base for å integrerast i kommersielle dataagentar.
Ho lèt oss utforske samarbeid mellom menneske og maskin og grunnsteinen for å skape eit digitalt medvit. BabyX var designa for forsking og ‘ho’ lèt ikkje berre Soul Machines utforske modellane til menneskeleg åtferd, men òg å skape sjølvstendige digitale vesen.
BabyX gjev ei grunnplattform der vi lærer, eksperimenterer og held fram med å utvikle verdas fyrste ende-til-ende-løysing for å dynamisk skape, lære, handtere og sende ut Digitale Menneske.»
Transhumanistagendaen
No har mange byrja å innsjå at klimaendring, overbefolkning, transhumanisme og digitaliseringa av menneskeleg liv er alle del av Great Reset-agendaen, som ikkje vil vere fullført før menneskeheita er slavebundne til dei ikkje-valde få som vil styre verda gjennom algoritmar og kunstig intelligens.
Ifølgje teknokrat-kabalen som har sett kursen for menneskeheita dei siste tiåra, er overbefolkning ansvarleg for klimaendring, so fort å redde planeten må vi redusere og handtere befolkningsstorleiken. Ein måte å gjere dette på er å gå over til eit digitalt miljø, metaverset, der ein ikkje bruker opp reelle fysiske ressursar.
På den ekstreme enden av transhumanist-spekteret har du folk som trur at vi til slutt vil bli i stand til å laste opp sinna våre til ei datamaskin eller ein syntetisk avatar. Vi veit framleis ikkje om dette er mogleg, og det verkar høgst usannsynleg, med tanke på at der ligg meir bak mennesket enn deira fysiske hjerne og nevrale nettverk. «Sinnet» ditt og «sjela» di, ditt faktiske «vesen», er ikkje lokalisert i hjernevevet ditt.
Transhumanisme anerkjenner derimot ikkje realiteten til ikkje-lokalisert sinn og sjel, og vel i staden å ikkje sjå på menneskevesenet som noko anna enn ei fysisk plattform som kan bli endra og forbetra på ei rekkje måtar, utstyrt med eit reproduserbart nevralt nettverk som opnar for tenking og intelligens utifrå dei korrekte elektriske impulsane og nevrale samankoplingane.
Den fjerde industrielle revolusjon
World Economic Forum (WEF) sin grunnleggjar Klaus Schwab ønskjer å skape ei verd der menneske er knytte saman med skya, i stand til å gå på Internett gjennom hjernen. Dette er kva Den fjerde industrielle revolusjon handlar om – at menneske og maskin smeltar saman. Dette er korleis vi utan skugge av tvil veit at transhumanisme er del av Great Reset (Den store tilbakestillinga).
Det å vere knytt saman med skya tydar naturlegvis òg at hjernen din vil vere tilgjengeleg for folk som kunne ha lika å tukle med tankane dine, kjenslene, trua di og åtferda di, og det er òg del av planen. Dei ønskjer so absolutt å vere i stand til å kontrollere tankane, kjenslene, trua og åtferda frå innsida.
Transhumanisme involverer òg den selektive avlen av fysiske kroppar ved å heller bruke kunstige livmødrer enn dei til menneske. Allereie har kinesiske vitskapsfolk brukt CRISPR-teknologi til å skape dei fyrste genredigerte babyane (fødd 2018). Dei har òg utvikla ein kunstig intelligens-barnevaktrobot til å ta seg av embryo som veks i ei kunstig livmor. Som rapportert av Futurism:
Ei framtid med designar-babyar framdyrka i kunstige livmødrer, hjerne-til-sky-kopling og opplasting av sinnet ditt til ei datamaskin, høyrest for dei fleste normale menneske meir ut som eit føremålslaust mareritt enn det utopia som transhumanistar prøver å framstille det som. Schwab, derimot, snakkar som om vi ikkje har noko vi skulle ha sagt. «Framtida er bygt av oss,» fortalde han WEF-insiderar på 2022-møtet i Davos. Ferdig diskutert.
Framveksten av anti-humanisme
Del av kvifor Great Reset-tilhengjarar verkar so dissosierte frå menneskeleg liv er fordi dei nettopp er det. Dei fleste normale menneske meiner menneske er suverene vesen som er frie ved Guds vilje. Teknokrati, på den andre sida, ser på menneske som ein naturleg ressurs, ikkje ulik eit oljedepot eller ei avling, og dei er der for å bli nytta som det.
Menneske kan vere meir eller mindre effektive enn ein robot, til dømes, avhengig av den konkrete jobben, og effektivitet trumfar humanitet. For å minimere problem med dette menneskeressurs-handteringssystemet, må ein ha maksimal lydigheit med minimal innsats, og her kjem sosial engineering gjennom mediapropaganda (hjernevask), sensur og kunstig intelligens inn i biletet.
For det meste vil kontrollsystemet, når det fyrst er fullstendig implementert, vere heilautomatisert, med direkte kopling til hjernen din. Tankar og meiningar kan bli bytte frå eine dagen til den neste med ei enkel programvareoppdatering, automatisk lasta ned og installert frå skya. Det er deira draum – og vårt mareritt.
Dei ønskjer å spore karbon-fotavtrykket ditt
Mange har framleis vanskeleg for å fatte i kor stort omfang den teknokratiske, transhumanistiske kabalen ønskjer å kontrollere den globale befolkninga. Kort fortalt har dei som intensjon å kontrollere kvart einaste aspekt av alt du gjer på dagleg basis. Ikkje berre ønskjer dei at du ikkje skal utøve din frie vilje, dei trur ikkje eingong at fri vilje finst.
Altso har dei som intensjon å detaljstyre livet ditt gjennom digital overvaking, ansikts- og stemmegjenkjenning, gjennom karbonkredittscore og sosialkredittscore, gjennom digitale identitetar og/eller digitale pass, gjennom klimaendringsmottiltak og biotryggleikstiltak, gjennom kunstig intelligens-assistentar, Internettsensur og sosial engineering.
Dei har som intensjon å kontrollere kva slags ressursar du kan bruke, kor du kan reise, helsa di og medisinske avgjerder, kva du tenkjer og kva du et. Sjå nærare etter, og du vil finne ut at alle desse planane allereie har blitt annonsert, og at implementering er undervegs.
Til dømes publiserte The Hill i august 2021 ein meiningsartikkel av den libertarianske analytikaren Kristin Tate, der ho åtvara om at eit sosialkredittsystem kjem til å kome til USA. To år tidlegare, i 2019, skreiv Futurism om korleis USA allereie har eit sosialkredittsystem som er svært likt det som Kina har – vi har berre ikkje innsett det enno, sidan det vart konstruert av Silicon Valley og ikkje av styresmaktene.
Planane for individuelle karbonfotavtrykk-sporarar vart annonsert på dette årets Davos-møte før WEF-medlemmar og inviterte VIP-ar. Sporarane blir utvikla ved den kinesiske Alibaba Group, som gjev meining, i og med at kinesarane allereie har implementert eit sosialkredittsystem – og individuell karbonsporing vil bli ein tilleggsfasett av det.
I ein artikkel frå 3.juni 2022 kommenterte RAIR (Rise Align Ignite Reclaim [«reis opp, einsrett, tenn på, krev tilbake»; oms.an.]) WEF sine planar om global kontroll:
«Etter eit toppmøte om ‘berekraft’ som vart halde i all stillheit i Sveits, publiserte WEF og FNs generalforsamling fleire sjokkerande videoar som viser eit glimt av livet etter Great Reset.
Frå menneske utan eigendelar, pumpa full i piller, som et laboratorieskapt kjøt i hypertekniske, digitalt samanknytte ‘smartbyar’ og kle. Dei skapte korte, bisarre gladvideoar som fokuserte på korleis menneske vil hjelpe dei med å redesigne verda.
Videoane går frå kyr som ikkje lenger raper metan takka vere tablettar, sjøstjerner skapte i prøveglas for å bekjempe klimaeendring, dronar for å gjenskape skog i Afrika, enzym frå menneskeblod brukt for å stabilisere betong, og dårleg hygiene for å redde miljøet.
WEF fremja òg nye mRNA-vaksinasjonar mot ymse sjukdommar. I tillegg feira dei 24-timars overvaking, digitale ID-ar for kle, og kunstig mat og kaffi.»
Dei ønskjer å kontrollere dietten din
Den teknokratiske kabalen har òg intensjonar om å radikalt forvandle matsystemet, og jobbar no iherdig med metodar for å eliminere kjøt frå dietten din, og overtyde oss om å erstatte det med syntetiske lab-kreasjonar og falskt kjøt, som forresten er spekka med den verste typen feitt du kan førestille deg: industrielle frøoljar.
For å oppnå dette har WEF inngått partnerskap med EAT Forum, som vil setje den politiske agendaen for global matproduksjon. EAT Forum vart co-grunnlagt av Wellcome Trust, som i sin tur vart etablert med finansiell støtte frå GlaxoSmithKline.
EAT samarbeider med nesten 40 bystyresmakter i Afrika, Europa, Asia, Nord- og Sør-Amerika og Australia, og har nære forhold med liksomkjøtselskap slik som Impossible Foods, som vart co-grunnlagt av Google, Jeff Bezos og Bill Gates. (Gates har òg grafsa til seg jordbruksland, og blitt ein av dei største private jordeigarane i USA.)
EAT har utvikla ein «planetarisk helsediett» som er designa for å bli anvendt på den globale befolkninga og omfattar å kutte ned inntak av kjøt og meieriprodukt med 90%, og erstatte det i stor grad med matvarer laga i laboratorium, saman med kornprodukt og olje. Ikkje overraskande har Gates offentleg oppmoda vestlege nasjonar om å slutte med å ete ekte kjøt fullstendig.
Insekt – det er det som er til middag
Å tvinge ein overgang til falskt kjøt er ille nok, men det blir verre. Kanskje har du allereie sett ein og annan artikkel her og der dei siste åra, der ein antydar at vi burde vurdere å ete insekt og ugras og drikke «gjenvunnen» kloakk? Vel, dei var oppvarminga i programmeringsfasen, so å seie. No går vi inn i den verkelege indoktrineringsfasen.
Fire grunnskular i Wales utførde nyleg eit forsøk for å sjå korleis barn ville reagere på å ete mjølormar, grashopper, biller og andre insekt, medan dei på same tid vart indoktrinerte i å tru at dei vart «etiske borgarar» som reddar planeten ved å droppe kjøt. Ifølgje RAIR, som rapporterte det nye lunsjeksperimentet:
«… dei ikkje-valde, sjølvopphøgde globale elitistane i WEF har kjempa i fleire år for å få vestlege til å ete insekt… ‘Vil du gje etande insekt ein sjanse for å hjelpe til med å redde planeten?’…
For to år sidan klassifiserte EU insekt som ‘nye matvarer’. Med andre ord: førebuingane for å ta i bruk insekt som mat har vore undervegs i lang tid. Som eit resultat blir etande insekt i aukande grad selt i EU.
Den britiske Food Safety Authority vil mellombels og under visse vilkår tillate handel med etande insekt i butikkar og hjå forhandlarar frå og med juni [2022], med full godkjenning forventa neste år. Evaluering er no undervegs for grashopper som menneskemat; mjølormar er òg forventa å bli søkt om snart.»
Sidan vi er i stand til å sjå globalistane sin plan so tydeleg som vi kan sjå den no, har vi ei plikt overfor framtidige generasjonar til å gjere motstand, fordømme og nekte absolutt alt som den teknokratiske agenda ønskjer å implementere. Vi kan vinne utifrå det enkle faktum at vi er mange fleire enn dei er, men vi må vere opne om det – vi må slutte krefter og presentere ein samla front. Vi må fredeleg gjere motstand og seie «takk, men nei takk» til alt dei prøver å rulle ut.