Bygdebefruktarane – ein ukjent del av noregshistoria eller berre fri fantasi?

Eg vil i dette essayet invitere lesaren med på ei tankereise – meir spesifikt ei tankerekkje-reise. Tenk deg aude bygder med lite folketal, og dermed liten genetisk variasjon. Dette var realiteten i mange norske bygder fram til ganske nyleg. Bygder fekk vegløysing so seint som godt utpå 1980-talet, somme manglar enno veg til omverda over landjorda. I slike knøttsmå bygdesamfunn måtte lokalbefolkninga ofte fare langt og lenger enn langt for å finne seg ein ektemake, og av og til låg bygdene so langt ut i periferien at dei måtte ta til takke med viljuge partnerar i sjølve bygda. På stader med liten genetisk variasjon, er faren for innavl stor.

Innavl er fyrst og fremst eit problem fordi avkomma har auka risiko for å arve genetiske sjukdommar som er recessive av natur, altso at desse genane må finnast hjå begge foreldra for at konsekvensane av dei skal kome til uttrykk i avkommet. Når far og mor er i slekt med kvarandre, aukar denne risikoen betydeleg. På fagspråket fører innavl til auka førekomst av sokalla homozygositet – dei same genane finst i begge kromosoma i kromosomparet. Det motsette er heterozygositet, der kromosoma i kvart kromosompar er ulike.

I ein populasjon med sterkt preg av innavl vil det finne stad innavlsdepresjon, altso redusert «reproduktiv suksess»; redusert evne til å føre slekta vidare. Individ som er resultat av incestuøs sex har større risiko for å bli spontanabortert eller å bli fødd med skavankar. Desse skavankane bidreg i sin tur til å gjere det mindre sannsynleg for individet å sjølv bidra til å lage avkom. Naturen har med andre ord måtar å syte føre at konsekvensane av innavl ikkje får halde fram i særleg mange generasjonar. I Europa frå mellomalderen til godt ut på 1800-talet var det vanlege for kongelege å gifte seg innåt i slekta. Karl II av Spania (1661-1700) var den einaste overlevande sonen til Mariana av Austerrike og Philip IV av Spania, som var niese og onkel. Karl II vart i si tid skildra som «kort, lam, epileptisk, senil og fullstendig skalla før fylte 35, alltid på randa av døden, men han forbløffa stadig kristendommen ved å halde fram med å leve». Han var gift to gonger, men fekk ikkje eigne ungar. Dei lærde stridst om grunnen til dette, men under obduksjonen vart det avslørt at han berre hadde éin testikkel – og den var ròten.

Innavl aukar som sagt risikoen for genetiske sjukdommar. Den sjeldne, arvelege nervesjukdommen Huntington fanst tradisjonelt sett berre to stader i Noreg: Setesdalen og (høgst uoffisielt) Osterøy. På grunn av dette blir Huntingtons sjukdom òg kalla «setesdalsrykkja». Ifølgje Wikipedia har rundt 350 personar i landet sjukdommen. Her skal det seiast at sjukdommen ikkje er recessiv, men dominant: foreldre med sjukdommen har 50% risiko til å føre sjukdommen vidare. Huntington hoppar ikkje over ein generasjon, so om nokon får avkom og aldri sjølv utviklar sjukdommen, vil heller ikkje avkomma få den. Ettersom sjukdommen ikkje debuterer før i 35-50-årsalderen kunne personar i gamle dagar dermed uheldigvis føre sjukdommen vidare, sidan dei ikkje ante at dei hadde den sjølv då dei fekk ungar. I dag kan ein ta ein genetisk test for å finne ut om ein har det sjukdomsskapande genet. Har ein genet, er det 100% sannsynleg at ein vil utvikle sjukdommen, og 50% sjanse for at ein vil overføre den til avkommet. Enkelte med genet har likevel valt å få eigne barn.

Setesdalen og Osterøy er aude stader, og har alltid vore det. Huntington har derimot ikkje nødvendigvis oppstått der på grunn av innavl – men andre, recessive genetiske sjukdommar kan fint oppstå på grunn av det, og dersom berarar av slike genar skulle finne på å forlate desse aude stadene og formeire seg i resten av befolkninga, kan det overordna gen-poolet fort forfalle. Dette såg dei berykta eugenikarane på med største bekymring tilbake på 1920-talet, som er rekna som gullalderen til denne etisk forkastelege rasevitskapen. Dei med dårlege genar skulle ikkje få overføre dei til neste generasjon – dei skulle «lukast ut».

Som nemnt har naturen sin eigen måte å stoppe innavl på. Eit individ vil ha naturlege sperrar mot å pare seg med slekta. Slektningar liknar på kvarandre fordi dei har fleire genar til felles enn to framande har. Ein blir gjerne tiltrekt av nokon som er ulik ein sjølv – det framande blir ofte sett på som eksotisk og lokkande. På den andre sida, om noko blir for framandt, vil individet oppleve aversjon. Like barn leikar best – men dei må ikkje vere for like kvarandre om dei skal formeire seg!

Ein velbrukt strategi innan avl av dyr for å unngå innavl (meir spesifikt innavlsdepresjon), er å innføre nye individ med annan genetisk samansetning frå fjerntliggjande område. Kunne det same prøvast ut med menneske?

Eg har ingen bevis for at visse vondsinna eugenikarar kan ha prøvd ut følgjande prosjekt, men det er heller ikkje meininga med dette essayet å dokumentere hypotetiske handlingar frå fortida: Tilbake på 1920-talet (eller kanskje 1930-talet) kan nokon høgt oppe i systemet ha kome med eit forslag til korleis ein kunne begrense innavlen i Bygde-Noreg. Løysinga var ikkje å ta livet av bygdefolket, for dei var ein verdifull arbeidskraft. Løysinga var heller ikkje å sterilisere dei, for det hadde dei neppe mannskap og kunnskap til. Nei, løysinga dei kom på var å rett og slett sende ut sokalla bygdebefruktarar.

Desse var staute, kraftige karar som hadde genetikken i orden. I gamle dagar var det enkelt å sjå om nokon var «paringsdyktige»: dei såg flotte ut. Gode genar fører til vakker utsjånad: beine tenner, symmetrisk ansikt, stor høgd, anlegg for musklar – og hjå damer velforma hofter og store bryst. Kraftige menn vart verdsette fordi dei var i stand til å gjere det naudsynte arbeidet til dømes på ein gard eller som fiskar eller jeger. Ikkje minst kunne dei beskytte kvinner og barn. Damer med den universelt attraktive timeglasfiguren vart verdsette fordi damer med slike kroppar lettare kunne føde velskapte ungar på grunn av ein brei fødselskanal. Og store puppar er greitt å ha når ein skal amme, for då er det plass til mykje næringsrik mjølk.

Dårlege genar førde til at folk rett og slett såg stygge ut, og slike vart unngått. Dei hadde gjerne skeive tenner, usymmetrisk, underleg ansikt, og var småvaksne og temmeleg pinglete. Dei var sjuklege og ikkje i stand til å utføre det fysisk krevjande arbeidet – langt mindre var dei i stand til å beskytte familien mot fiendar, ville dyr og andre trugslar. Somme overlevde knapt barndommen, og vart sett på som bygdetullingar om dei mot formodning voks opp. Dei styggaste vart kalla «bytingar», og er det ein i dag ville ha kalla psykisk utviklingshemma. Folk trudde bokstavleg tala at underjordiske bytte menneska sine babyar med sine eigne: ordet «byting» kjem av «å byte».

Når det hadde pågått innavl i hundrevis av år, sa det seg sjølv at dei vesena som kravla rundt i dei mest aude bygdene ikkje var eit syn for auget. Men somme hadde gjerne vore heldige med genane, for innavl berre aukar risikoen for genetisk forfall, det er ikkje ein garanti for det. For å gjere ei lang historie kort, vart bygdebefruktarane sende ut til dei aude bygdene med ordre om å besvangre dei flottaste kvinnfolka dei fann. To-tre mann per 100 kvinner vart vurdert som nok til å tilføre gen-poolet sårt trungen variasjon. Dei lokale mannfolka i bygdene aner ingen lagnaden til – mest sannsynleg måtte dei stå på sidelinja og sjå desse flotte mennene befrukte konene sine, og deretter måtte dei vere med på å oppdra desse genetisk vellykka ungane. Bygdebefruktarane kan deretter ha reist vidare til neste bygd, der «jobben» gjentok seg. At det var godt betalt «sesongarbeid», har eg ingen grunn til å tvile på!

Ingen veit heilt sikkert kor desse bygdebefruktarane kom frå. Kan hende var dei ikkje eingong nordmenn. Men mykje tydar på at aksjonane som vart sette i verk tilbake på 1920-30-talet forbetra den alvorlege innavlssituasjonen i Bygde-Noreg. Som Wikipedia skriv, var det i Telemark tidlegare «overhyppighet» av den alvorlege muskelsjukdommen Duchennes muskeldystrofi, ein recessiv sjukdom som oppstår når genet finst i begge kromosoma i kromosomparet. Sjukdommen ser ikkje lenger ut til å vere eit problem i Telemark. Om det er naturen som har sett ein stoppar for den, eller bygdebefruktarane som med sine «bidrag» reinska opp i gen-poolet for nitti år sidan, er uvisst.

Eg har som sagt ingen bevis for desse påstandane. I det minste håper eg å så eit frø blant dei mange som lurer på kvifor folk i enkelte avsidesliggjande bygder liknar mistenkjeleg mykje på kvarandre, sjølv om dei offisielt ikkje er i slekt…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s