Nok ein konspirasjonsteori bekrefta som sann: Pentagon innrømmer at dei driv heile 46 biolaboratorium i Ukraina

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Hugsar de tidlegare i år då nikkedokkene i Washington D.C. fortalde oss alle at der var ingen amerikansk-styrte biovåpenlaboratorium i Ukraina? Vel, forteljinga har endra seg, og no seier Pentagon at dei faktisk driv fleire dusin biolaboratorium i Ukraina – 46 for å vere nøyaktig.

Den nye forteljinga seier at desse biolaboratoria er «fredfulle forsøk på å forbetre atom- og radiologitryggleik, sjukdomsovervaking, kjemisk tryggleik og beredskap til å respondere på epidemiar og pandemiar slik som Covid-19».

Pentagon innrømmer no at i dei siste tjue åra har amerikansk-styrte biolaboratorium i Ukraina blitt drivne for å beskytte folkehelsa, ikkje for å utvikle biovåpen slik som Wuhan koronavirus (Covid-19). Og alle som seier noko anna, inkludert Russland og Kina, «spreier desinformasjon og sår mistru» rundt USA sin modige og dydige innsats for å fjerne masseøydeleggingsvåpen frå verda.

Eit «faktaark» frå Biden-regimet sitt forsvarsdepartement hevdar at USA aldri har gjort anna i Ukraina enn å prøve å redde fleire liv ved å ta store, stygge våpen ut av Russland og rett og slett lagre dei i Ukraina for å halde dei trygge.

Pentagon insisterer at USA har «arbeidd i fellesskap for å forbetre Ukraina sin biologiske tryggleik og sjukdomsovervaking for både menneske- og dyrehelse» ved å gje støtte til «46 fredelege ukrainske laboratorium, helsefasilitetar og sjukdomsdiagnostiseringsstader i løpet av dei siste to tiåra».

Føremålet med desse programma var ikkje å utvikle dødelege biovåpen for å sleppast laus i pengestelande og maktsamlande plandemiar. Nei, det verkelege føremålet, påstår Pentagon, involverer «å forbetre folkehelse og landbrukstryggleikstiltak med overordna mål å stoppe produksjon av kjernevåpen».

Russland kjem med bevis medan USA kjem med tomme ord

Ingenting av dette er i samsvar med kva Russland seier om temaet. Den russiske føderasjonen måtte setje i verk ein «spesialoperasjon» for å handtere problemet inne i Ukraina, og seier no at dei kan måtte utvide det til eit overfeiande «demilitariseringsgrep» mot NATO.

Ikkje alt som gjekk føre seg i Pentagon sine biolaboratorium vart derimot gjort med internasjonal støtte. Pentagon seier at aktivitetar «ofte» vart utførde saman med Verdas helseorganisasjon (WHO) og andre globalisteiningar – men ikkje alltid.

Russlands løytnantgeneral Igor Kirillov, som leiar landet sine radioaktive, kjemiske og biologiske vernestyrkar, seier at berre tre av Ukraina sine mange biolaboratorium har dei påkravde tryggleikskriteria for å i det heile teke drive med den typen «forsking» dei hevdar å ha utført.

Grunnen til at Russland sin versjon av hendingane er meir tryverdige enn USA-NATO sine, er at det russiske militæret held fram med å kome med faktisk bevis for at Pentagon har teke del i lyssky, ulovlege og svikefulle aktivitetar, inkludert «inhumane eksperiment» på ukrainske pasientar.

Pentagon har òg sleppt laust ei rekkje biologiske åtak i Ukraina, inkludert eit mot utbrytarterritoriet Lugansk tilbake i tidleg mai. Der var òg forsøk gjort tilbake i februar i Ukraina på å væpne dronar til å spreie patogen, so vel som tiltak for å øydeleggje bevis for alt det galne dei hadde gjort i biolaboratoria.

«Mellom 2005 og tidleg 2022 helte USA meir enn 224 millionar dollar inn i biologisk forsking i Ukraina, ifølgje Russlands etterforskingskomité,» rapporterer Great Game India. «Ifølgje Moskva involverte konspirasjonen vestlege farmasøytiske gigantar, organisasjonar og til og med Demokrat-partiet i USA.»

For å avsløre dette og anna kompromitterande informasjon om amerikanske aktivitetar i Ukraina, skuldar Bidens forsvarsdepartement, med hjelp frå Kina, Russland for forsøk på å «underminere det arbeidet ved å spreie desinformasjon og så mistru i folk og institusjonar over heile verda som bidreg til reduksjonen av masseøydeleggingsvåpen-trugselen.»

Som svar på desse skuldingane har Kina bede USA om å forklare sine handlingar på ein «rettferdig, objektiv og profesjonell» måte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s