Det var Document som måndag 13.juni 2022 la merke til at Resett-redaktør Helge Lurås sitt namn ikkje lenger var å finne på nettsida til avisa. Like etter kom det ein kort notis på Resett sine heimesider om at Lurås var sjukemeldt, og at Maria Zähler hadde blitt fungerande redaktør inntil vidare. I eit intervju med Journalisten bekreftar Lurås at han er sjukemeldt, og på spørsmål om han kjem tilbake igjen som redaktør, svarer han at det ikkje er noko han kan uttale seg om so lenge han er sjukemeldt. I same intervjuet fortel han òg at fleire andre tilsette i avisa har slutta sidan torsdag (9.juni 2022). Han seier vidare at det har vore ueinigheit mellom han og styret over lengre tid. Dei har jobba saman i fem år:
«I løpet av en slik periode er det uenigheter som må løses. Noen løses og noen løses ikke. Jeg tror det er greit at man tar en pust i bakken og ser om det har en hensikt å fortsette samarbeidet.»
I tillegg seier han at «nå hadde det vært bra for alle parter å få litt ro.»
Styreleiar i Resett, Monica Staff, antydar i ein SMS til Journalisten at denne ueinigheita kan dreie seg om strategi, retning og vegval. Helge Lurås har i fleire år prøvd å bli med i Norsk redaktørforening, utan å lykkast. I 2020 var deira grunngjeving at Resett «ikke forholder [seg] til publisistiske prinsipper».
Allereie same dag som Lurås si sjukemelding vart kjent, skreiv konstituert redaktør Maria Zähler ein artikkel der ho skreiv om sine visjonar for Resett. Der ønskjer ho Lurås god betring og takkar han for innsatsen. Å takke nokon for sin innsats antydar at vedkomande ikkje vil kome tilbake igjen. Zähler sin visjon for Resett er «et borgerlig, realpolitisk orientert medium, med sunn fornuft som rettesnor». Ho står ifølgje seg sjølv for ein meir moderat profil enn det mange kan forbinde med Resett, og seier dei kjem til å «prioritere å øke kvaliteten på det journalistiske arbeidet, bredde ut Resetts profil, samt sikre bedre kostnadseffektivitet». Som ho skriv sjølv:
«Vi skal helt enkelt bygge et anstendig medium på den norske høyresiden.»
Resett har slite med dårleg økonomi, og har vore avhengige av abonnement og donasjonar frå lesarane. Avisa har ikkje pressestøtte.
Fleire lesarar i Resett sitt velkjende kommentarfelt uttrykkjer skepsis til at Zähler har overteke redaktørstolen, og ønskjer Lurås tilbake igjen so fort som mogleg. I sjølve artikkelen om Helge Lurås si sjukemelding meiner ein lesar at «med mindre han fikk et nervøst sammenbrudd av et eller annet slag pga denne uenigheten så mener jeg det er å utnytte systemet å la seg sykmelde av slikt». Ein annan lesar antydar at Lurås har misbrukt sjukemeldinga for å gjere seg utilgjengeleg for ubehagelege spørsmål. Sjølv lurer eg på om Lurås i det heile teke har ein jobb å sjukemelde seg frå lenger. Iallfall om ein skal tolke Zähler sin artikkel om Resett si framtid som om Lurås er ute av gamet. Som ein annan lesar skriv: «Hvorfor er Lurås fjernet fra informasjonssidene til Resett viss han kun er sykemeldt?»
Lurås sin betre halvdel Shurika Hansen er òg borte frå Resett. Det er òg journalist og tidlegare politimann Jørgen Granberg. Han fortel Journalisten at han slutta då han fekk vete at der var ein konflikt mellom styret og redaktøren. Han er lojal mot Lurås og meiner Resett ikkje har ei framtid utan mannen som starta avisa.