Nakstad og FHI-Stoltenberg i gang med korona-skremming igjen: Ny smittebølgje av omikron-variant kan ramme Noreg i sommar

«Djupstaten» har det tydelegvis travelt med å rasere den vestlege sivilisasjonen, og trekk no fram koronakortet igjen. Førre veke sa Espen «Skræmmer’n» Nakstad at ein ny omikron-variant med namn BA.5 kan dominere i løpet av sommaren. Han hevda at denne nye varianten truleg vil utgjere fleirtalet av påviste tilfelle (les: positive PCR-testar) i Noreg når sommarferien er over. 14.juni 2022 gjentok han dette, og påstod i tillegg at Portugal opplever 36 gonger meir koronasmitte enn Noreg. Ifølgje artikkelen vil dei nye variantane bli merka i Noreg innan tre månader. I artikkelen står det at det den siste månaden har blitt registrert 2586 smittetilfelle (positive PCR-testar) per éin million, mot 72 per million i Noreg. 2586 er ganske riktig 36 gonger meir enn 72, men sjølv 2586 tilfelle per ein million innbyggjarar er ikkje direkte alarmerande. Spesielt ikkje med tanke på kor «farleg» omikron er.

Som vanleg er den nye varianten meir smittsam, men mindre skadeleg. Camilla Stoltenberg i det Rockefeller-finansierte FHI fortel at dei 116 som for tida er innlagt med koronavirus, er eldre personar med underliggjande sjukdommar, i tillegg til folk som anten ikkje er vaksinert på ei stund, eller som ikkje er vaksinert med alle vaksinane. Eg stiller meg særs tvilande til dei to siste påstandane, ettersom dei antydar at det er fråvær av korona-«vaksinar» som er årsaken til at dei er sjukehusinnlagt.

Det at koronaviruset no i praksis er ufarleg (om det då nokosinne har vore farleg i det heile), er ikkje hinder for at Skremme-Nakstad i samarbeid med det kjøpte og betalte hovudstraumsmedia nok ein gong prøver å skape frykt og panikk i ei korona-utsliten befolkning. Skal vi følgje mønsteret frå førre gong, som var ved årsskiftet desember/januar, vil landet truleg bli gjenstand for nok ein runde med den psykiske terroren kjent som «ikkje-farmasøytiske pandemi-inngrep» eller «korona-tiltak». Panikk-nedstenging, tvinga munnbind og omfattande massetesting av befolkninga med dei ubrukelege PCR-testane.

Document køyrde òg ei sak på denne «bekymringsmeldinga» frå Skremme-Nakstad og FHI-Stoltenberg. Tittelen på artikkelen har namnet «Da er det på’n igjen: FHI varsler ny smittebølge».

Innleggingstala er aukande ifølgje den siste vekerapporten frå FHI. Dei meiner dette kjem av ein smitteauke som har gått føre seg ei god stund. Sjølv har eg gode grunnar til å tru at vi no ser vaksineskadar. Den offisielle forteljinga prøvde seg i mai med apekoppar, men fryktpornoen prella av på ei verd som er drita lei av plandemiar som blir sleppt laus i tide og utide. Altso trekkjer dei fram koronakortet igjen, og so får vi sjå kven som lèt seg lure denne gongen.

I høve den utilbørlege koronaskremselen frå våre «vanlege mistenkte», tok eg ein uformell prat med sjefen min på den aude sjukeheimen. Eg fortalde ho at eg frykta at Noreg kunne bli stengt ned igjen på grunn av den påståtte smitteauken med ein ny omikron-variant, og at det for vårt vedkomande ville tyde at sjukeheimen nok ein gong kunne bli stengt ned i panikk i tråd med «anbefalingar» frå helseministeriet. Eg gjorde ho merksam på Nakstad og Stoltenberg sine påstandar, og at dei kom med feilinformasjon, ettersom den faktiske situasjonen er at vi no ser resultatet av vaksineskadar, som dei prøver å kamuflere som nye «smittetilfelle». Instruksar om å stengje ned sjukeheimen ville difor vere basert på feilaktig medisinsk og helsefagleg grunnlag.

Ho vart synleg redd, og svarte at ho ikkje kunne late vere å stengje ned sjukeheimen om det kom ordrar om det frå hennar overordna. Naturlegvis kan ho ikkje det, ettersom det er ordrenekt. Hennar overordna stengjer ned sjukeheimar på bakgrunn av anbefalingar, ikkje påbod, so avgjerda om å stengje ned er det hennar overordna som må stå for; ingen har tvinga dei til å stengje ned noko som helst. Kunnskapen om at hennar overordna gjev slike instruksar basert på løgn, propaganda og feilinformasjon frå FHI og Helsedirektoratet, burde få ho til å tenkje kva som er intensjonane bak. Eg minte ho òg på at det å tvinge personalgruppa til å gå med munnbind (som har tvilsam nytteverdi når det gjeld å stoppe virus-smitte) og late seg teste fleire gonger i veka (med PCR-testar som har uhyre tvilsam verdi som diagnoseverkøty), etter mitt syn fører til eit uforsvarleg arbeidsmiljø.

Eg bad ho vere på vakt om det plutseleg kom nedstengingsinstruksar ovanifrå. Ho sa at ho sjølv ikkje hadde høyrt noko frå leiinga i kommunen som indikerte at eit nytt «koronaregime» var på veg. Eg anbefalte ho å følgje med på kva som skjer i næraste by, for vedtaka som blir fatta der, har erfaringsmessig spreidd seg utover distriktet som vassringar i ein dam.

Og når eg fyrst snakkar om den aude sjukeheimen… Bemanningssituasjonen er nok ein gong prekær, ettersom dei to vikarbyråjentene no er «tilbakekalla» av vikarbyrået fordi dei ikkje kunne norsk. Dette fann stad etter at leiinga møtte eit skred med klagar både frå personale og bebuarar. Med slik ein katastrofal personalsituasjon, kombinert med særs bekymringsfulle arbeidsetiske haldningar i personalgruppa, vil ei plutseleg panikk-nedstenging truleg vere strået som knekk kamelens rygg. Eg er forbløffa over at denne kollapsen av helsesektoren ikkje har skjedd enno.

Om sjukeheimen stengjer ned endå ein gong, vil eg mest sannsynleg seie opp jobben med umiddelbar verknad. Nedstenging fører til uforsvarleg arbeidsmiljø, og ved å med vilje bryte forsvarlegheitsprinsippet, sjølve grunnsteinen i Arbeidsmiljølova, vil arbeidsgjevar då ha brote arbeidsavtalen. Eg kan ikkje jobbe hjå nokon som bryt arbeidsavtalen. Planen min har eg naturlegvis ikkje fortalt leiinga, ettersom dei sannsynlegvis har meir å hengje fingrane i frå før av.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s