Death Ground – når du blir pressa opp i eit hjørne og må kjempe deg ut eller døy

Den amerikanske forfattaren Robert Greene skriv i boka si The 33 Strategies of War om kampsituasjonen som han kallar «death ground», som kan omsetjast til noko à la «dødsstaden»: ryggen din er mot veggen og du må kjempe som berre helvete for å kome deg ut i live. Greene skriv følgjande som innleiing til konseptet (saksyndig si omsetjing):

«Du er din eigen verste fiende. Du kastar vekk dyrebar tid på å drøyme om framtida i staden for å engasjere deg i notida. Sidan ingenting verkar viktig for deg, er du berre halvvegs involvert i det du gjer. Den einaste måten å endre seg på, er gjennom handling og eksternt press. Plassér deg sjølv i situasjonar der du har for mykje på spel til å kaste vekk tid eller ressursar – om du ikkje har råd til å tape, so vil du ikkje det. Kutt banda dine til fortida; gå inn i ukjent territorium der du må lite på vitet ditt og energien din for å kome deg gjennom det.»

For å seie det meir kortfatta: Naud lærer naken kvinne å spinne.

For eitt år sidan, i juni 2021, miste eg jobben under dramatiske omstende. Eg stod utan arbeid og inntekt på dagen. I staden for å ta ein særs velfortent sommarferie, måtte eg hive meg rundt og leite etter ny jobb. Eg var eigentleg totalt utsliten etter eit langt år med pandemi-terror, samlivsbrot og kjøp av ny leilegheit. Eg hadde kome i djup konflikt med den nye einingsleiaren på sjukeheimen, og allereie fått skriftleg åtvaring for mine meiningar rundt «pandemien». Min næraste leiar hadde eit nervøst samanbrot fleire månader tidlegare og hadde blitt sjukemeldt på ubestemt tid. Bestevenninna hennar hadde blitt konstituert som ny leiar av einingsleiar, sjølv om einingsleiar like før bokstavleg tala hadde skjelt meg ut for å føreslo ho som konstituert leiar. Ut av det blå hadde det kome munnbindretningslinjer som på ulovleg og uvitskapleg vis differensierte mellom vaksinerte og uvaksinerte, og desse hadde eg gjeve grei beskjed om at ikkje var akseptable.

Alt eg ville var å få ein pause frå jobben. Eg fekk pause, det var berre det at den var permanent. Etter at eg vart bortvist frå arbeidsstaden den solbada junidagen, sette eg aldri mine bein der igjen.

Mine private omstende kunne lett overførast til resten av samfunnet. Eg, i likskap med alle andre, hadde blitt offer for ein utmattingsstrategi frå dei som er ansvarlege for «pandemien». Det er no openbert at nedstengingane, munnbindtvangen, fryktpornoen/propagandaen og alle dei tåpelege tiltaka hadde følgjande intensjonar:

  1. Nedstengingane hadde som mål å øydeleggje små- og mellomstore bedrifter og førde til ein særs usikker arbeidskvardag for dei tilsette, og ei særs usikker økonomisk framtid for eigarane. Dei største bedriftene leid inga naud fordi dei ikkje vart nedstengde i same grad.
  2. Munnbindtvangen var der for å fjerne identiteten til folk og umenneskeleggjere dei, for det er lettare å utføre overgrep eller andre forkastelege handlingar mot dine medmenneske om du ikkje kan sjå ansiktsuttrykka deira. Herskarklassen såg derimot ikkje ut til å ta munnbindretningslinjene so altfor alvorleg, i og med at til dømes Barack Obama heldt festar der han, familien og hans mektige venner var maskelause, medan tenarstaben var maskerte.
  3. Fryktpornoen om talet smitta og (i mindre grad) talet sjukehusinnlagte og døde vart pumpa ut av det kjøpte og betalte hovudstraumsmedia ustanseleg og til alle døgnets tider, og dette medan «våre» toppolitikarar Erna Solberg, Bent Høie og helsetoppane Espen «Skræmmer’n» Nakstad og FHI-Camilla Stoltenberg – og ikkje minst grunnlovsbrytar Bjørn Guldvog – stod på podiet i tallause pressekonferansar og med største fryd presenterte nok ei rekkje tiltak. Og når ein snakkar om tiltak…
  4. Tiltaka summert dreia seg om alt frå avstandsregel (fyrst éin, deretter to meters avstand), karantenereglar (som varierte nærast frå veke til veke), testing (med PCR-testar som er ubrukelege som diagnoseverktøy) og til det at ein ikkje fekk ta på varer som ein ikkje hadde tenkt å kjøpe. Det vart framdyrka ei frykt mot bakteriar (hypokondri) og ei frykt mot andre menneske (sosial fobi) som potensielle smitteberarar.

Som nok ein stein til børa vart det innført streng sensur av alternative synspunkt på mellom anna Facebook, i tillegg til at sokalla «faktasjekkarar» dukka opp og dømte medisinske fakta som «feilinformasjon» eller «faktisk helt feil», stundom i ein uskolert og småfrekk stil. Isolasjon og skremselspropaganda valdtok 194 WHO-medlemsland på bakgrunn av eit lungevirus som kanskje var farleg for 90-årige pleiepasientar på sjukeheimar.

(Som ein liten digresjon kan eg nemne at ikkje ein einaste pasient på sjukeheimen eg jobba på fram til 2021 døydde av eller med koronavirus. Mange døydde derimot av andre ting, slik som tapt livsgnist, omsorgsforsømming og kan hende sjølve korona-«vaksinen».)

Samanlagt var dette ein utmattingsstrategi som vart køyrt mot menneske i heile den vestlege verda, der målet var å få alle til å ta mRNA-injeksjonane som dei ansvarlege hadde brukt fleire år på å utvikle. Alle hadde blitt pressa opp i eit hjørne og var so desperate etter å få slutt på dette helvetet at dei gladeleg takka ja til sprøyta. Og når det viste seg at ein viss andel av folket nekta å ta sprøyta same pokker, måtte desse då demoniserast.

Ein av onklane mine uttala tilbake i 2021 at uvaksinerte burde sperrast inne og nektast å ta del i samfunnet. Om han framleis meiner det same no i 2022 veit eg ikkje, ettersom eg har nekta å ha noko med han å gjere sidan synspunkta hans vart gjort kjende for meg.

Den akutte og livstrugande situasjonen til «death ground» tvingar deg over i augneblinken. Eg fann meg sjølv arbeidslaus over natta etter 15 års utakknemleg slit hjå same arbeidsgjevar. Eg improviserte litt derifrå. Eg tilbrakte ei natt på psykiatrisk sjukehus etter eit sjølvmordsforsøk som vart avverga i siste liten av ambulansepersonell. Som ein desperat strategi for å kjøpe tid, bad eg overlegen på sjukehuset om å sjukemelde meg. Han nekta. Eg skulle møte opp hjå mine fiendar og ta mi straff. Kanskje mellombels leggje vekk stoltheita mi og trygle om å få jobben tilbake. Eg nekta, for eg akta so visst ikkje å gå ned på kne framfor den fitta av ein einingsleiar og hennar psykopatiske byrådsvenninner. Han skreiv meg ut og sendte meg heim i drosje (sjølv om eg hadde prøvd å ta mitt eige liv femten timar tidlegare), og eg møtte opp og «tok mi straff» – men ikkje utan å seie meininga mi til einingsleiar om den fryktkulturen og det overvakingsregimet ho hadde innført på sjukeheimen. Ho trekte ikkje ei mine. Min tillitsvalde frå fagforeininga såg på meg i sjokk og vantru. Sjølv kommuneadvokaten vrei på seg i stolen.

Fire dagar seinare greidde eg etter rundt 18000 telefonar og e-postar å skaffe meg jobb i vikarbyrå. Eg hadde mellombels kjempa meg vekk frå «death ground», og har vel i grunnen berre kjøpt meg litt og litt tid sidan den gong.

Ein annan karaktertype hadde truleg ordna seg sjukemelding hjå fastlegen lenge før ueinigheita og vantrivselen eskalerte til avskjed og jobbforbod i ein heil bykommune. Eg prøvde den strategien tidleg i 2021, og vart faktisk sjukemeldt i rundt ei veke. Sjukemeldinga løyste derimot ingen verdas ting, for situasjonen var akkurat den same då eg kom tilbake på jobb. Faktisk var den verre, for då hadde eg òg ei skriftleg åtvaring i personalmappa mi. Og «pandemi»-tiltaka var verre enn nokosinne, kombinert med at einingsleiar no dreiv openlys overvaking av meg med ein hær av informantar som vidareformidla omtrent alt eg sa og gjorde til ho. So det at enkelte vel sjukemelding når dei opplever «ueinigheit» på jobben (eller i styret til ei nettavis), er etter mitt syn å utnytte systemet. Slike menneske fortener ikkje min respekt. Eg har vanskar for å tru at dei respekterer seg sjølve.

Sjukemelding er for dei som verkeleg er sjuke. Dei som feigar ut med sjukemelding på grunn av jobbmessige utfordringar, vil slite den dagen dei møter sin eigen «death ground». Kampen kjem til å bli stygg og ujamn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s