Saksyndig om konspirasjonsteoriar, del 1: Finst «djupstaten»?

«Djupstaten», stundom òg kalla «skuggeregjeringa», er ifølgje Wikipedia ein type statsstyre som er sett saman av potensielt hemmelege og uautoriserte maktnettverk som opererer uavhengig av staten sin politiske leiarskap for å følgje sine eigne mål og agendaer. Ingen har valt folka som sit i dette nettverket. Når «nokon snakkar saman», er desse folka dei «nokon» som det blir referert til. Sjølve ordet «djupstat» kjem av det tyrkiske derin devlet. Å påstå at det finst ein «djupstat» i det Vesten oppfattar som udemokratiske nasjonalstatar er heilt innanfor, men å påstå at det òg finst ein «djupstat» i visstnok demokratiske land som USA, er rekna som ein konspirasjonsteori. Donald Trump vakte til dømes negativ merksemd i hovudstraumsmedia då han under presidentvalet tilbake i 2016 snakka om «djupstaten» og om å «drenere sumpen». The swamp er her forstått som å gjelde det juridisk og politisk uavhengige territoriet Washington D.C., sete for den føderale regjeringa og – visstnok – sjølve «djupstaten».

Nettstaden Wikispooks, som i sin heilskap er via til emnet «djupstat» og «djuppolitikk», skildrar «djupstaten» som noko permanent, eit styre som stadig er der år etter år, same kor mange gonger den offisielle regjeringa blir skifta ut. Det er visstnok djuppolitikarane som eigentleg styrer nasjonar ved å leggje føringar på kva slags saker og politikk dei folkevalde skal ha på sin dagsorden. Stikkorda her er ekstremt hemmeleghald i det som blir skildra som eit flytande nettverk av «djuppolitikarar» som i sin tur får sine instruksar frå den internasjonale «djupstaten» som har røter i mektige private bankar, mest prominent BIS i den sveitsiske byen Basel.

Ordet «djupstat» skal visstnok stamme frå ei bilulykke i Tyrkia, ei sokalla djuphending. Ei «djuphending» eller «djupbrotsverk» er ei hending som ein meiner «djupstaten» står bak, og som har varierande grad av effekt på verdssamfunnet. Konseptet djuphending vart utvikla av Peter Dale Scott tilbake på 2000-talet. Typisk for djuphendingar er at det som forklaring på hendinga blir oppretta ei offisiell forteljing, og at alternative synspunkt og spekulasjonar blir møtt med uthenging, latterleggjering og sensur – i ekstreme tilfelle faktisk òg uskadeleggjering av slike «dissidentar». Scott opererer med tre nivå av djuphendingar: Lågt nivå, mellomnivå og sokalla strukturelle djuphendingar. Dei har alle til felles at «djupstaten» utfører eit brotsverk, for so å dekkje over det blant anna ved hjelp av løgner og propaganda. Det skjulte arbeidet deira blir stundom løfta fram i dagslyset av modige varslarar, til dømes den tidlegare CIA-offiseren Kevin Shipp, som frå 2000-talet fortalde om makta og vondskapen som CIA har utført sidan danninga på 1940-talet. Shipp hamna i unåde hjå leiinga i CIA etter å ha rapportert om eit alvorleg tryggleikshòl for utanlandske CIA-agentar. Dette mektige etterretningsbyrået truga han med fengsel for å ha røpa «konfidensiell» informasjon, og prøvde ifølgje Shipp å forgifte både han og familien medan dei var stasjonert på ein base.

Døme på strukturelle djuphendingar er 11.september-åtaka og Covid-19-«pandemien». Åtaka i New York tilbake i 2001 førde til at dåverande president George W. Bush erklærte sin berykta War on Terror, som blant anna førde til den grunnlovsstridige Patriot Act (som faktisk vart laga fleire år før terroråtaka!), og ei rekkje temmeleg absurde restriksjonar på kva ein kunne ta med seg gjennom tryggleikskontrollen på flyplassar. Desse tiltaka er framleis der, over 20 år etter terroråtaka i New York, og USA har som sjølverklært vaktbikkje starta krigar mellom anna i Afghanistan, Libya og Syria – visstnok for å bekjempe terror. Covid-19-«pandemien» pågår framleis i skrivande stund, meir enn to år etter at WHO erklærte «pandemi» i mars 2020, og so godt som alle 194 medlemsland synkront innførde ei rekkje tiltak som aldri var å finne i tidlegare pandemiplanar, og som i beste fall hadde tvilsamt vitskapleg belegg. Fellestrekket 11.september har med Covid-19 er at dissens frå den offisielle forteljinga i ekstreme tilfelle kan øydeleggje ditt gode namn og rykte, karriere din og i verste fall livet ditt. Ikkje minst har desse to strukturelle djuphendingane ført til ein dramatisk auke av overvaking, og ei overføring av rikdom til den styrtrike eliten. «Pandemitiltaka» har til dømes råka særs hardt små- og mellomstore bedrifter, som måtte stengje under Covid-lockdown, men ikkje digre bedrifter og konsern, som ikkje måtte det.

Finst det ein «djupstat» i Noreg? Ikkje berre finst den, meiner enkelte, den har sin eigen hær. I Europa er denne paramilitære «beredskapstroppen» fyrst og fremst kjent under namnet Gladio, og i Noreg som Stay Behind 2, kalla opp etter forgjengaren sin Stay Behind, som var okkupasjonsberedskapstroppen som vart oppretta av motstandsmenn etter Andre verdskrigen. Jens Christian Hauge, opphavleg medlem i den militære motstandsorganisasjonen Milorg under krigen, styrte visstnok Stay Behind i fleire tiår, og er mistenkt for å vere ikkje berre ein medlem av den norske «djupstaten», men ein av leiarane. Den sokalla Delta-troppen i Noreg (omtala som eit «underbruk» av den britiske etterretningstenesta MI6) skal seiast å vere under kontroll av «djupstaten». Det «djupstaten» driv med toler på ingen måte dagslys, og er i ein artikkel i Nyhetsspeilet frå 20.desember 2021 omtala i følgjande ikkje akkurat flatterande ordelag:

«Den norske dypstat er et uhyre som lever på de største dyp, hvor det er iskaldt og hvor sollyset ikke rekker. Den består av en despotisk makt-klikk hvis hovedinstrumenter er frykt, bedrag og løgn. De snek seg inn i Norge for fullt etter Andre verdenskrig og har idag de fleste viktige statlige posisjoner under sin kontroll. Hvis man avviker deres ordre kan det bety livsfare.»

Den anonyme artikkelforfattaren meiner at ingen norske politikarar har mot til å «drenere sumpen» i Noreg slik Trump snakka om å gjere i 2016. Anten er dei altfor dumme eller altfor redde.

Sentrale partar i den internasjonale «djupstaten» skal seiast å vere den styrtrike svenske Wallenberg-familien, som eig mektige selskap slik som ABB og Ericsson. Dei står mellom anna bak konstruksjonen av kraftforsyningssystem, og den livsviktige Telecom-infrastrukturen. Dei internasjonale bankane som har base i det tidlegare nemnde Basel, er dermed heilt avhengige av slike Telecom-selskap for å kunne iverksetje sin mørke agenda om ein digital, djupstatskontrollert kryptovaluta. Somme vil sjå på dette som eit samarbeid, eller ein symbiose. Enkelte vil på same grunnlag hevde at Wallenberg-familien på denne måten kontrollerer verdsbankane. Lesaren blir her oppfordra til å trekkje sine eigne konklusjonar.

Nyleg var det eit sokalla Bilderberg-møte på Mandarin Oriental Hotel i Washington D.C., det fyrste sidan 2019. Som dei fleste lesarar av alternative media veit, er desse møta topphemmelege og har funne stad årleg sidan 1950-talet. Pressa får ikkje rapportere kva møtedeltakarane snakkar om, sjølv om møtesakene er offentleg tilgjengelege. Blant sakene desse løyndomsfulle folka snakka om no i juni 2022, stod «geopolitisk einsretting», «NATO-utfordringar», Russland, Ukraina, «desinformasjon» og «forstyrring av det globale finanssystemet» på agendaen. Andre punkt var «post-pandemisk helse» og «handel og deglobalisering». NATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg var til stade på møtet, saman med ei rekkje andre prominente personar. Det fyrste Bilderberg-møtet vart halde på Hotel de Bilderberg i nederlanske Oosterbeek, som er der dette sjølverklærte «uformelle diskusjonsforumet» har namnet sitt frå. Dei som deltek på møta er ifølgje Steigan dei fremste representantane for monopolkapitalen, militæret og politikarane deira. Nettverket til Bilderberg er enormt, og omfattar dei fleste store konsern og institusjonar i den vestlege verda. Slikt hemmeleghald av aktivitetar og slik ein kontroll av so mange aktørar er foreinleg med definisjonen av ein «djupstat».

Bekreftar eit slikt hemmeleg «brorskap» eksistensen av «djupstaten»? Vel, ein kan jo sjå på korleis hovudstraumsmedia, som skal seiast å vere eigd av «djupstaten», framstiller påstandane om at der finst ein djupstat i vestlege demokrati: Dei kallar det ein konspirasjonsteori! Som eg nemnde i innleiinga til denne serien, er det å stemple noko som ein «konspirasjonsteori» ein hersketeknikk som har som mål å kvele all seriøs debatt rundt eit emne.

I Noreg er so å seie alt av etablerte media einige om at «djupstaten» ikkje eksisterer. Antydar du at den finst, blir du hengt ut som «konspirasjonsteoretikar». Det blir derimot påstått at desse folka inst inne veit godt at den finst. Avisa VG blir påstått å vere sjølve sjefsmediet for den norske «djupstaten», saman med det påståtte «kontrollorganet» NRK, som i sin tur skal ha blitt oppretta etter instruksar frå London i 1925 for å oppretthalde kontroll over propagandaen, kva folk skal bli lurt til å tru på. Hugsar eg feil, eller uttalte tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland tilbake på 2000-talet at ho uroa seg over at dei miste kontrollen over kva folket vart fortalt?

Det er eit observerbart faktum at fleire og fleire nettaviser gøymer mesteparten av innhaldet bak betalingsmurar. Dette skal visstnok vere eit krav frå «djupstaten», slik at dei tre største avisene saman med TV2 og Nettavisen skal ha eit de facto nettmonopol på gratis nyheiter (som skal seiast å vere løgner og propaganda forfatta av nettopp aktørar i «djupstaten»!). Og NRK hadde forresten monopol på radio- og TV-sendingar frå 1960 til 1981. «Mora» BBC hadde eit liknande monopol tilbake på 1960-talet, som var grunnen til at piratradiostasjonar stakk til havs og kringkasta frå internasjonalt farvatn. Kvifor skulle eit slikt monopol finnast, om ikkje for å kontrollere kva informasjon som vart formidla til folket?

I den nemnde artikkelen frå Nyhetsspeilet blir advokaten Ketil Lund (som mellom anna leia Lund-kommisjonen som etterforska Stay Behind på 1990-talet) eksplisitt stempla som medlem i den norske «djupstaten». Ikkje berre medlem, men med i den inste kjernen, saman med Thorvald Stoltenberg (død 2018). Den anonyme artikkelforfattaren går faktisk so langt som å hevde at 22.juli-terroren fann stad på oppdrag frå Lund! Bombinga av Regjeringskvartalet og massakren av ungdommar på Utøya er Noregs strukturelle djuphending, som fekk konsekvensar ikkje berre for dei etterlatne og samfunnet, men for personar som ikkje hadde noko som helst med terroren å gjere, til dømes Peder «Fjordman» Jensen, som den dag i dag, elleve år seinare, framleis er ute av stand til å få seg arbeid i Noreg fordi Breivik hadde han som ein av sine favorittforfattarar. Karakteristikken av Lund grensar omtrent over i ærekrenking, men er ironisk nok framleis tilgjengeleg på nettet. Kva har norske etablerte namn som Trygve Hegnar, Odd Nerdrum, Dag Solstad, Kjell Bækkelund og Marianne Aulie til felles? Dei blir påstått å vere insiderar i «djupstaten» i same artikkelen. Har dei omtalte personane teke til motmæle mot desse anklagane? Ikkje sovidt eg veit. Mangel på respons på desse påstandane kan anten skuldast at dei er sanne, eller for absurde til å fortene reaksjon. Nyhetsspeilet har den siste tida publisert anonyme artiklar (denne og denne) der Gro Harlem Brundtland blir skulda for å stå i ledtog med sjødemonar (!), so kor alvorleg skal ein då ta påstandane om at ein norsk advokat er «nestor i djupstaten»?

«Djupstaten» – om den då eksisterer – har tette samband til etterretningstenesta og media, der fyrstnemnde overvakar borgarar utan at dei veit om det (og langt mindre godkjenner det!), før dei i samarbeid med sistnemnde konstruerer forteljingar som dei fôrar folket med for å manipulere oss til å tru det dei vil vi skal tru. 11.september? Det finst berre éi godteken forteljing. 22.juli? Same greia – Anders Behring Breivik var den einaste som stod bak terroren, seier dei. Covid-19? Definitivt ikkje rom for alternative forklaringar, då ryk både jobb, karriere og ditt gode namn og rykte!

Kva er so målet til «djupstaten»? Det herskar brei semje om at dei ønskjer å innføre eit globalt, totalitært regime der mennesket blir overvaka kvart sekund av døgnet, og der alle transaksjonar og interaksjonar blir registrert i eit system som dannar grunnlag for sosialkreditt. Dersom du seier og gjer ting som regimet likar, blir du belønt, og du blir straffa dersom du seier og gjer ting dei ikkje likar. Dei ønskjer eit slikt regime fordi dei ønskjer total kontroll av verdas befolkning. Alle agendaer frå «djupstaten» har dette som sluttmål. Kritikk av regimet føreset at ein har evna til å tenkje sjølvstendig, og slike folk er ein trugsel mot denne gjengen av maktgalne psykopatar.

Om du godtek eksistensen av «djupstaten», vil tilsynelatande merkelege politiske vedtak og underlege handlingar og ytringar frå maktpersonar framstå i eit heilt anna lys. Kvifor skjedde det ei rekkje rare kommunesamanslåingar i 2020? Kvifor innførde ein «pandemitiltak» som ein ikkje ante korleis ville fungere i praksis? Korleis kan vi ha tre regjeringsskifte utan at sjølve politikken endrar seg? Kor kjem den giftige LGBT-ideologien frå, der vi ikkje lenger kan seie at menn ikkje kan vere lesber utan å bli kalla inn til politiavhøyr? Kven genererer alle EU-direktiva som Noreg får tredd nedover hovuda sine? Kvifor blir kritikk av dei høge straum- og drivstoffprisane ikkje møtt med forsøk på å gjere noko med årsaka, men med oppfordringar frå PST om å tyste på dei som er ueinige med makta? Dersom du godtek at «djupstaten» er dei som styrer den vestlege verda, har alle desse spørsmåla – og tallause andre spørsmål – ei fullstendig logisk forklaring. Politikarar gjer som dei gjer fordi dei får instruksar frå «djupstaten»!

Fullstendig kontroll av menneskeheita er «djupstaten» sitt endelege mål, og då må det noverande økonomiske og sosiale systemet øydeleggjast. Våpena dei bruker er krig, «pandemi», «klimaendring» og ikkje minst omfattande hjernevask av folket gjennom massemedia. Om du synest dette høyrest ut som ein konspirasjonsteori, har dei lykkast i å få deg til å tru det. Du er utanfor alt håp. Stikk innom vaksinestasjonen og få din femte koronavaksine-dose, før du tek på deg ditt regnbogefarga munnbind og deltek i næraste Pride-parade. Ver varsam i tilfelle eit lokalt apekoppe-utbrot, vi veit jo korleis dette viruset eigentleg spreier seg no!

2 comments

  1. Jeg har lurt litt på hvorfor PST kalte erklæringen sin for anti-statlige holdninger og ikke anti-demokratiske holdninger i sin trusselvurdering. Antakelig for å beskytte myndighetenes anti-demokratiske holdninger og angrep på demokratiet og fordi demokratiet er avviklet?

    Likar

    • Det er ei mogleg forklaring. PST skal visstnok vere ein del av «djupstaten», og difor handle i deira interesser. «Anti-statleg» må her tydast som å vere i strid med (djup)statens interesser.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s