Ein stressa sjukepleiars nye jobb

33 år gamle Susann har no fått jobb på den lokale Rema 1000-butikken på kjøpesenteret. Ettersom ho er åleinemor til tre barn har sjefen hennar vore grei nok til å berre gje ho dagvakter. Ho jobbar frå halv åtte til halv fire, og rekk dermed akkurat å hente dei to yngste barna i barnehagen før den stengjer, i tillegg til sin kjolekledde homoson frå skulefritidsordninga. Etter fire dagar her, er ho so sliten at ho held på å gå i lufta. Der er faktisk meir springing her enn på sjukeheimen! Og kundane, dei er jo alle saman demonar og psykopatar som meiner det er Susann sin feil at prisane på varer aukar! Etter ei særs tung vakt på butikken legg ho ut om si elendigheit til mora på telefonen. Einetalen går på innpust og utpust, og på noko som med godvilje kan kallast rogalandsk. Ho set seg inn i bilen og dundrar av garde, godt over fartsgrensa. Ho rekk barnehagen på sekundet. Fem minutt til, og ho hadde fått bot, seier den grønhåra lesbeheksa i det ho bryskt avleverer dei to barna.

Ei grønhåra lesbeheks som må vere systera til ho i barnehagen leverer sonen hennar frå seg utanfor skulefritidsordninga. Han er kledd i ein nydeleg mørkeblå kjole med kvite blonder, og har sitt halvlange hår i eit intrikat flettemønster. Ein rosa perlechoker glitrar rundt halsen hans, og han har måla regnbogar på kinna sine. Han fniser akkurat som ei lita jente i det han set seg inn i bilen. Susann ristar blåsande på hovudet, før ho raser av garde.

Det går ikkje lange tida før ho blir stoppa av trafikkpolitiet. Betjenten påpeiker aggressivt at den lokale fartsgrensa er førti, ikkje sytti. Og den stakkars gamle dama med rullator var berre ei hårsbreidd frå å bli smurt utover panseret, frontruta og den regnpiska asfalten. Kjenner du i det heile teke til konseptet fotgjengarfelt, frue? Susann byrjar å grine, og berre det reddar ho frå å misse førarkortet på staden. Ho får derimot ei feit bot, før politimannen sender ho av garde medan han ristar blåsande på hovudet.

Medan tre Fjordland-middagar står og varmar seg i mikrobølgjeomnen, ringjer Susann mora si igjen og klagar si naud. Tenk, ho fekk bot for «uansvarleg køyring», ho som køyrer som ei prestinne! Mora berre jattar med, for ho veit godt korleis dottera hennar køyrer. Dama køyrer som om ho har stole både bil og bensin, so då er det jammen på sin plass at politiet bøtelegg ho! Men bota får Susann betale sjølv, no når ho har jobb igjen. Susann legg på i sjokk og raseri. Ho triv middagane ut av omnen og deisar dei på bordet, før ho rautar «middag!» til dei fredeleg leikande barna. Ho sjølv er stinn og småkvalm av ei heil sjokoladeplate og sit berre og pirkar i maten med eit furtent uttrykk i ballongansiktet.

Seinare tek ho ein gjennomgang av det sprengfulle klesskapet inne på soverommet sitt. Kleda til dottera er for små for ho, so ho kan selje dei for å få litt pengar. Ho legg kleda utover senga, tek bilete av dei og legg dei ut til sals på ei nettside for brukte barnekle. Det tek ikkje lange tida før ei berte med namn Ingvild melder si interesse. Susann skal ha 1700 kroner for den haugen med jentekle. Ingvild ler vel og lenge, før ho tilbyr ynkelege 450. Susann rautar eit høgt ‘hæææ?!’. Dette er då dyre merkekle, Gant til og med! Ingvild stiller seg tvilande til om Gant lagar barnekle. Susann må til slutt godta dette nedrige skambodet. Dei to damene møtest midt på svarte natta (når ungane omsider er lagt) og utfører transaksjonen.

450 kroner er berre ein drope i havet når det gjeld ei bot på nesten ti tusen. Og kontoen er tom igjen. Kva bruker ho so mykje pengar på? Driv nokon og tappar kontoen hennar? Er det snakk om datainnbrot? Ho ringjer ein datakyndig venn. Han svarer at slikt heldigvis ikkje er mogleg, med mindre ho har gjeve vekk sensitive kontoopplysningar på tvilsame nettsider. Ho legg ut i svulstige ordelag om at ho endeleg har fått seg jobb, men at ho fekk ei vanvittig bot av Onkel Politi. Om vennen kanskje har bruk for barnekle til sonen sin? Eller har lyst å kjøpe ein brukt modell av Brannmann Sam sin brannstasjon? Vennen seier då at han synest han høyrer sonen rope på han frå rommet. Ei blank løgn, naturlegvis, for Susann høyrer ikkje det spøtt. Han legg på og ho kastar i raseri telefonen mot veggen.

Ho rautar eit høgt «helvete!» då ho ser glaset på skjermen knuse. Dei tre barna ser med store auge inn til ho. Susann plukkar opp telefonen og ringjer mora igjen. Ho grin og hikstar og seier at ho greidde å øydeleggje skjermen på telefonen. Om mora kunne vere so snill – pliiiis! – å overføre tusen kroner slik at skjermen i det minste kan fiksast? Mora svarer nokso surt at telefonen jo framleis fungerer. Dette er ikkje ei hastesak. Skjermen får ho skifte når ho får lønning. Susann legg på i raseri og vantru. Ho går inn på badet og prøver desperat å klemme ut litt piss før blæra sprekk. To korte, stressa sprutar og fire høge brakfisar er alt ho får til. Ho rautar eit høgt «helvete!» nok ein gong.

Susann erfarer fort at butikkmedarbeidarar tener langt mindre enn sjukepleiarar. Bota frå politiet har forfallsdato dagen etter at ho får lønning, men det er jævla sure pengar å betale inn til statskassen. Når alle faste utgifter er betalte, går ho i minus. Med tom konto og tomt kjøleskap, har ho ikkje noko anna val enn å selje fleire av kleda til barna sine, naturlegvis dei som er for små for dei. Etter nokre møte med vilt framande kvinnfolk i nattas mulm og mørker, har Susann 1400 kroner å bruke på mat. Ho vel å bruke 1000 av dei på å fikse skjermen på mobilen, og dei siste 400 går med på å fylle tanken på bilen. Med gråten gjallande i veggane ringjer ho mora og forklarer stoda. Har ikkje den doble barnetrygda kome enno? Ikkje før om åtte dagar, svarer Susann. Skal barna mine gå utan mat i åtte dagar, meiner du?! Mora sukkar resignert, og overfører tre tusen til Susann.

Med sitt falske flyvertinnesmil sit Susann og vrir på den sinnssjukt pissetrengte kroppen sin medan ho scannar varer. Den mørkeblå Rema 1000-uniforma er lite grann for trong, og det spraker i saumane kvar gong ho trekkjer pusten. Dei to slitne sølvsmykka glitrar grelt i det ubehagelege lyset frå taket. Sjefen hennar kastar eit blikk på ho i det han går gjennom lokalet. Deretter lokkar han med seg ei av dei unge, barmfagre bertene inn på kontoret sitt. Vel ti minutt seinare kjem ho tomatraud ut igjen i eit noko rart ganglag. Sjefen sjølv er raudmussa, merkeleg tilfreds og sleskt smilande. Susann grøssar seg. Det er openbert kva dei to har drive med – den gamle grabukken kunne ha vore faren hennar og vel so det!

Klart, ein kuk ville ikkje ha vore å forakte, tenkjer ho i det ho bit seg lengtande i leppene. Ein kjekkas lesser varer på samlebandet. Ho smiler til han med det som openbert er seksuell lengt. Han ser ikkje på ho eingong. Ho prøver desperat å starte ein samtale, men han ignorerer ho fullstendig. Han betaler med eit gullkort, og får to posar av ho. Auga hennar forfølgjer han ut av butikken. For ei rumpe! For ein kropp! Er han singel? Er han homo? Har han stor kuk? Susann sit der med eit fårete smil, so pissetrengt og elskovssjuk at ho held på å gå i lufta. Eks-sjukepleiaren har no blitt sjølve erkeeksempelet på eit mislykka individ: Kassadama på Rema. Ein jævla trope.

Og slik går no dagane i Susanns nye jobb.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s