Henta frå ein transkripsjon av ein diskusjon i Climate Discussions Nexus, publisert 8.mai 2019. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Der finst so mange tomme slagord der ute at eg skulle ønskje vi kunne takle alle saman på éin gong. Men «97% av vitskapsfolk er einige» er visseleg elefanten i rommet. Mange har prøvd å avfeie det ved å avvise sjølve ideen om konsensus, eller ved å prise dei historiske døma på dissident-vitskapsfolk som gjekk mot den rådande konsensus og viste seg å ha rett. Men det støttar motviljug sjølve hovudpåstanden, som evidensen viser at rett og slett er uriktig.
Forteljar: Påstanden om at 97% av vitskapsfolka i verda er einige, er so å seie esset i ermet rundt heile klimadebatten. Trass alt, kven kjem til å argumentere mot ein slik sterk konsensus, støtta av so mange ekspertar? Men nøyaktig kva skal dei liksom vere einige om? Dersom du kiker bak gardina, verkar det som om ingen er sikre på kva ekspertane faktisk seier. Eller kven dei er. Eller… ingenting.
John: Ved fyrste augnekast ser det temmeleg rett fram ut. I 2013 tweeta president Barack Obama som kjent at «nittisju prosent av vitskapsfolk er einige: #climate change er ekte, menneskeskapt og farleg.»
I 2014 sa hans utanriksminister John Kerry at 97% av «verdas vitskapsfolk seier til oss at dette hastar». Og same året sa CNN at «97% av vitskapsfolk er einige om at klimaendring no skjer, at det skader planeten og at det er menneskeskapt».
Forteljar: Det er i grunnen det folk flest tenkjer når dei høyrer 97%-slagordet: Kvar vitskapsmann trur at menneskeskapt klimaendring er ei akutt krise.
Men der er millionar av vitskapsfolk i verda. Kor mange vart eigentleg spurt i undersøkinga? Når fann undersøkinga stad? Kven utførde den? Og nøyaktig kva var dei einige om?
John: Lat oss finne det ut. Eg er John Robson og dette er ein Climate Discussion Nexus faktasjekk rundt 97%-konsensus-slagordet.
Til å byrje med, er der enkelte idear som so å seie alle vitskapsfolk aksepterer. Til dømes at fuglar stammar frå dinosaurar, sjølv om den ideen i si tid vart avfeia som særs eksentrisk. Og når det kjem til klima treng du ikkje ei spørjeundersøking for å fortelje deg at karbondioksid er ein drivhusgass, som tydar at den sannsynlegvis har ein viss overordna varmande effekt. Det har ein visst sidan midten på 1800-talet. Og dersom du utførde ei undersøking, ville du finne overveldande vitskapleg einigheit på det punktet.
Der er òg mange indikasjonar på at verda er noko varmare no enn den var på midten av 1800-talet, som var slutten på ein naturleg kjøleperiode kalla Den vesle istida.
Til slutt trekkjer omtrent ingen i tvil at mennesket har endra miljøet til planeten vår, ved utslepp i lufta, endring av landoverflata, hive ting i vatnet og so vidare.
Desse er ikkje kontroversielle idear, og dei blir aksepterte sjølv av dei fleste klimaskeptikarar. Det vi ikkje aksepterer er at nokon av dei beviser at menneske er den einaste årsaka til global oppvarming, eller at klimaendring er ein farleg trugsel.
Dersom 97% av vitskapsfolk trudde dette, ville det vere urovekkjande. Til og med om dette var tilfellet, måtte vi framleis finne ein plan der fordelane vog tyngre enn kostnadene. I alle tilfelle ville det nivået av konsensus om at problemet var menneskeskapt og hastande, visseleg vere nemneverdig. Men greia er at dei ikkje er einige om det.
Ein nær titt på kva slags spørjeundersøkingsdata vi har, og der er ikkje mykje, fortel oss at ja, der er ein stor del einigheit om at CO2 er ein drivhusgass til ei viss grad, at Jorda har blitt varmare dei siste 160 åra, og at menneske påverkar omgjevnaden sin. Men dei dataa fortel oss òg at der er langt mindre einigheit om alt anna, inkludert om vi står overfor ei krise.
So kor kom denne 97%-påstanden frå, og kvifor blir den sopass vidt gjenteken?
Forteljar: 97%-påstanden ser ut til å ha byrja med ein vitskapshistorikar med namn Naomi Oreskes som, i 2004, påstod at ho hadde sett på 928 artiklar om klimaendring i vitskaplege tidsskrift, at 75% av dei støtta «konsensus-synet» om at «Jorda sitt klima blir påverka av menneskelege aktivitetar» og at ingen direkte trekkjer dette i tvil.
Innan 2006, i Al Gore sin An Inconvenient Truth, hadde dette funnet på ein eller annan måte blitt omdanna til «ein massiv studie av kvar einaste vitskapleg artikkel i eit fagfellevurdert tidsskrift med temaet global oppvarming dei siste 10 åra, og dei tok ei diger stikkprøve av 10%, 928 artiklar, og veit du talet på dei som var ueinige med den vitskaplege konsensusen om at vi forårsakar global oppvarming og at det er eit alvorleg problem? Av dei 928, null.»
John: Det var usant. Gore tok ein studie som fann ut at 75% støtta ideen om at menneske har ein viss effekt på klimaet og gjorde det om til bevis for at 100% av vitskapsfolk trur at det er eit alvorleg problem. Den gjer ikkje det.
Forteljar: Og det gjer heller ikkje handfullen av andre spørjeundersøkingar om emnet. Til dømes fem år seinare, i 2009, sende eit par forskarar ved Universitetet i Illinois ei nettundersøking til over 10 000 vitskapsfolk på Jorda der dei stilte to enkle spørsmål: Er du einig i at globale temperaturar generelt har auka sidan før 1800-talet? Trur du at menneskeleg aktivitet er ein betydeleg medverknadsfaktor? [Notat: Dei stilte nokre andre spørsmål òg, men rapporterte ikkje spørsmåla eller resultata i publikasjonen.]
John: Dei peikte ikkje ut drivhusgassar, dei forklarte ikkje kva termen «betydeleg» tydar, og dei refererte ikkje til fare eller krise. So kva var resultatet?
Forteljar: Av dei 3146 svara som dei fekk, svarte 90% ja på det fyrste spørsmålet, at globale temperaturar har stige sidan Den vesle istida, og berre 82% svarte ja på det andre, at menneskeleg aktivitet var ein betydeleg medverknadsfaktor.
Interessant nok, blant meteorologar svarte berre 64% ja på det andre, noko som tydar at ein tredjedel av ekspertane i studien om vêrmønster som svarte, trudde ikkje at menneske spelte ei betydeleg rolle i global oppvarming, langt mindre ei dominerande ei.
Det som fekk mest mediemerksemd var at blant dei 77 respondentane som skildra seg sjølv som klimaekspertar, svarte 75 ja på andrespørsmålet. 75 av 77 er 97%.
John: OK, det fekk ikkje noka mediemerksemd at dei tok ut 77 av dei 3146 svara. Men det er nøkkel-statistikk-trikset. Dei fann 97% konsensus blant 2% av spørjeundersøkings-respondentane. Og til og med der meinte ein at der har funne stad ei viss oppvarming sidan 1800-talet, som so godt som ingen nektar for, og at menneske er delvis ansvarlege. Desse ekspertane sa ikkje at det var farleg eller at det hasta, fordi dei vart ikkje spurde. [Notat: eller, som sagt ovanfor, dersom dei sa det, vart ikkje resultata rapportert.]
So langt er påstanden om at 97% av «verdas vitskapsfolk» seier at der er ei klimakrise, rein fiksjon. Men vent, seier du. Der må finnast meir. Ja, det gjer det. Men ikkje mykje.
Forteljar: Ei anna undersøking dukka opp i 2013 av den australske forskaren John Cook og hands medforfattarar, der dei påstod at dei hadde undersøkt rundt 12 000 vitskaplege artiklar relatert til klimaendring, og fann ut at 97% støtta konsensus-synet om at drivhusgassar i det minste var delvis ansvarlege for global oppvarming. Denne studien genererte overskrifter rundt om i verda, og det var den som Obama sin tweet refererte til.
John: Men igjen var utsjånaden svikefull.
To tredjedelar av artiklane som Cook og hans kollegaer undersøkte, uttrykte ikkje noko syn i det heile på konsensusen. Av dei gjenverande 34%, hevda forfattarane at 33% støtta konsensusen. Del 33 på 34 og du får 97%. Men dette resultatet er essensielt meiningslaust, fordi dei sette lista for låg.
Forfattarane bak spørjeundersøkinga spurde ikkje om klimaendring var farleg eller «menneskeskapt». Dei spurde berre om den og den artikkelen aksepterte at menneske hadde ein viss effekt på klimaet, noko som vi allereie har sagt er ukontroversielt. Det kunne tyde so lite som det å akseptere «urban heat island»-effekten.
So eit langt betre spørsmål ville ha vore: Kor mange av studiane hevda at menneske har forårsaka mesteparten av den observerte globale oppvarminga? Og merkeleg nok veit vi ikkje det. Fordi, grave djupt ned i forfattarane sine data, var svaret: Forsvinnande 64 av nesten 12 000 artiklar! Det er ikkje 97%, det er halvdelen av éin prosent. Det er éin av 200.
Og det blir verre. I ein oppfølgjar-studie las klimatolog David Legates desse 64 artiklane og fann ut at ein tredjedel av dei ikkje eingong sa det som Cook og teamet hans hevda. Berre 41 støtta faktisk synet at global oppvarming for det meste er menneskeskapt. Og vi har framleis ikkje kome fram til at det er «farleg». Den delen av studien vart rett og slett dikta opp, av politikarar og aktivistar.
Andre forskarar har fordømt Cook-studien på anna grunnlag òg. Til døme viste økonomen Richard Tol at meir enn tre fjerdedelar av artiklane som vart rekna for å støtte sjølv den svake konsensusen, faktisk ikkje sa noko om emnet i det heile. Og seinare dukka det opp evidens for at forfattarane av artikkelen dreiv og laga utkast til pressemeldingar om funna sine til og med før dei starta å gjere undersøkingar, noko som indikerer eit alarmerande nivå, ikkje av oppvarming eller av konsensus, men av det å ha gjort seg opp ei meining i forkant av undersøkinga.
Realiteten er at verken denne studien eller ei handfull andre som den, beviser at 97% av vitskapsfolk trur at klimaendring for det meste er menneskeskapt, langt mindre at det er ei krise. Det at folk som hevdar å leggje slike aksjar i «etablert vitskap» aksepterer slikt openbert statistisk hokus pokus, er både forbløffande og skuffande.
Forteljar: So kva trur eigentleg klimaekspertar? Året før Obama sendte ut tweeten sin, føretok American Meteorological Society (AMS) ei spørjeundersøking blant sine 7000 medlemmer. Dei fekk rundt 1800 svar. Av dei sa berre 52% at dei trudde global oppvarming har funne stad i det 20.hundreåret og at den for det meste er menneskeskapt. Dei gjenverande 48% trur anten at det har skjedd, men at det for det meste er naturleg, at det ikkje skjedde, eller dei veit ikkje. Og medan det er mogleg at dei tre fjerdedelane som ikkje svarte deler seg på same måte som dei som gjorde det, er det òg mogleg at hengjevne alarmistar har større sannsyn for å svare på slike spørjeundersøkingar. I alle tilfelle er dette eit lite utval, sjølv av AMS-medlemmer, langt mindre av verdas vitskapsfolk.
John: Der var ei til spørjeundersøking nokre år seinare av det nederlanske miljøbyrået som hevda at 66% av klimaekspertar trudde at menneske for det meste var ansvarlege for oppvarming sidan 1950. Noko som er langt frå 97% sjølv om den gjer det betre enn dei andre studiane.
Ein sosialpsykolog med namn Jose Duarte, som er spesialist på å designe spørjeundersøkingar, publiserte ein analyse av den, der han påpeikte at dei vatna ut prøvematerialet ved å inkludere eit stort tal psykologar, filosofar, politiske vitskapsfolk og andre ikkje-ekspertar, noko som gjorde resultata meiningslause som eit mål på kva vitskapsfolk trur. Akkurat som du vil finne ut at folk som siterer det 97%-talet i overveldande grad ikkje er trena vitskapsfolk, og iallfall ikkje trena statistikarar.
Forteljar: So vi har ikkje kome lenger enn då vi byrja. Dei fleste ekspertar er einige om det basiske, nemleg at karbondioksid er ein drivhusgass og truleg forårsakar noko oppvarming, og at menneske har ein viss påverknad på klimaet, truleg òg noko oppvarming. Men dei debatterer aktivt resten: Kor mykje oppvarming vil skje? Er det eit problem? Burde vi prøve å stoppe det, tilpasse oss eller vente og sjå? Desse er alle viktige spørsmål, og vi treng gode svar.
John: Og vi har påstanden om at fleire av verdas nasjonale vitskapsakademi, som representerer hundretusenvis at vitskapsfolk over heile verda, har kome med ytringar som støttar konsensusen om global oppvarming, og dermed krev at styresmakter kjem med tiltak for å kutte ned på utsleppa. Problemet er at ikkje eit einaste av dei samfunna utførde ei spørjeundersøking av sine medlemmer før dei kom med ytringane sine i medlemmene sine namn. Ytringane kom frå eit lite tal aktivistar som brukte sin komitéposisjon for å få det til å sjå ut som om synspunkta deira blir delte av alle verdas ekspertar. Men dersom dei er det, kvifor utførde ikkje desse forfattarane ei spørjeundersøking blant medlemmene før dei kom med desse ytringane?
Der er eit par andre studiar som påstod å bevise konsensus. Men dei kjem opp i dei same problema. Alt dei viser er utbreitt einigheit om ukontroversielle delar. Dei kjem ikkje med nokon informasjon om det er sant eller ikkje at fleirtalet av vitskapsfolk trur at global oppvarming er ei krise. Og deretter blir dei spunne vilt av ikkje-vitskapsfolk for å fortelje oss ting som dei ikkje byrjar å seie, ofte om spørsmål som dei ikkje eingong prøver å etterforske.
Problemet er ikkje berre at vi ikkje veit kva prosentandel av vitskapsfolk som er einige med den eller den ytringa om global oppvarming. Det er noko mykje verre. Alt dette snakket om 97% konsensus utgjer ein uærleg mobbekampanje for å stilne vitskapleg debatt akkurat når vi treng det mest, fordi spørsmålet ruvar slik i offentleg politikk.
Som fysikar Richard Feynman ein gong sa, «eg vil heller ha spørsmål som ikkje kan svarast på, enn svar som ikkje kan stillast spørsmål ved.» Og det er spesielt sant når vi blir bedne om å ta drastiske handlingar basert på dei svara.
For ikkje lenge sidan åtvara den tidlegare nemnde eksperten Jose Duarte sine med-vitskapsfolk om dei negative konsekvensane av å hevde konsensus. Han sa:
«Det er uklokt å rapportere konsensus som om det er ei oppsamling av uavhengige vurderingar. Menneske er ein ultrasosial art, og dissens kostar mykje meir enn tilslutning til eit oppfatta fleirtal… Ein vitskapsmann som trekkjer i tvil den rådande forteljinga om menneskeskapt oppvarming, eller so mykje som produserer mindre estimat, vil sannsynlegvis ende opp på ei McCarthy-aktig svarteliste av ‘fornektarar’. Sjølvskildra hovudstraum-klimavitskapsfolk refererer folket til slike lister, der dei implisitt støttar svertinga av kollegaene sine. Dette er urovekkjande, og uhøyrt i andre vitskapar.»
Den uheldige sanninga er at der er sterkt politisk press for klimaekspertar å ikkje stille spørsmålsteikn ved påstandar om nært føreståande dommedag. Dei som gjer det står overfor skyhøge personlege og profesjonelle kostnader, inkludert haugevis av mishandling som kan vere svært ubehageleg for folk som berre ønskjer å vie liva sine til den stille jakta på kunnskap, ikkje til bråkete polemikkar. Og det tydar at vi burde lytte nøye etter når dei likevel tek avgjerda å snakke ut.
Om dei representerer 50%, 10% eller 3% av ekspertane, er evidensen som dei kjem med og kvaliteten på argumenta det som speler ei rolle.
Og rundt det håper eg at vi vil få 100% konsensus.
[…] ________________________________________________________________Innlegget er hentet fra Saksyndig________________________________________________________________ […]
LikarLikar