I desse dagar blir ordet «konspirasjonsteoretikar» brukt som hersketeknikk mot alle som kjem med påstandar som avvik frå den offisielle forteljinga, same kor faktabaserte desse påstandane er. Teknikken kveler effektivt all seriøs debatt rundt ei rekkje tema relatert til den sokalla «pandemien», til dømes opphavet til Covid-19, effektiviteten til Covid-19-«vaksinane», det reelle dødstalet til sjukdommen Covid-19, effektiviteten til dei totalitære pandemitiltaka, i tillegg til ei rekkje andre tema som ikkje har noko med «pandemien» å gjere: kva som eigentleg skjedde i New York 11.september 2001, det amerikanske etterretningsbyrået CIA si rolle når det gjeld psykologisk krigføring mot USA og store delar av verda, spørsmålet om det finst utanomjordiske sivilisasjonar som er i kontakt med oss – og sist, men ikkje minst, kven som eigentleg styrer verda. Finst det til dømes ein «djupstat» eller ei «skuggeregjering»?
Eg skal i ein ny serie ta føre meg ei rekkje tema som kan vere nettopp konspirasjonsteoriar. Fyrst vil eg definere kva ein konspirasjonsteori eigentleg er. Det er ikkje noko du kallar påstandane som kjem frå dei du er politisk eller ideologisk ueinig med. For å definere «konspirasjonsteori» må ein fyrst definere «konspirasjon». Eit anna ord for dette er «samansverjing». To eller fleire partar, A, rottar seg saman mot ein tredje part, B. A har ein agenda og eit felles mål overfor B. Til og med barn konspirerer. To eller fleire barn, A, kan til dømes bestemme seg for at eit eller fleire andre barn, B, ikkje skal få småkakene som barnehagetanta har gjeve til dei med instruksjon om å dele med dei andre barna. Dei finn lett ut at ved å ikkje dele småkakene ut til dei andre barna, vil dei få alle kakene for seg sjølve.
Sameleis kan styresmaktene i ein mektig oljenasjon, A, bestemme seg for at dei ikkje vil selje oljen sin til nasjonar, B, som ikkje har same felles interesser som dei sjølve; dei vil kanskje påstå at dei har mindre olje enn dei eigentleg har. Og sameleis kan ein stor og mektig nasjon som tilfeldigvis får fyrstehandskjennskap til utanomjordisk teknologi – til dømes ved at ein UFO tilfeldigvis styrtar ute i ørkenen midt på svarte natta – bestemme seg for at det er i deira interesse å halde denne teknologien hemmeleg for andre nasjonar; dei vil kanskje påstå at denne teknologien ikkje eksisterer, og at tilfeldige kvantesprang i den teknologiske utviklinga skuldast eigeninnsats og ikkje analyse av denne «romvesen-teknologien».
Konspirasjonar finst på alle nivå, heilt frå grupper av tilsynelatande uskuldige barn til grupper av tilsynelatande uskuldige nasjonar.
Konspirasjonar er i sin natur hemmelege. Barna som konspirerer mot dei andre barna i barnehagen vil naturlegvis ikkje fortelje barnehagetanta at dei åt alle småkakene sjølve i staden for å dele med dei andre barna. Dei vil avtale seg i mellom at dersom ein av dei sladrar på vennene, vil det kome uhyggjelege konsekvensar. Kanskje vil den som tystar få ei bøtte kaldt vatn over seg neste gong dei leikar i sandkassen. På same måte vil styresmaktene i den mektige oljenasjonen ha sanksjonsmetodar overfor illojale tenarar som sladrar om all oljen til utanlandske partar som ikkje må få kunnskapar om oljen. Og spesielt dersom utru tenarar ein vakker dag skulle gå offentleg med informasjon relatert til UFO-styrten i ørkenen, og den eigentlege grunnen til at teknologiselskapa plutseleg kunne byrje å konstruere avanserte datamaskiner. Langt verre konsekvensar enn kalde bøtter med vatn vil då råke den som sladrar.
Klart, omverda er ikkje idiotar. Før eller seinare vil dei andre barnehagebarna spørje barnehagetanta kvifor dei ikkje fekk småkaker. Tanta vil naturlegvis hevde at ho har delt ut småkakene, nemleg til ein gjeng på fire barn, med beskjed til dei om dele med dei andre barna. Ho vil fort finne ut at dei fire åt kakene sjølve, same kor mykje dei sjølve nektar for det. Indisia er for sterke til at ho vil tru dei. Dei blir ikkje berre tekne i å ikkje gjere som barnehagetanta seier, dei blir tekne i å lyge. Då vil det naturlegvis bli vanskelegare å betru dei liknande oppgåver i framtida, eller tru på det dei seier. Truverda deira har fått seg ein varig knekk.
Ein mektig oljenasjon kan ikkje skjule rikdommen sin for alltid. Ein nasjon kan heller ikkje skjule avansert romvesen-teknologi i all framtid. Nokon vil før eller seinare byrje å stille spørsmål. Kor vart alle småkakene av? Kvifor nektar de for at de har olje når alle bevis seier det motsette (nemleg at nabolandet vårt ifølgje våre etterretningskjelder nettopp inngjekk avtale om kjøp av x tal fat med olje medan vi får beskjed at de ikkje har olje å selje)? Korleis kan de gå frå å ha holkortmaskiner på storleik med bygningar den eine dagen, til å ha personlege datamaskiner den neste? Her er noko muffens! Det er noko de ikkje fortel oss!
Barna i barnehagen er ikkje smarte nok til å kome med bortforklaringar når barnehagetanta tek dei i å bløffe. Nasjonane er derimot det. Det er her etterretningsbyråa og media kjem inn i biletet. Dei inngjekk på 1900-talet ein symbiose der dei utvikla diverse psykologiske triks og knep for å lure befolkninga til å tru A når B var tilfelle. Og alle som gjorde sine eigne undersøkingar og fann ut kva som eigentleg gjekk føre seg, måtte uskadeleggjerast, anten bokstavleg eller biletleg tala. Omgrepet «konspirasjonsteori», teoriar om at to eller fleire partar inngår i samansverjingar mot ein tredje part, vart lansert i kjølvatnet av attentatet på president John F. Kennedy i Dallas i 1963. Då var det nemleg fleire uavhengige partar som ikkje heilt trudde på den offisielle forklaringa om at berre éin mann stod bak attentatet. Alle som hevda noko anna enn det styresmakter og media påstod, vart kalla «konspirasjonsteoretikarar», og dermed var strategien utvikla for å fjerne all seriøs debatt rundt dei temaa som vart oppfatta som for betente til å diskuterast.
(Enkelte vil påstå at sjølve opphavet til ordet «konspirasjonsteori» er ein konspirasjonsteori!)
Kallar du nokon for «konspirasjonsteoretikar» antydar du samstundes at du og dine likesinna sit med fasiten, at de har monopol på sanninga. Og «sanninga» må her forståast som det som nokon har blitt einige om skal vere den offisielle forklaringa, altso den offisielle forteljinga. Desse nokon prøver til ei kvar tid å kontrollere forteljinga, for den som kontrollerer forteljinga, kontrollerer verda.
Og kven er desse nokon? Ei rekkje uhorveleg rike og mektige privatbankar som har sterke økonomiske eigeninteresser i at folk trur på det som til ei kvar tid er den offisielle forteljinga. Denne kontrollen over dei uvetande massane utøver dei fyrst og fremst gjennom hovudstraumsmedia, som dei er eigarar av via uhyre kompliserte nettverk. Når du fyrst får kunnskap om denne symbiosen mellom etterretningsbyrå, media og styrtrike, mektige konsern og privatbankar, vil du innsjå at det du fram til no har oppfatta som etablerte sanningar, i røynda er forteljingar som har blitt skapte for å mate befolkninga med. Journalistar i hovudstraumsmedia og manusforfattarar i Hollywood har den tingen til felles at dei alle produserer fiksjon for å manipulere massane.
Dette er òg tilfelle i Noreg. Den alternative nettavisa Nyhetsspeilet har sine eigne teoriar om kven som eigentleg stod bak 22.juli-terroren, og kva intensjonane deira var. Den offisielle forteljinga hevdar at berre Anders Behring Breivik stod bak 22.juli-terroren. Enkelte hevdar at det i røynda var andre aktørar som var skuld i denne hendinga, og at Breivik, mot eit klekkeleg honorar, tok på seg rolla som den skuldige. I 2019 fekk ein av skribentane i Nyhetsspeilet eit brev frå ei anonym kjelde. Brevet er datert 23.mars 2011, og antydar at tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, tidlegare statsminister Jens Stoltenberg, noverande statsminister Jonas Gahr Støre og ei rekkje andre prominente maktpersonar i Noreg, inkludert Torvald Stoltenberg, Trond Giske og John Fredriksen, skal ha inngått avtale med Breivik om å få utbetalt svimlande 55 millionar norske kroner for å ta på seg ansvaret for ugjerningane. Breivik skulle etter åtte år i fengsel «døy» og få ny identitet. Om dette stemmer, er det kan hende ein av noregshistoria sine største konspirasjonar. Det er derimot større sjanse for at dette brevet er forfalska. Kva trur du? Er det framleis Breivik som sit fengsla, eller berre ein dobbeltgjengar-skodespelar i filmkulissar som skal etterlikne fengselet der han sonar?
Og snakkar ein om dobbeltgjengarar… Ein ganske so seigliva konspirasjonsteori seier at Paul McCartney, bassist, vokalist og låtskrivar i The Beatles, eigentleg døydde i ei bilulykke i november 1966, og at det britiske etterretningsbyrået MI5 (!) tvinga resten av bandet til å ta inn ein dobbeltgjengar for å dekkje over at den eigentlege Paul var død. Faktisk antydar enkelte (igjen Nyhetsspeilet) at John Lennon vart drepen fordi han ville gå til media med sanninga om sin tidlegare bandkollega og låtskrivarpartner. Igjen ville George Harrison gå ut med sanninga, og vart forsøkt myrda i sitt eige hus. Kvifor denne drastiske motstanden mot å avsløre dødsfallet til ein bandmedlem? The Beatles hadde visstnok ei nøkkelrolle i «tidenes massemanipulasjonsprosjekt» i regi av det britiske Tavistock-instituttet – dei var etterretningsbyråa og media sin måte å underhalde folket med brød og sirkus, for på den måten å distrahere dei frå kva desse byråa eigentleg dreiv på med. Paul McCartney sjølv (eller den som utgjer seg for å vere han?) har i alle år nekta for at dette er tilfelle.
Ein liknande, om ikkje fullt so søkt konspirasjon, er å finne i historia til The Beatles sine konkurrentar på 1960-talet: The Rolling Stones. Offisielt døydde 27 år gamle Brian Jones av å drukne i sitt eige symjebasseng 3.juli 1969, kort tid etter at han fekk sparken frå bandet han var med på å grunnleggje. I 2005 kom filmen Stoned, som eksplisitt viser at Jones sin snikkar Frank Thorogood tok livet av han. Dette skal ha vore eit forsøk på å skremme Jones til å betale han pengar som Jones skulda han for diverse arbeid på eigedommen. I lengre tid hadde mellom andre Trevor Hobley hevda at Jones sitt dødsfall ikkje var ei ulykke, men eit drap, og kravd at liket til Jones skulle gravast opp igjen og obduserast. Resten av Rolling Stones har i alle år nekta for dette, og Mick Jagger og Keith Richards skal visstnok ikkje ønskje å snakke om sin tidlegare bandkollega. I eit intervju på 2000-talet kalla Richards Jones for eit «rævhòl», noko som ikkje akkurat er å heidre dei døde.
Konspirasjonar (eller påstandar om dei!) finst som sagt på alle nivå, og i denne serien skal eg snakke om ei rekkje av dei mest populære og berykta av dei. Som eg skriv i skildringa til Saksyndig, formidlar ikkje denne bloggen konspirasjonsteoriar – men eg kan fint skrive om dei utifrå ein intensjon om å underhalde lesaren i desse mørke og uvisse tider. Ikkje ta alt om dei altfor alvorleg, for då er risikoen stor for at nettopp du blir uthengt og latterleggjort – eller verre. Ta alt du les med ei klype salt, for du aner ikkje alltid intensjonen til forfattaren.
Og ha i minne at mange konspirasjonsteoriar i ettertid har vist seg å vere konspirasjonsfakta.