Studie: Uhelbredeleg prionsjukdom knytt til Covid-sprøyter

Av Ethan Huff, Natural News, 6.juni 2022. Omsett av saksyndig.

Ny forsking frå Frankrike har avgjort at Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar» utløyser ein uhelbredeleg og dødeleg priontilstand kjent som Creutzfeldt-Jakobs sjukdom (CJD).

Studien fann ut at forma av CJD forårsaka av Covid-sprøytene er mykje meir aggressiv og utviklar seg mykje raskare enn tradisjonell CJD, som på alle måtar var sjeldan i seg sjølv før lanseringa av Operasjon «Warp Speed».

«Prion førekjem naturleg i kroppen og er vanlegvis harmlause, men når dei blir utsett for sjukdom eller faldar seg feil, vil dei påverke priona i nærleiken slik at dei òg blir feilforma, noko som fører til øydelegging av hjernevev og død,» rapporterer The Epoch Times.

«Sjukdommen kan ikkje kurerast, for når fyrst eitt prion blir infisert, vil den halde fram med å spreie seg til andre prion, og inga behandling kan stoppe dette.»

Dei fleste tilfelle av CJD skal visstnok vere sporadiske, at ein person utviklar sjukdommen utan nokon openberr grunn, blir vi fortalt. Ei lita undergruppe av menneske arvar den visstnok frå andre familiemedlemmer, men generelt er årsaka til CJD framleis sett på som eit mysterium.

Dette er derimot ikkje sant for sprøyte-indusert CJD, som definitivt er forårsaka av injeksjonane. Den fyrste Wuhan-«varianten» av Kinaviruset innheld ein prionregion i sitt piggprotein som òg vart brukt til å utvikle dei tinga dei kallar «vaksinar». Og når dei fyrst blir injisert i ein person, vil desse prionregion-innehaldande piggproteina interagere med menneskecellene, og skape sjukdom.

«…når Wuhan-varianten sin piggprotein-geninformasjon vart laga om til ein vaksine som del av mRNA- og adenovirus-vaksinane, vart prionregionen òg gjort ein del av dei,» avslørte The Times vidare.

«Som del av den naturlege celleprosessen, so fort mRNA blir ein del av cellene, vil cella gjere mRNA-instruksjonen om til eit Covid-19-piggprotein, som lurer cella til å tru at den har blitt infisert slik at dei skaper eit immunologisk minne mot ein komponent av viruset.»

Både mRNA- og viralvektor-vaksinar er knytt til prionsjukdom

Vi blir fortalt at denne uvanlege biologiske prosessen som er koda inn i mRNA-informasjonen «ikkje er perfekt» og utsett for «feil». Det å gjere prionregionar til del av sprøyteinnhaldet og vidare danning av CJD er med andre ord berre eit horribelt uhell.

Avgjer sjølv om de trur at dette er ein uføresett konsekvens, men skeptikarar er overtyda om at desse biovåpeninjeksjonane hadde som føremål å skape denne forma for sjukdom – og truleg mange andre som enno ikkje har dukka opp (eller blitt identifisert) hjå dei vaksinerte.

Vi åtvara lesarane våre sist haust om injeksjons-tilknytt prionsjukdom. Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) viser for tida ein stor auke eller «overførekomst» av prionsjukdommar, heilt sidan sprøytene vart sette i omlaup.

Ein annan fagfellevurdert studie frå Tyrkia støttar funna til den franske studien, og knyter CJD til injeksjonane til Pfizer-BioNTech, Moderna og AstraZeneca, der sistnemnde ikkje eingong nyttar seg av messenger-RNA-teknologien.

«Den franske studien avdekte av symptoma [på CJD] starta innan 11,38 dagar etter vaksinasjonen, medan tilfelle-studien i Tyrkia fann ut at symptoma dukka opp éin dag etter vaksinasjonen,» forklarer The Times.

Greia med CJD er derimot at den i mange tilfelle kan liggje latent i kroppen i lang tid. Tidlegare studiar på grupper av kannibalar fann ut at den kan gøyme seg i ti år eller lengre før den plutseleg manifesterer seg. Kor mange av dei covid-injiserte vil tilfeldigvis og uventa utvikle CJD i dei komande månadene og åra?

«Dette bekreftar den radikalt annleis naturen til denne nye forma av CJD, medan den klassiske forma krev fleire tiår,» konkluderte dr. Jean-Claude Perez i den franske studien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s