For tida er forfattar og omsetjar Leif Høghaug i gang med å omsetje James Joyce sin verdskjende roman Finnegans Wake til norsk. Romanen kom ut i mai 1939, og var den siste romanen denne irske forfattaren gav ut før sin død i januar 1941. Det tok visstnok Joyce 17 år å skrive romanen, som er skildra som eit av dei mest tunglesne verka i vestleg litteraturhistorie. Boka kan ifølgje mange kritikarar vere eit forsøk frå forfattaren på å etterlikne opplevinga av søvn og draumar, i likskap med eit forsøk på å kombinere eigne estetiske idear, og ikkje minst referansar til andre litterære verk. I motsetnad til Joyce sine andre bøker, er det knapt nokon utanfor det litterære akademia som har lese boka.
Byrjinga på boka er eigentleg eit framhald av den siste setninga i boka, noko som gjer verket om til ein endelaus syklus. Døme på slike syklusar er òg å finne i musikalske verk; Pink Floyd sitt album The Wall frå 1979 sluttar tilsynelatande brått, men slutten på albumet «held fram» på byrjinga (den svake bakgrunnsmusikken og dialogen som du høyrer like før fyrste songen byrjar). Finnegans Wake har blitt skrytt opp i skyene av dei som meiner dei forstår boka, slik som Anthony Burgess og Harold Bloom. Ezra Pound innrømte derimot at for han var boka uforståeleg.
Wikipedia sin artikkel har gjort eit forsøk på å lage eit samandrag av romanen. I korte trekk døyr rollefiguren Finnegan etter eit fall frå ein stige, og kona Annie ser ut til å planleggje at slekt og venner skal ete liket hans under gravølet (wake er det engelske ordet for denne skikken, der ein samlast etter gravferda for å feire – men ikkje ete! – den avdøde). Liket til Finnegan forsvinn derimot før gravfølgjet kan ete det.
Tittelen til romanen kan vere henta frå den irsk-amerikanske balladen «Finnegan’s Wake» (med apostrof-s), som vart gjort kjent av blant andre den irske folkemusikkgruppa The Dubliners. Plottet i songen ser ut til å likne det til byrjinga av romanen: ein fyr med namn Finnegan fell i fylla frå ein stige og blir feilaktig teken for å vere død. I gravølet (the wake) søler dei sørgjande whisky over han i sin drukkenskap, og han vaknar til live og deltek i det slutta laget. Balladen konkluderer at whisky både forsaka Finnegan sitt fall og hans gjenoppliving. Whiskey kjem tilfeldigvis frå den irske frasen uisce beatha – livets vatn, i samsvar med den latinske utgåva aqua vita, som har gjeve opphav til namnet på brennevinet akevitt. Det at apostrof-s manglar i Joyce sin romantittel (Finnegans Wake, ikkje Finnegan’s Wake) antydar at fleire Finnegan-ar vaknar, truleg frå døden, noko som igjen peiker på den sykliske naturen til verket.
Ifølgje Joyce sjølv var boka eit forsøk på å rekonstruere «nattelivet», og at boka var hans eksperiment for å tolke «sjela si mørke natt». Faktisk herskar det tvil blant dei lærde om ikkje berre handlingsforløpet i boka, men om det i det heile teke finst sjølvstendige rollefigurar.
Sjølve ordet finnegan kjem frå gammalirsk finnacán, som tydar «ein liten kvit ein».
Verket inneheld fleire allusjonar til Noreg, riksmål og norske verk, deriblant ein referanse til Henrik Ibsens Bygmester Solness. Byen Dublin, som verket visstnok finn stad i (?), vart grunnlagt av vikingar.
Det er dette so godt som uforståelege meisterverket som nordmannen Leif Høghaug har teke på seg å omsetje. Som NRK-artikkelen skriv, kom ei svensk utgåve ut i fjor (2021). Bertil Falk hadde brukt 66 år på å omsetje boka. Sjølv satsar Høghaug på å vere ferdig innan 2030. Det er altso ikkje eit enkelt oppdrag han har teke på seg.
Det finst ei nettside der nokon har teke på seg bryet med å forklare nesten kvart einaste ord i verket. Dette vil nok kome Høghaug til god hjelp i dette prosjektet. Han meiner sjølv at boka ikkje er uleseleg, men ei humoristisk bok.
Her er eit utdrag av Høghaug si omsetjing (henta frå NRK-artikkelen, ©Det norske samlaget, 2022):
«Blant dei fyrste han var med våbenskiold og eit nafn: Wassaily Booslaeugh af Riesengeborg. Hass horaldikkiske hjelmpryd, in vert med gayvir, blådyr, sylvfarje, ein hanngeik, underloffettar, bustate, beistet. Skjold hessen fessit, med boge bogeskyttarar, helio, balsonering farje to. HB er husboon som hænntere hakka. Hahahaha, Mister Finn, du kjem t’å ble Mister Finnagain! Komedan morm og, O, du er vin att! Sendasseftan og, ah, din vindick! Høhøhøhø, Mister Fønn, du kjem t’å ble fløddigjen!»
Til no har han laga utkast til om lag 250 sider av dei 625 i den engelskspråklege (?) originalutgåva. Han har fått eit stipend frå Oppland fylkeskommune på 200 000 kroner. Kor mykje blir det per år fordelt på det som kan bli meir enn åtte års heiltidsarbeid? Ingen kan seie at han gjer det for pengane sin del. Det er forlaget Samlaget som står bak dette prosjektet, og boka kjem på grunn av sin særs tunglesne natur sannsynlegvis ikkje til å hamne på toppen av bestseljarlistene. Du tek ikkje akkurat med deg Finnegans Wake for å lese på ferie!
Ein og annan intellektuell svenske sit truleg no i sommarsola og klør seg forvirra i hovudet over Bertil Falk si omsetjing. I 2030 – om Noreg og den vestlege sivilisasjon mot formodning framleis eksisterer – vil nok ein og annan nordmann sitje like forvirra og stave seg gjennom dette uforståelege verket.