Steve Kirsch: Seks av ni bebuarar på aldersheim i California døydde av korona-«vaksine»

Nyleg høyrde Steve Kirsch følgjande historie: Ni bebuarar ved aldersheimen Palo Alto Commons i California vart injiserte med korona-«vaksinen». Mindre enn ei veke seinare var seks av dei døde. Den eine skulle visstnok ha vore ein føderal dommar med namn Joan Stevenson Brennan Passell, men ingen nekrolog var å finne. Kirsch syntest denne historia høyrdest for utruleg ut til å vere sann, so han bestemte seg for å gjere sine eigne undersøkingar.

Det fyrste han gjorde var å ta kontakt med aldersheimen. Ingen ville kommentere dødsfalla. Alle refererte dei til dagleg leiar, ei dame med namn Li Li. Då ho ikkje svarte på telefon, besøkte han aldersheimen, såg ho fare til lunsj, gjekk bort til ho og introduserte seg som ein journalist som arbeidde med ei historie. Han bad ho om å verifisere informasjonen om sprøytene og dødsfalla. Ho sa at han måtte sende førespurnaden skrifteleg.

Her er kva han skreiv (saksyndig si omsetjing):

«Kan du gje meg talet bebuarar ved Palo Alto Commons som blir vaksinerte kvar månad og talet bebuarar som vart vaksinerte, for deretter å gå bort (eller som ikkje lenger var bebuar) innan fire veker etter at dei fekk sprøyta? Medan du ikkje er forplikta til å dele denne informasjonen med meg, håper eg at du som eit medmenneske innser at slik informasjon kan redde liv.»

Etter at han gjorde det, svarte ho han med følgjande melding:

«På grunn av teieplikta har vi ikkje høve til å kommentere på den eine eller andre måten om den noverande eller tidlegare statusen til bebuarane våre, det vere seg deira helse, Covid-situasjon eller vaksinestatus.»

Ho henviste han deretter til å ta kontakt med Santa Clara County Public Health Department.

Ifølgje Steve Kirsch ligg informasjonen han bad om ikkje innunder teieplikta sidan han ikkje bad om nokon personlege, identifiserbare opplysningar. Som han skriv:

«Det er jammen pussig at når Covid råkar, offentleggjer dei det nøyaktige talet på Covid-døde. Men når vaksinane råkar dei same fasilitetane, blir dødsfalla av vaksinane plutseleg konfidensielle. Ver vennleg å forklare det for meg!»

Han skriv i Substack-artikkelen at han trur at aldersheimen skjuler denne informasjonen akkurat som alle andre sjuke- og aldersheimar gjer. Grunnen til at han trur det er:

  1. Kjelda til informasjonen er ein familiemedlem til ein av dei avdøde.
  2. Folk kjem ikkje med historier som dette om dei ikkje er sanne. Det er ikkje noko du spøkjer med.
  3. Familiemedlemmen nektar no å kommentere.
  4. Ingen av dei som jobbar ved Palo Alto Commons vil snakke. Dei verkar alle å vere svært nervøse når eg stiller spørsmål om dødsfalla, og dei ber meg snakke med dagleg leiar.
  5. Dagleg leiar møter meg med ein vegg av tausheit og bruker orsakingar som ikkje gjeld.

Kirsch er viljug til å betale pengar til dei som bidreg med å få denne historia verifisert. Ein annan måte er dersom ein etterlaten går til sivilt søksmål, underforstått mot aldersheimen eller Santa Clara fylke. Han skriv vidare at han har hyra privatdetektiv (!) for å undersøkje saken.

Han lurer på om det at seks bebuarar har døydd på ei veke kan vere ei overdriving, og at det i røynda er snakk om seks dødsfall på fem veker i staden for berre éi. Dette baserer han på seks rapportar henta frå VAERS-databasesystemet.

At aldersheimen prøver å dekkje over «vaksine»-dødsfalla ved å henvise til teieplikta, er ikkje overraskande frå mi side. Ikkje berre er dette feil bruk av teieplikta (ingen personlege opplysningar blir formidla til Kirsch), men det er òg hyklerisk anvending av verkeområdet til teieplikta, i og med at alders- og sjukeheimane elles velviljug deler informasjon om Covid-sjuke og Covid-døde. Det var òg tilfellet i Noreg i 2020 og 2021, der slik Covid-relatert informasjon var offentleg tilgjengeleg på nettet. Vaksineskadar og vaksinemistenkte dødsfall var det derimot heilt tyst om.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s